I 1958 kom dr. Max Gerson (1881 – 1959) på scena som ein kontroversiell, men håpefull figur i den medisinske verda. Han utfordra den rådande pessimismen rundt kreftbehandling med boka si A Cancer Therapy: Results of Fifty Cases and the Cure of Advanced Cancer by Diet Therapy («Ein kreftterapi: Resultat frå femti tilfelle og kuren for framskriden kreft via dietterapi»). Dr. Gerson la fram ei radikal tilnærming til kurering av framskriden kreft gjennom ein nøye designa diett og eit avgiftingsregime, kjent som Gerson-terapi. Denne holistiske (heilskaplege) tilnærminga hadde som mål å reinse kroppen, gjenopprette leverfunksjonen og fylle kroppen opp med dei essensielle næringsstoffa den manglar.
På den tida som no blir framskriden kreft (kreft i eit seint stadium) sett på som vanskeleg å behandle, og i verste fall ein dødsdom.
Ifølgje dr. Gerson er kreft ein systemisk sjukdom. Metabolske forstyrringar fører til oppsamling av giftstoff og mangel på næringsstoff. Terapien hans har som mål å adressere desse underliggjande årsakene, og fremje den ibuande evna kroppen har til å lækje seg sjølv. Alt i kroppen heng saman. Ikkje overraskande har dr. Gerson sine idear møtt betydeleg motstand frå det medisinske etablissementet fordi dei er ukonvensjonelle og ikkje oppfyller dei strenge krava til vitskapleg evidens (eller oppfyller Big Pharma sine ønske om profitt, ikkje minst!). Likevel har ideane hans etterlate ein varig påverknad på alternative kreftbehandlingsmetodar.
Belle Carter i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Dr. Gerson, ein tyskfødd lege, la fram ei radikal tilnærming som sa imot konvensjonell kunnskap: han hevda å kunne kurere framskriden kreft gjennom ein nøye designa diett og avgiftingsregime. Metodane hans, som no er kjent som Gerson-terapien, har utløyst både ivrig støtte og skarp kritikk, og etterlate eit varig inntrykk i landskapet rundt alternative kreftbehandlingsmetodar.
Reisa til dr. Gerson byrja på 1920-talet då han fyrst observerte potensialet til diettendringar når det gjaldt behandling av migrene. Dette fekk han til å utforske dei vidare implikasjonane til næring ved ymse sjukdommar, der han til slutt vende fokus mot kreft. På ei tid då det medisinske samfunnet i stor grad hadde overgjeve seg i resignasjon til det faktum at kreft var ein uovervinneleg fiende, var trua dr. Gerson hadde på kroppen si ibuande evne til å lækje seg sjølv revolusjonerande. Han argumenterte at moderne landbrukspraksis og diettvanar hadde introdusert giftstoff og manglar, noko som svekte det naturlege forsvaret til kroppen og skapte eit miljø som oppmuntra til kreftvekst.
Gerson-terapien er ei omfattande, holistisk tilnærming som har som mål å avgifte kroppen, gjenopprette leverfunksjon og forsyne kroppen med dei essensielle næringsstoffa den manglar. Kjernekomponentane er følgjande:
Avgifting: Sentralt i terapien ligg trua på at det å fjerne giftstoff er essensielt for læking. Dr. Gerson var forkjempar for hyppige kaffiklyster, ein praksis som har vekt både nysgjerrigheit og skepsis. Desse klystera var meint å stimulere levera og forsterke fjerninga av giftstoff. I tillegg vart lakserolje-behandlingar brukt til å hjelpe med avgifting.
Diett (kosthald): Kosthaldsaspektet til terapien er kanskje det mest radikale og definerande trekket. Gerson-dietten består primært av ferske, organiske frukter og grønsaker, med ei sterk vekt på rå matvarer. Pasientar blir oppmuntra til å drikke store mengder juice, spesielt gulrot- og eplejuice, so vel som juice frå grøne lauvgrønsaker. Dietten er saltfri og inneheld lite feitt og protein, der animalske protein gradvis blir innført etter fleire veker.
Kosttilskot: Dr. Gerson la vekt på kor viktig kalium og jod er. Han brukte ei kaliumløysing for å fylle opp kaliumnivåa i kroppen, og administrerte jod i form av ei Lugol-løysing og skjoldkjertel-ekstrakt for å støtte skjoldkjertel-funksjonen og forsterke oksideringsprosessen i kroppen.
Leverterapi: Levera speler ei sentral rolle i Gerson-terapien. Dr. Gerson trudde at ei sunn lever var essensielt for avgifting og den generelle helsa. Han brukte leverinjeksjonar og fersk kalvelever-juice for å gje kroppen essensielle næringsstoff og enzym.
Tilnærminga til dr. Gerson hadde sitt grunnlag i ideen om at kreft er ein systemisk sjukdom, ikkje berre ein lokalisert ein. Han var bestemt på at den metabolske prosessane hjå kreftpasientar er forstyrra, noko som fører til ei oppsamling av giftstoff og ein mangel på essensielle næringsstoff. Ved å adressere desse underliggjande årsakene, meinte han at kroppen kunne vinne tilbake evna si til å lækje seg sjølv. Han la òg vekt på ‘totalitetskonseptet’, ideen om at kroppen er eit komplekst system der alt heng saman. Dette tyda at det å behandle kreft kravde ei omfattande tilnærming som adresserte alle aspekta ved funksjonen til kroppen, ikkje berre sjølve svulsten.
Trass den lovande naturen til ideane hans, stod dr. Gerson overfor betydeleg opposisjon frå det medisinske etablissementet. Mangelen på rigid vitskapleg evidens som støtta påstandane hans, og den ukonvensjonelle naturen til metodane hans, gjorde det vanskeleg for han å få aksept. Derimot var han urokkeleg i trua si på at terapien hans kunne tilby håp til pasientar som hadde prøvd alle andre alternativ.
Boka inkluderer detaljerte kasus-studiar av 50 pasientar, der mange vart sett på som terminale [døyande]. Desse historiene er både inspirerande og tankevekkjande, og utfordrar lesarane til å revurdere tankane sine om kreft og behandlinga av det. Medan Gerson-terapien kanskje ikkje er noko panasé [eit legemiddel som kan kurere alle sjukdommar; oms.an.], tilbyr den eit lovande perspektiv på kreftbehandling. Den tener som ein påminnar på at menneskekroppen er eit komplekst, dynamisk system, og at læking ofte krev ei mangesidig tilnærming.»
Boka til dr. Gerson kan bestillast her. Lesaren blir som vanleg oppfordra til å gjere eigne undersøkingar.
