Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Ein etterlyst sjef», publisert 26.mai 2025, og «Langkøyring med Karls blå ballar», publisert 8.mai 2025.
I ein tysk småby i delstaten Schleswig-Holstein går ein viss fotogen fyr tur langs ei endelaus sandstrand. Sola skin frå ein skyfri himmel, og havet strekkjer seg endelaust i veg. Måsane skrik over eit fiskekadaver, og i det fjerne er eit skip synleg på horisonten. Brått ringjer ein mobiltelefon i rumpetaska som han har på seg.
«Hallaisen,» svarer han.
«God morgon, Karl,» svarer ei mild, dempa damestemme. «Kor er du?»
«Hehe, det fortel eg ikkje til nokon, sjølv ikkje til deg,» seier han.
«Eg vil informere deg at Mektige Erika er mellombels uskadeleggjort.»
«Hmm, berre mellombels? Det beste ville ha vore å ta livet av den fitta ein gong for alle.»
«Då ville vi ikkje lenger ha hatt eit trumfkort mot djupstaten. No har vi ballane deira i ei skrustikke.» Ein mild, dempa latter høyrest.
«Huff, slike ballemetaforar gjev meg ei dårleg magekjensle. Anten det, eller so forsynte eg meg litt for mykje av det lokale ølet i går.» Han held seg til hovudet.
«Ja, du har vel god tid til å drikke no når du har ferie.»
«Ferie? Det er vel å propagandere litt. Eg er arbeidslaus.»
«Det kan vi fort ordne. Ta toget til København i morgon, og fly derifrå til Bergen. Eg ordnar billettar.»
«Fly? Har de fått midlar igjen no?»
«Vi har… gjort visse innsparingar, ja. Er du interessert i fleire oppdrag hjå oss?»
«Naturlegvis. Ein kar må jo leve. Men korleis veit du at eg er innan togavstand frå København?»
«Åh, eg har mine kjelder. Du er i den tyske byen Eckernförde, ikkje so langt frå grensebyen Flensburg.»
«Det stemmer på ein prikk, Inger-Lise.»
«Ikkje kall meg det. Vi kan bli avlytta.»
«Hehe, av kven? Djupstaten? Dei er ikkje dei skarpaste knivane i skuffa. Eg greidde bokstavleg tala å snike meg ut av Oslo i ein privatbil. Ut av sjølvaste løvehola.»
«Det finst aktørar som er farlegare og smartare. Vel…» Lyden av fingrar som kjærteiknar eit tastatur. «Toget til København går i morgon klokka sju. Og flyet går… ut på ettermiddagen ein gong. Vi kjem tilbake til tidspunkt i morgon.»
«Greitt, eg kjem.»
*
Ti over seks om kvelden landar flyet på Bergen lufthavn Flesland. Vår mann går av flyet og inn i terminalen, som aular av liv. Utanfor flyplassen står ein svart bil og ventar på Karl. Sjåføren nikkar til han med eit vagt smil. Karl set seg i baksetet, og dei køyrer av garde. I det dei køyrer langs hovudvegen, ringjer Karl til Inger-Lise.
«Fuglen har landa,» seier han.
«Utmerka,» svarer den milde, dempa damestemma. «Hugo vil køyre deg til Hjellestad. Han veit adressa. Du skal til Stig, Ove, Nils og Truls.»
«Fabelaktig. Det byrjar å bli ei stund sidan sist.»
«Dei vil fortelje deg kva du skal gjere. Ring meg når oppdraget er over.»
«Den er grei.»
Det overdådige herskapshuset openberrar seg mellom trea i den tette skogen. Bilen stoppar på den gruslagde plassen utanfor, som er stor nok til at ein leddbuss kan snu der. Ut av døra kjem to av dei fire fotogene fyrane, Nils og Truls. Karl går ut av bilen, som straks køyrer sin veg. Dei tre mannfolka helser på kvarandre.
«Kom inn i våre audmjuke gemakkar,» seier Nils med sitt nifse smil.
«Audmjukt er ei kraftig underdriving,» seier Karl i det han går inn i det svære huset.
