To bøker tek utgangspunkt i eit aspekt ved kreft som på ingen måte er kontroversielt, og som det herskar konsensus om i det vitskaplege miljøet. Kreft byrjar med unormal cellevekst, ofte utløyst av karsinogen (kreftframkallande stoff), mellom anna frå miljø og kosthald. Det er eit allment godteke faktum at alkohol, tobakk og overvekt aukar faren for kreft. Dette skuldast at desse faktorane er med på å kompromittere immunforsvaret. Det å fange opp kreft tidleg er avgjerande for den vidare progresjonen av sjukdommen, og ikkje minst behandlingsmoglegheitene. Til dømes er primære svulstar mindre farlege – altso svulstar som berre er lokalisert til éin stad. Sekundære svulstar tydar at kreften er metastatisk, at den har spreidd seg. Denne tilstanden er langt meir dødeleg og langt meir vanskeleg å behandle.
Alle har kreftceller i kroppen, men eit godt immunforsvar held dei i sjakk og hindrar dei i å danne vondarta svulstar. Å styrke immunforsvaret er nøkkelen både til god helse og til å unngå uhelse. Ein bør unngå karsinogen, innta antikoksidantar og avgifte kroppen. Interessant nok – og dette vil nok den etablerte vitskapen meine er «kontroversielt» – speler evna til å handtere stress òg ei viktig rolle når det gjeld styrking av immunforsvaret. Det herskar konsensus om at sjukdom berre er organisk, og at psyken og tankar ikkje har noko å seie. Men er dette riktig, eller berre ei vedteken «sanning»?
Den fyrste boka er skriven av Patrick Holford, og har tittelen Say No to Cancer: The Drug-free Guide to Preventing and Helping Fight Cancer («Sei nei til kreft: Ein legemiddelfri guide til korleis unngå, og hjelpe til med å kjempe mot kreft»). Ramon Tomey i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Kreft er ein sjukdom som byrjar med den unormale åtferda til celler i kroppen. Som Patrick Holford forklarer i boka si […] at kvar person har kreftceller, men eit friskt immunforsvar hindrar dei typisk i å danne svulstar.
Problemet oppstår når desse cellene veks ukontrollert på grunn av skade frå karsinogen – kjemikaliar som finst i miljøet, matvarer og til og med lufta vi pustar. Desse substansane kan forstyrre dei cellulære sensorane eller skade DNA, noko som fører til ukontrollert celledeling.
Immunforsvaret speler ei kritisk rolle i forsvaret mot kreft. Naturlege drapsceller er i stand til å øydeleggje dei fleste kreftceller. Men faktorar slik som røyking, overdrive alkoholinntak og sjukeleg overvekt kan svekkje immunforsvaret, noko som gjer at kreft trivst.
Holford legg ut om ulike typar kreft – inkludert karsinom, melanom, sarkom, leukemi og lymfom, der kvar type har sitt opphav i ulike vev. Å forstå skiljet mellom primære og sekundære krefttypar er òg særs viktig. Primære svulstar er sjeldan dødelege i seg sjølve, men metastatiske celler – dei som bryt laus og spreier seg – kan danne sekundære svulstar, som er langt farlegare og vanskelegare å behandle.
Konvensjonelle kreftbehandlingsmetodar fokuserer på tidleg oppdaging og fjerning av svulstar. Derimot stiller Holford spørsmål ved effektiviteten til enkelte metodar, slik som mammografi, som eksponerer pasientane overfor stråling og kan føre til unaudsynlege behandlingar for abnormalitetar som ikkje er kreft.
Legemiddel slik som tamoxifen, som ofte blir ordinerte etter fjerning av svulstar, viser på liknande vis berre marginale fordelar, og reduserer dødelegheita med mindre enn ti prosent. Dette reiser bekymring om kor vidt konvensjonelle behandlingsmetodar alltid er den beste tilnærminga.
Boka set søkjelyset på fleire faktorar som fremjar kreftvekst, inkludert hormonell ubalanse. Høge nivå av østrogen, insulin og insulinliknande vekstfaktor – noko som er vanleg hjå overvektige individ – kan oppmuntre kreftceller til å dele seg.
Derimot legg Holford vekt på at eit sterkt immunforsvar likevel kan halde kreft i sjakk, til og med når der er karsinogen til stade. Å styrkje immunforsvaret er difor ein nøkkelstrategi når det gjeld å hindre kreft.
For å redusere kreft, tilrår Holford å minimere eksponering overfor karsinogen slik som tobakksrøyk, industriell forureining og skadelege kjemikaliar i mat. Antioksidantar slik som vitamin A, C og E, so vel som polyfenol og salvestrol, hjelper til med å nøytralisere skadelege antioksidantar.
Næringsstoff slik som sink og selen er essensielle for immunfunksjonen, medan glutation og N-acetyl-cystein hjelper til med å støtte avgifting av levera. Mjølketistel, rik på silymarin, er eit anna tilrådd næringsstoff for leverhelse.
Holford adresserer òg rolla til homycystein, ei aminosyre som er knytt til auka kreftrisiko. B-vitaminar – spesielt folsyre (B9), B6 og B12 – kan hjelpe til med å lågne nivåa av homocystein.
I tillegg er stresshandtering livsviktig sidan kronisk stress svekkjer immunforsvaret. Teknikkar slik som meditasjon, yoga og terapi kan hjelpe til med å halde ved like emosjonell velvære og styrke forsvaret til kroppen.
