Splitt og hersk distraherer folket frå å gjere motstand mot den verkelege fienden

Eliten har som mål å utrydde middelklassen, slik at berre dei sjølve og underklassen blir igjen i den moderne verda anno 2030. Grunnen til at akkurat middelklassen må vekk, er at det er i middelklassen ein finn alle fritenkjarane, som eliten oppfattar som ein djup trugsel mot dei sjølve. Dei sjølvstendig tenkjande har kunnskap, mot og evne til å fjerne makta og lage ei betre verd, der konsept som fred, internasjonalt samarbeid, likskap og fri energi blir hjørnesteinane i ein ny gyllen tidsalder lik den tapte kulturar slik som Atlantis og Lemuria hadde.

Middelklassen er, som namnet antydar, på middelvegen. Underklassen har meir enn nok med å overleve frå dag til dag, frå lønning til lønning, medan overklassen (rikfolka) har det for materielt godt til å finne på å gjere opprør. Kva skal dei gjere opprør mot? Underklassen kan ikkje gjere opprør, overklassen vil ikkje. Men middelklassen både kan og vil, og difor er dei livsfarlege for eliten.

Det er middelklassen som startar verksemder og blir sjølvstendig næringsdrivande, og slik «kjettersk» verksemd må stoppast med alle tilgjengelege midlar. Små- og mellomstore bedrifter vart utrydda i stor skala under plandemien, medan til dømes bønder (som dannar sjølve grunnsteinen i samfunnet og som ofte er relativt sjølvforsynte) blir utsett for stort press frå makta til å selje gardane sine til store matprodusentkonsern. Fiskarar som prøver å kome seg inn på marknaden, møter eit byråkrati av ei anna verd, der til dømes prisane på fiskekvotar er so høge at berre overklassen (rikfolk) har råd til å starte opp. Dette er ein medviten strategi frå eliten, for elles kunne jo kven som helst med evne og vilje ha starta for seg sjølv og blitt sin eigen sjef.

Byråkratiet er éin ting. Samfunnet er noko anna. Den ukontrollerte og årelange masseinnvandringa frå MENA-land trugar med å øydeleggje stabiliteten, ordenen og tryggleiken i vestlege land. Innvandrarar med varierande arbeids- og integreringsevner (og stundom med alvorlege psykiske lidingar) kjem i hopetal og overveldar helse- og sosialtenestene. Resultatet blir eit dårlegare tilbod til alle. Dette er ikkje innvandrarane sin feil, for nokon har gjort det slik at dei rømme frå heimlanda sine. Det militær-industrielle komplekset med røter i USA og NATO har øydelagt og destabilisert ei rekkje land i MENA, til dømes Libya, som tidlegare fungerte som ei portvakt for innvandring frå Afrika til Europa. No står porten på vidt gap, og resultatet ser ein på øyar slik som Lampedusa.

Sjå òg «6000 innvandrarar på 24 timar: Den italienske øya Lampedusa erklærer unntakstilstand», publisert 15.september 2023, «Innbyggjarar i Paris fryktar innvandrarbølgja frå den italienske øya Lampedusa», publisert 14.oktober 2023, og «Nesten 3000 migrantar går i land på Lampedusa i løpet av kaoshelg», publisert 9.april 2024.

Sitat frå sistnemnde artikkel (utheving lagt til):

«På éin båt sa migrantar frå Benin, Kamerun, Elfenbeinskysten og Guinea til italienske media at dei hadde reist frå Zuwara i Libya tidleg sundag morgon, etter å ha betalt smuglarar 5000 libyske dinarar eller 954 euro [11 065 kroner per dagens valuta] for ein plass i båten.»

Libyas leiar Gaddafi åtvara i 2011 Tony Blair at dersom han vart fjerna, ville Libya bli kasta ut i kaos, terrorgrupper ville bli styrka, og det ville bli utløyst nye bølgjer av immigrasjon til Europa. Gaddafi vart myrda kort tid etter. Som Tamara Ruzhenkova skriv for RT 12.mai 2025 (her omsett av  Northern Light for Derimot):

«Disse spådommene gikk i oppfyllelse: Etter borgerkrigen og NATOs intervensjon, falt Libya ned i et anarki, og ble et av de viktigste transittknutepunktene for flyktninger.»

Libya var ein nesten utopisk velferdsstat før Gaddafi vart myrda og landet øydelagt. Som ein artikkel på Derimot publisert 21.august 2024 skriven av «Olav» seier, hadde Libya mellom anna gratis straum (fri (gratis) energi!), 0% rente på lån, og gratis utdanning og medisinsk behandling. 83% av befolkninga kunne lese (mot berre 25% før Gaddafi), og bønder fekk gratis hushaldsapparat, frø og husdyr. Interessant nok var det berre Putin som protesterte då NATO med Jens Stoltenberg, Hillary Clinton og Barrack Obama i spissen, øydela dette afrikanske velferdsparadiset.

Vi veit kva som skjedde, og ikkje minst kven som gjorde det. Men kvifor skjedde det? Kvifor var sjølvstendige og sjølvforsynte Libya slik ein formidabel trugsel mot den supranasjonale djupstaten?

Her trekkjer eg fram omgrepet splitt og hersk. Libya vart mellom anna øydelagt for å mogleggjere ein stor straum av flyktningar nordover for å overvelde og destabilisere Europa. Ikkje berre flyktningar frå Libya, men frå heile Afrika. Og i toleransens og mangfaldets namn skulle alle ta dei imot med opne armar utan å mukke – elles kom der aggressive, om ikkje rabiate skuldingar om rasisme og egoisme. Kombinert med framveksten av totalitære regime som innførde sensur og ytringsforbod, var grunnsteinen lagt for å setje ulike folkegrupper og politiske einingar opp mot kvarandre. Kristne mot muslimar. Kvite mot farga. Venstre mot høgre. Truande mot ateistar. Fritenkjarar mot indoktrinerte (der sistnemnde gruppe får god hjelp av djupstatens hær av betalte nettroll).

Eit splitta folk kan ikkje gjere opprør mot den verkelege fienden: eliten og deira planar om å utrydde mesteparten av menneskeheita og innføre ein (for dei) ny gyllen tidsalder der dei eig alt og vi eig ingenting. 2030 er ikkje so altfor langt unna. Vi har i røynda berre to val – krig og kaos eller fred og orden.

Som vi har sagt so mange gonger, må vi gå saman og skape ein reell motstand der vi gjer masseopprør og ikkje lyder direktiv frå styresmaktene. Masseopprør er nøkkelen. Elles kjem vi til å døy.

Kommenter innlegget