Eit paradigmeskifte i behandling og førebygging av kreft

Kreftindustrien har fyrst og fremst som mål å generere profitt. Om pasientane lever eller døyr, er av sekundær tyding. Dei som har fått kreftdiagnose bør vende alle steinar i sine forsøk på å bli friske og overleve, og dei bør stille kritiske spørsmål om kva slags behandlingsmetodar som finst der ute – sjølv om fastlegen kanskje kvir seg litt for å svare på dei. Stikkordet her er tilnærmingar som forsterkar den naturlege evna kroppen har til å stanse ukontrollert cellevekst. Operasjon, cellegift og strålebehandling forårsakar betydeleg skade, og effekten er i beste fall diskutabel. Talet dødsfall av kreft har knapt endra seg dei siste tiåra, medan ein samstundes har sett ein dramatisk nedgang av dødsfall av andre sjukdommar, slik som til dømes hjartesjukdom.

Ei bok frå 2010 har intervjua fleire legar som har greidd å kurere kreft hjå sine pasientar. Dei sit òg med kunnskapar om korleis ein kan unngå å få kreft i fyrste omgang. Forfattaren av boka er den amerikanske skodespelerinna, modellen og forretningskvinna Suzanne Somers (1946 – 2023), her i Noreg best kjent frå TV-serien Steg for steg, som fyrst gjekk på NRK på 1990-talet.

Belle Carter i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Knockout: Interviews with Doctors Who Are Curing Cancer And How to Prevent Getting It in the First Place [«Knockout: Intervju med legar som kurerer kreft og korleis unngå å få det i fyrste omgang»] av Suzanne Somers er ei revolusjonær oppfordring til å tenkje om igjen rundt tilnærminga vår til behandling og førebygging av kreft. Det tradisjonelle paradigmet til kreftbehandling, som har dominert i over eit hundreår, blir i aukande grad stilt spørsmål ved når det gjeld effektiviteten og etiske implikasjonar.

Historia byrjar med det rådande paradigmet til kreftbehandling, etablert av dr. William Halsted på slutten av 1800-talet. Hans radikale mastektomiar [kirurgisk fjerning av bryst; oms.an.] la grunnlaget for dei aggressive behandlingsmetodane som har blitt norma: kirurgi, cellegift og strålebehandling. Derimot, som Somers nøye dokumenterer, er der lite evidens som støttar framhaldet av desse prosedyrane. Tanken om at kreftceller må skjerast vekk eller øydeleggjast har blitt akseptert utan spørsmål altfor lenge, trass den massive samla skaden desse behandlingsmetodane påfører kroppen.

Somers argumenterer at den noverande tilnærminga til kreft er det same som å mobilisere ein heil hær og invadere ein by for å fjerne kriminalitet. Medan intensjonen er å uskadeleggjere ‘dei vonde fyrane’, er tilleggsskaden ofte katastrofal. Cellegift, strålebehandling og omfattande kirurgi kan øydeleggje kroppen, og forårsakar ofte meir skade enn godt. Statistikken gjev grunn til ettertanke: i løpet av dei siste hundre åra, har dødsraten av kreft knapt nok flytta på seg. Faktisk kjem den til å bli den vanlegaste dødsårsaka, ifølgje The New York Times.

Boka introduserer lesarar til eit nytt paradigme som får fotfeste blant framovertenkjande legar og forskarar. I staden for å prøve å utrydde kreftceller, burde fokuset liggje på å stoppe dei frå å dele seg. Menneskekroppen er i stand til å gjere dette naturleg, og boka handlar om fleire legar som har utvikla nyskapande metodar for å forsterke denne evna.

Ein av dei mest interessante figurane i boka er dr. Stanislaw Burzynski, som har gjort ei banebrytande oppdaging. Han identifiserte små peptid produserte av levera som kontrollerer celledeling. I fråvær av desse peptida, utviklar kreft seg. Dr. Burzynski har funne ut korleis ein syntetiserer desse peptida, som han kallar antineoplaston. Desse peptida oppfører seg som antibiotika for kreftceller, stoppar celledelinga hjå dei og får kreften til å døy.

Men dr. Burzynski er ikkje åleine. Boka introduserer lesarar til andre legar med unike måtar å behandle kreft, og suksessen deira kan ikkje nektast for. Desse legane forsterkar kroppens ibuande evne til å kontrollere kreftcelledeling, og tilbyr eit glimt av håp til dei som har blitt fortalt at tilstanden deira ikkje kan kurerast.

For alle som står overfor ein kreftdiagnose kjem boka med uvurderlege tips og ressursar som myndiggjer dei, slik at dei kan ta dei best moglege avgjerdene. Den tilbyr vitskapleg baserte råd om korleis ein reduserer risikoen for å få kreft eller få tilbakevending av kreft, dette gjennom kosthald. Medan der ikkje finst éi behandling som passar alle, oppmuntrar boka lesarar til å utforske alle val, inkludert alternativterapiformer.

Somers legg vekt på kor viktig det er å stille dei rette spørsmåla når det gjeld behandlingsalternativ. Er terapiforma betydeleg skadeleg? Forsterkar det den ibuande lækjeevna til kroppen? Og er det passande å hente second opionions frå andre spesialistar, inkludert dei som bruker ukonvensjonelle terapiformer? Desse spørsmåla er livsviktige når det gjeld å ta informerte val om behandlinga.

Boka dukkar òg ned i nederlaga til konvensjonell medisin. Ifølgje The Times, har talet døde av kreft, når ein justerer for storleiken og alderen på befolkninga, berre gått ned med 5% frå 1950 til 2005. Til samanlikning har dødsfall av hjartesjukdom gått ned med 64%, og for influensa og lungebetennelse gjekk dei ned med 58%. Det er tydeleg, slik The Times slår fast: ‘vi vinn ikkje krigen mot kreft’.»

Innan moderne medisin er det opplese og vedteke at ein kreftdiagnose i mange tilfelle tydar slutten. Det er sant at enkelte kreftformer har høg dødelegheit og er vanskeleg å behandle, slik som til dømes bukspyttkjertelkreft. Lesaren blir her oppfordra til å gjere eigne undersøkingar, slik at informerte avgjerder blir mogleg å ta. Det høyrer med til historia at Suzanne Somers kjempa mot brystkreft i mange år, og ho døydde til slutt av sjukdommen i 2023, ein dag før sin 77-årsdag. Som ho skreiv 13 år tidlegare i nemnde bok:

«Kreft kan kurerast. Det handlar ikkje berre om å overleve i nokre månader til; det handlar om å leve godt og leve eit rikt liv.»

Kommenter innlegget