Kosthald speler ei sentral rolle i tilnærminga til Holford. Ein plantebasert diett rik på frukt, grønsaker og fullkorn gjev essensielle antioksidantar og fytoøstrogen, som motverkar skadelege miljø-østrogenstoff.
Mjølkeprodukt kan derimot utgjere ein risiko på grunn av hormona og vekstfaktorane som dei inneheld – spesielt for dei med hormonrelaterte krefttypar. Holford tilrår å avgrense inntaket av mjølkeprodukt som eit føre-var-tiltak.
Say No to Cancer legg vekt på kor viktig næringssynergi er. Akkurat som antioksidantar fungerer betre saman, er ein balansert diett kombinert med kosttilskot av høg kvalitet, meir effektiv enn næringsstoff for seg sjølv.»
Den andre boka er skriven av William L. Fischer og har tittelen How to Fight Cancer and Win («Korleis kjempe mot kreft og vinne»). Her blir fyrst og fremst immunterapi, naturmedisin og visualiseringsterapi trekt fram som alternative behandlingsmetodar. Kevin Hughes i Natural News skriv (igjen Saksyndig si omsetjing):
«Kreft er ikkje éin enkel sjukdom, men ei samling av beslekta sjukdommar karakterisert av den ukontrollerte formeiringa av abnormale celler. Desse cellene dannar vondarta svulstar som kan invadere og forstyrre funksjonen til vitale organ, og kan potensielt føre til døden om dei ikkje blir behandla. Ulikt godarta svulstar, som er lukka og ikkje spreier seg, er vondarta svulstar av ein invaderande natur og kan spreie seg i kroppen.
I USA er kreft ei leiande dødsårsak, der ein av fire dødsfall kjem av sjukdommen. Derimot har overlevingsraten forbetra seg betydeleg dei seinare år, frå mindre enn 20% på 1930-talet til over 50% i dag. For barn er utsiktene endå meir lovande – minst 60% er venta å overleve i fem år eller meir.
I hjartet av kreftutviklinga ligg onkogen, genar med potensialet til å forårsake kreftsvulstar. Desse genane, som er til stade i kvar celle i kroppen vår, kan bli aktivert av ymse faktorar, inkludert mutageniske agentar som kan forårsake genmutasjonar.
Forskarar jobbar ivrig i veg med å identifisere desse utløysarane, og har som mål å utvikle metodar til å deaktivere desse genane og hindre at kreft oppstår. Prosessen mitose, er celler deler seg og gjenskaper seg sjølv, er særs viktig i denne konteksten. Forstyrringar i denne prosessen kan føre til danninga av abnormale celler, noko som understrekar kor viktig det er å halde ved like cellehelsa.
Å hindre kreft er like viktig som å behandle det, og livsstilsendringar kan spele ei betydeleg rolle i å redusere risikoen. National Cancer Institute (NCI) legg vekt på at mange kreftformer kan unngåast ved å føre ein sunn livsstil. […]
Medan det å unngå kreft er viktig, tilbyr framsteg innan kreftbehandling òg nytt håp. Tradisjonelle metodar slik som kirurgi, strålebehandling og cellegift er framleis essensielle, men immunterapi har vakse fram som eit lovande alternativ. Ved å stimulere kroppens immunforsvar, finn forskarar måtar å hjelpe kroppen med å kjempe ned kreftceller.
Interleukin-2, eit protein som styrkjer immunforsvarets evne til å kjempe mot kreft, er eit slikt gjennombrot, noko som demonstrerer potensialet av å ta i bruk det naturlege forsvaret til kroppen. I tillegg til konvensjonelle behandlingstypar, får naturlege remediar stadig meir merksemd på grunn av evna deira til å kjempe mot kreft.
Terapi med kveitegras [Triticum aestivum], som har høgt innhald av klorofyll, skal visstnok avgifte kroppen og forbetre blodsirkulasjon. Den japanske maitake-soppen (Grifola frondosa) blir studert for evna det har til å hindre kreft, medan antioksidantrik grøn te har vist seg lovande i å kjempe mot kreft.
Essensielle feittsyrer, som ein finn i linfrøolje, er viktig for å halde ved like friske cellemembranar, i tillegg til å støtte immunforsvaret. Forskinga til dr. Johanna Budwig antydar at ein kombinasjon av linfrøolje og cottage cheese kan hjelpe til med å gjenopprette den naturlege balansen i kroppen og kjempe mot kreft.
Sinnet speler òg ei betydeleg rolle i kampen mot kreft. Visualiseringsterapi, der pasientar førestiller seg at immunforsvaret går til åtak på kreftceller, har vist oppsiktsvekkjande resultat. Denne teknikken, som har blitt løfta fram av dr. O Carl Simonton og dr. Leslie H. Salov, demonstrerer det utrulege potensialet sinnet har til å påverke lækingsprosessane i kroppen.»
Kampen mot kreft har mange faktorar som saman speler kvarandre gode – eller dårlege. Sjukdom sit like mykje i kroppen som i sinnet, og det er ikkje ukontroversielt å hevde at dei som gjev opp, er dei som har minst sjanse for å overleve. Å behandle kreft – og andre sjukdommar – krev ei heilskapleg tilnærming, og då må ein tenkje utanfor den særs vesle boksen som er moderne skulemedisin.
Lesaren blir som vanleg oppfordra til å gjere sine eigne undersøkingar.
