Vitamin C kan potensielt endre spelet i kreftbehandling

Innan kreftbehandling er det i praksis to partar som taper, men ikkje samstundes. Pasienten taper når behandlinga ikkje fungerer og døden kjem, medan Big Pharma taper om pasienten blir 100% frisk og ikkje får kreft igjen. Big Pharma er ikkje so opptekne av om folk overlever kreftsjukdom eller ikkje, for dei er det aller viktigast at kunden genererer so mykje inntekter som mogleg. Når døden uunngåeleg kjem som følgje av konvensjonell, lite effektiv behandling, treng Big Pharma berre vente på neste kreftdiagnose, for i vårt samfunn skjer dette heile tida.

Av dei alternative terapiformene Saksyndig har presentert i sin uoffisielle «kreftserie», er nok denne mest kontroversiell fordi den er sopass enkel: vitamin C. Kosttilskotet som ein finn på Rema 1000, og som finst meir eller mindre i dei fleste frukter og grønsaker. Det er ei behandling som er so enkel at den nesten er for god til å vere sann. Men kan verkeleg vitamin C kurere kreft? Det påstår mellom anna eit verk frå 2018.

Belle Carter i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

Boka Vitamin C: Indispensable Nutrient in Our Health and Its Therapeutic Potential in Cancer [«Vitamin C: Uunnverleg næringsstoff i helsa vår og det terapeutiske potensialet det har mot kreft»] av M. Waheed Roomi, Aleksandra Niedzwiecki og Matthias Rath dukkar ned i den mangesidige rolla til vitamin C i menneskehelsa, og det framveksande potensialet det har som ein terapeutisk agent i kreftbehandling.

Dette verket kjem i ei tid der det medisinske samfunnet i aukande grad leitar etter innovative og mindre giftige tilnærmingar til kreftterapi. Forfattarane, som alle er respekterte forskarar innan felta næringsstoffvitskap og medisin, presenterer overtydande evidens for at vitamin C, som lenge har vore kjent for si rolle i å hindre skjørbuk, kan vere ein avgjerande spelar i kampen mot kreft.

Vitamin C, eller askorbinsyre, er eit vassløyseleg vitamin med den kjemiske formelen C6H8O6. det er eit essensielt næringsstoff, noko som tydar at menneske, saman med marsvin og enkelte primatar, ikkje kan danne det sjølv og må få det via kosthald. Dette vitaminet finst i rikelege mengder i frukter og grønsaker, spesielt sitrusfrukter, jordbær, paprika og brokkoli. Oppdaginga av det er eit vitnesbyrd om vitskapleg uthald; det vart fyrst identifisert som ‘anti-skjørbuksfaktoren’ i sitrusfrukter, og strukturen vart avgjort i 1928 av den ungarske vitskapsmannen Albert Szent-Györgyi, som fekk Nobelprisen for arbeidet sitt.

På cellenivået er vitamin C involvert i mange biokjemiske reaksjonar, inkludert kollagensyntese og nevrooverføringsfunksjonar. Det er ein kraftig antioksidant som beskyttar celler frå skadar forårsaka av frie radikalar, som er ustabile molekyl som bidreg til oksidativt stress, ein prosess knytt til aldring og ymse sjukdommar, inkludert kreft.

Det terapeutiske potensialet til vitamin C i kreftbehandling er eit tema som vekkjer stadig meir interesse og forsking. Ideen vart fyrst føreslegen i 1952 av dr. William McCormick, og sidan den tida har mange studiar utforska korleis høge dosar av vitamin C kan gå til selektivt, målretta åtak på kreftceller medan friske celler forblir uskadde.

Kreftceller har ein unik metabolisme; dei bruker store mengder glukose og omdannar det til mjølkesyre, til og med når der er oksygen til stade. Vitamin C, fordi det er strukturelt likt glukose, blir lett absorbert av kreftceller. So fort det er inni den, genererer det hydrogenperoksid, som kreftceller slit med å nøytralisere fordi dei manglar enzymet katalase. Dette fører til oksidativt stress og, til slutt, at kreftcella døyr.

Den kliniske bruken av vitamin C i kreftbehandling er lovande. Studiar har vist at høge dosar av intravenøst vitamin C kan føre til tilbakegang av svulstar og forbetra overlevingsratar hjå kreftpasientar. Til dømes fann ein studie utført av Cameron og kollegaer i Skottland ut at pasientar i terminalfasen av kreft som fekk høge dosar med vitamin C, overlevde betydeleg lenger enn dei som ikkje fekk det.

Dr. Roomi, ein av forfattarane, legg vekt på kor viktig måten ein får vitaminet er. ‘Å innta vitamin C gjennom munnen, til og med høge dosar, aukar ikkje plasmakonsentrasjonar til nivå som er effektive mot kreft,’ slår han fast. ‘Intravenøs administrasjon, derimot, kan oppnå dei naudsynlege plasmakonsentrasjonane slik at ein oppnår anti-krefteffekt.’

Medan vitamin C generelt er trygt, må ein ha visse ting i mente. Høge dosar kan forårsake mindre biverknader slik som diaré og kvalme, men desse forsvinn vanlegvis når dosen blir redusert. I tillegg kan vitamin C forsterke opptak av jarn, so pasientar med tilstandar slik som hemokromatose burde vere varsame.

Rolla til vitamin C i helse og sjukdom, spesielt i kreftbehandling, er eit fascinerande og lovande forskingsområde. Evidensen antydar at vitamin C, spesielt når det blir administrert intravenøst i høge dosar, kan vere eit kraftig verktøy i kampen mot kreft.»

Lesaren blir her som vanleg oppfordra til å gjere eigne undersøkingar. Saksyndig vil samstundes åtvare mot å prøve å gjere dette på seg sjølv heime. Å tilføre kroppen vitamin C intravenøst krev riktig utstyr og ikkje minst riktig teknikk. Dei fleste sjukepleiarar og legar kan setje medisinar intravenøst. Alternativterapi blir som regel møtt med skepsis i helsevesenet, og helsepersonell som tek del i slike prosjekt «på eige initiativ», kan risikere represaliar frå Statens autorisasjonskontor. Her gjeld det fyrst og fremst å finne likesinna.

Kommenter innlegget