Inne på kjøkkenet har Stig og Ove akkurat laga seg cocktails frå det svimlande utvalet av drikke i barskapet. Ein av dei tilbyr Karl ein slik fargerik drink, som han takkar heilhjarta ja til.
«Kor er dokkene?» spør Karl.
«I kjellaren,» seier Stig og finn fram mobilen sin. Han viser Karl dei to damene, Tara-Louise og Erika, som sit der fullstendig lamma og ser kvarandre i auga.
«Erika kler å vere hjelpelaus,» seier Karl, før han får det same nifse smilet som dei fire fotogene fyrane. «Kanskje denne tilstande burde bli permanent for ho, akkurat som med Tara-Louise.»
«Kanskje…» svarer Ove. Han og dei tre andre flirer. «Det spørst om sjefen til Erika vil ha ho tilbake. Det går rykte om at den nye sjefen, Elin, gjer ein mykje betre jobb.»
«Har de ringt Håkonsvern med Å og kome med krava dykkar?» spør Karl.
«Åh, det hastar ikkje,» svarer Ove.
«Dei, det hastar på ingen måte,» seier Stig. «Vi har all tida i verda.»
«Ja, vi lèt dei sveitte litt til på høgste hald,» seier Nils.
«Veldig bra. Djupstaten har godt av å skjelve litt i buksene.» Karl tek ein slurk av drinken. «Faen, kor godt. Eg har sakna drinkane dine, Stig.»
Akkurat då ringjer nokon på døra. Dei nifse smila forsvinn frå dei fotogene ansikta.
«Ventar de besøk?» spør Karl, lettare forundra.
«Nei,» svarer Stig i det han og dei tre andre fyrane trekkjer fram pistolar.
Sakte nærmar dei fire seg døra. Stig nikkar til resten av karane, som skjuler pistolane sine bak ryggen. So opnar han døra.
Der står, til deira store uro, to barske politibetjentar. Ein politibil står på den gruslagde plassen.
«Kan vi hjelpe dykk?» spør Stig med den verdige roa til ein adelsmann.
«Vi har fått eit anonymt tips,» byrjar den eine betjenten.
Karl står der med pistolen bak ryggen, klar til å skyte om naudsynt.
«Tips om kva?» spør Stig med eit imponerande pokerfjes.
«Prostitusjonsverksemd,» svarer betjenten.
«Hmm, det er ukjent for oss,» svarer Stig. Ove, Nils og Truls trekkjer himmelfalne på skuldrene. «Kven har kome med det tipset?»
«Det kan vi ikkje seie,» svarer politikollegaen. «Er det greitt om vi tek ein titt rundt om i huset?»
«Hehe, den var god,» seier Stig. «Politiet kan ikkje berre kome og ta seg til rette på privat eigedom.»
«Faktisk kan politiet nettopp det,» seier den fyrste betjenten. Kollegaen ser noko stikke ut bak ryggen på Nils. «Kva har du bak ryggen din?»
«Kven, eg?» spør Nils truskuldig. «Ingenting.»
Dei to politibetjentane vekslar blikk seg i mellom. Dei sjølve har ingen skytevåpen.
«Vi kjem tilbake med litt fleire folk,» seier den andre politibetjenten stille.
Dei to tøffe typane går ut i politibilen, som køyrer av garde i ein fæla fart. Tilbake står fem fotogene fyrar med djupe fòrer av bekymring i pannene.
«Faen, dette såg eg ikkje kome,» seier Stig. «Nokon har tipsa politiet. Det er berre eit spørsmål om tid før halve Vest politidistrikt kjem hit. Vi må stikke i ein helvetes fart. Og ta med oss ‘dokkene’ òg.»
«Kor skal vi flykte til?» spør Karl.
«Ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu,» svarer Stig medan han finn fram bilnøkkelen. «Tenkjestraumen!»
«Kor er det?» spør Karl i det han følgjer dei fire mannfolka ut i garasjen.
«Ein stad politiet har absolutt ingen jurisdiksjon,» svarer Ove.
Dei nifse smila dukkar opp igjen i dei fotogene ansikta.
