Krigen mot kreft: President Nixon lovde i 1971 ein kur innan 1976

President Nixon lanserte «kreftkrigen» i 1971, og lovde ein kur mot kreft innan 1976. Ein kan i ettertid trygt slå fast at dette ikkje var vellykka. I dag er kreftdiagnosar og kreftrelaterte dødsfall i USA framleis høge; 40% av amerikanarar vil få ein kreftdiagnose i løpet av livet. Den amerikanske kreftindustrien har ikkje som mål å kurere pasientane sine, for ein kurert pasient er ein tapt kunde. Det ein kan kalle det kreftindustrielle komplekset er fyrst og fremst ute etter å generere profitt, og dette har ført til ei opphaussing av konvensjonelle behandlingsmetodar slik som cellegift og strålebehandling, og ei undertrykking av alternative terapiformer som er langt meir effektive. Ei bok om kreftindustrien eksponerer desse systemiske feila.

Kevin Hughes i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«I 1971 erklærte president Richard Nixon modig ein ‘krig mot kreft’, og svor å finne ein kur innan 1976. Denne ambisiøse erklæringa vart møtt med utbreidd håp og optimisme, og den føderale regjeringa og private organisasjonar, inkludert American Cancer Society [den amerikanske kreftforeininga], investerte kollektivt milliardar av dollar i kreftforsking. Derimot, då menneskeheita nærmar seg det 21.hundreåret, er den unnvikande kuren framleis utanfor rekkjevidd, og statistikken dønn ærleg.

I 1996 åleine vart rundt 1,4 millionar amerikanarar diagnostiserte med kreft, ikkje inkludert dei 800 000 tilfella av overflatisk hudkreft. Det same året døydde estimerte 554 740 amerikanarar av sjukdommen. Den aldersjusterte dødsraten har stige frå 143 per 100 000 i 1930 til 172 i 1992. Urovekkjande nok vil 40% av alle amerikanarar stå overfor ein livstrugande kreftdiagnose på eitt eller anna punkt i livet. Desse tala er ikkje berre statistikk; dei representerer liva til individ, familiar og lokalsamfunn som slit med den øydeleggjande effekten av kreft.

Spørsmålet som alle stiller seg er: kvifor, etter fleire tiår med forsking og milliardar av dollar i midlar, taper vi krigen mot kreft? Ralph W. Moss si banebrytande bok The Cancer Industry [«Kreftindustrien», utgjeven 1991] tilbyr ei overtydande forklaring. Moss argumenterer at sjølve strukturen til kreftindustrien er grunnleggjande feil, med eit snevert fokus på konvensjonelle behandlingsmetodar slik som cellegift, strålebehandling og kirurgi, medan alternative tilnærmingar ofte blir avviste, undertrykte eller til og med forfølgde.

Som ein tidlegare vitskapsskribent ved Memorial Sloan-Kettering Cancer Center på 1970-talet, fekk Moss sparken for å opponere mot senteret si overdekking av positive data om legemiddelet laetril. Denne hendinga, som han legg ut i detalj om i boka si, legg vekt på spenninga mellom den etablerte kreftindustrien og dei som utfordrar ortodoksien til den.

(Sjå òg «Vitamin B17: Ei ernæringsbasert tilnærming som kan forhindre og kurere kreft», publisert 4.mai 2025.)

Boka er ikkje berre ein kritikk, men eit krav om systemendring. Moss slår fast at kreftindustrien har grodd fast i eit system som prioriterer profitt og prestisje over pasientvelferd og vitskapleg nyskaping. Til dømes har FDA aldri godkjent nokon ikkje-giftige agentar som kreftbehandlingsmetodar, og Det nasjonale kreftinstituttet (NCI) har aldri utført ein reieleg studie om alternative terapiformer. Dette har ført til forfølging av alternativlegar, slik som dr. Stanislaw Burzynski, som vart stemna for å tilby sine antineoplastonar til kreftpasientar.

Men der har skjedd ei betydeleg endring i folkeopinionen sidan rundt 1992. Den føderale regjeringa har byrja å revurdere ståstaden sin, og mediainteresse i alternativmedisin har auka. Sjølv Den amerikanske kreftforeininga har slutta å distribuere sitt berykta rundskriv om ‘uprova metodar’.

Denne endringa er ein respons på den veksande mengda evidens og den ustoppelege fremjinga til personar som Moss. Rapporten frå Office of Technology Assessment (OTA) [«Kontor for teknologivurdering»] frå 1985 markerte eit vendepunkt. Det var ein respons på bønene til veljarar som hadde kjære som hadde søkt behandling ved alternative klinikkar. OTA si etterforsking opna ei ny dør til håp for tusenvis av terminale kreftpasientar.

OTA-rapporten førde til danninga av Office of Alternative Medicine (OAM) underlagt National Institute of Health (NIH) i 1991. Denne utviklinga var betydeleg sidan den gjekk utanom NCI si vegsperring og signaliserte ein ny æra av samarbeid. Det fyrste møtet til OAM i 1992 var ei sensasjonell hending, og ønskte velkomen alle alternativmedisin-interesserte til å presentere sine synspunkt.

Derimot var vegen til endring full av utfordringar. OAM stod overfor motstand innåt i NIH og den vedvarande påverknadskrafta frå det ‘medisinsk-industrielle komplekset’. Moss argumenterer at dette komplekset, drive av monopolpraksis og undertrykking av innovasjon, utgjer ei av dei største hindringane til reieleg testing og aksept av alternativmedisin.

Kritikken til Moss går vidare til FDA, som han ser meir på som ein barriere mot mindre aktørar enn ein genuin beskyttar av folketryggleik. Han rettar søkjelyset mot dei økonomiske kreftene som formar retninga til kreftterapi, der den farmasøytiske industrien prioriterer profitt over utviklinga av naturlege, ikkje-giftige behandlingsformer.

Moss rettar òg skyts mot Den amerikanske kreftforeininga, og skuldar den for å vere meir interessert i å fremje konvensjonelle behandlingsmetodar enn i å utforske alternative tilnærmingar. Til sjuande og sist er The Cancer Industry ein kraftfull dom over noverande status, og eit kamprop for endring.»

Krigen mot kreft er i stor grad bygt på falske premissar, og dess fleire som byrjar å stille spørsmål ved intensjonen bak konvensjonell kreftbehandling og etterlyse alternative tilnærmingsmetodar, dess større sannsyn er det for at ein kur vil nå folk flest. Igjen er det viktig å påpeike at der i vegen mot å gje informert samtykke ikkje berre ligg byråkratiske hinder – folk må gjere eigne undersøkingar for å kunne ta informerte val om si eiga helse. Dette gjeld alle sjukdommar, inkludert kreft.

Kommenter innlegget