Politiet «følgjer med» på feil aktørar, truleg etter instruksar frå høgste hald

Sjå òg «Partiet FOR og kontroversen tilknytt T-baneplakatane», publisert 21.mai 2025.

Foreningen Lov og helse skal visstnok bestå av ei gruppe personar som er på vår side i denne krigen mot menneskeheita. I samband med hærverket på plakatar som partiet FOR fekk hengt opp på T-banevognene i Oslo, stod nokre personar fram i full offentlegheit og sa med stoltheit i bringa at dei hadde rive ned plakatane. Dei viste med handlingane sine at ytringsfridom ikkje gjeld for visse røyster.

No har Terje Hansen, på vegner av Lov og helse, teke kontakt med både Oslo politidistrikt og Politiets sikkerhetstjeneste (PST). I den fyrste artikkelen skriv han om kontaktforsøket med nemnde politidistrikt.

Artikkelen kjem med kritikk av den noko underlege prioriteringa til politiet. I samband med nedrivinga av den lovlege politiske reklamen i Oslo, sa politiet til NRK at dei ikkje kom til å opprette sak på eige initiativ, sidan det dreia seg om det politiadvokat Marie Hasle-Sørensen kalla «et mindre skadeverk».

Den same manglande viljen til å etterforske viste dei på ingen måte under koronatida, der dei ved minst eitt dokumentert tilfelle starta etterforsking i samband med at det 15.mars 2021 hadde blitt halden ein fest med åtte personar på Scandic Havet i Bodø. På den tida var det forbode å vere meir enn fem personar til stade på eit arrangement.

Det høyrer med til historia at straffesaka om den «ulovlege» festen vart henlagt. Det var for politiet «direkte motstrid mellom nasjonale og lokale regler for regulering av arrangementer». På den tida hadde Bodø ei lokal forskrift der det kunne gjennomførast arrangement med inntil ti personar på innandørs arrangement.

Sjølv om saka vart henlagt, viser det at politiet ser ut til å ha ein eigen agenda når det gjeld kva slags «lovbrot» dei vel å etterforske. Ingen hadde anmeldt festen i Bodø, men dei etterforska likevel. Per 30.mai 2025 hadde ingen heller anmeldt det openbert politisk motiverte hærverket på plakatar i Oslo, sjølv om gjerningsmennene hadde stått fram og nøye dokumentert sine «heroiske» handlingar.

31.mai 2025 melder derimot Steigan at FOR og partileiar Marielle Leraand har anmeldt Halvor Harsem, Erik Schreiner Evans og Henning Mork «for handlinger som innebærer skadeverk på plakater tilhørende partiet Fred og rettferdighet (FOR) på T-banen i Oslo».

Følgjande opplysningar kjem Leraand med i si anmelding av dei straffbare forholda:

«De anmeldte har, ifølge deres egne offentlige uttalelser og dokumenterte handlinger, bevisst og systematisk fjernet plakater tilhørende FOR fra T-banevogner i Oslo. Handlingene har funnet sted mellom 18. og 20. mai 2025, og omfatter følgende kjente hendelser:

Halvor Harsem fjernet plakater på T-banen søndag 18. eller mandag 19. mai 2025. Han er dokumentert i en Instagram-reel der han går gjennom T-banevogner, tar ned FOR-plakater og kaster dem i en søppelcontainer. Harsem har også omtalt fjerningen som «dugnadsånd».

Erik Schreiner Evans fjernet plakater på T-banen søndag 18. eller mandag 19. mai 2025 og har vært åpen om dette i sosiale og andre medier, inkludert i Debatten på NRK 20. mai.

Henning Mork fjernet plakater på T-banen tirsdag 20. mai 2025 mellom Stortinget og Majorstuen, og deretter rev han dem i stykker og kastet dem i søppelkverna på Majorstuen stasjon.

Disse handlingene har vært utført med den hensikt å hindre FORs mulighet til å nå ut til allmennheten med sitt budskap.»

For og Leraand vurderer handlingane til dei tre mennene som eit direkte åtak på ytringsfridommen og demokratiske prosessar. Ho konkluderer at «[d]ette må sees som en trussel mot demkratiet selv, da det hindrer en aktørs mulighet til å nå ut til velgere og borgere på en lovlig måte». Reint konkret har dei tre utført handlingar som blir råka av §351 i Straffelova (skadeverk på andre sin eigedom). I prinsippet kan handlingane vurderast som eit brot på prinsippet om ytringsfridom.

Alle tre mennene har offentleg vedgått dei straffebare handlingane.

Det spørst om Oslo politidistrikt gidd å etterforske denne saka. Det spørst kva slags instruksar dei får frå høgste hald. Desse ordrane vil nok kome frå dei same aktørane som påla politiet i Bodø å etterforske om åtte vaksne menneske på eit hotellrom var brot på Smittevernlova.

Oslo politidistrikt har ikkje svart Lov og helse om kva som er grunnlaget for vurderingane dei gjer. Politidirektoratet, som Lov og helse òg har vore i kontakt med, speler ballen vidare til Oslo politidistrikt. Med andre ord ser det ut til at «ingen» vil svare.

Ein annan aktør som Lov og helse har vore i kontakt med, er PST. I eit brev frå foreininga blir PST gjort merksam på den særs alvorlege hendinga som plakatnedrivinga faktisk er. PST «følgde med» på dei som under plandemien ikkje ville ta dei skadelege mRNA-injeksjonane. Lov og helse lurer på om dei òg «følgjer med» på MDG, sidan personar i deira rekkjer har utført åtak mot demokratiet og ytringsfridommen. Per 30.mai hadde ikkje PST svart.

I kommentarfeltet i begge artiklane blir det antyda kva som er politiet si eigentlege rolle i samfunnet. A/S Politiet si rolle er å «sørve» A/S Noreg. Det er difor dei heller bruker ressursar på å bøteleggje folk som køyrer 67 km/t i 60-sona enn å etterforske faktiske brotsverk. Verken Politiet eller PST er noko anna enn verktøy som det «Freeedom» kallar Kjeltringstaten bruker for å undertrykkje folket. So når politiet under verste koronatida bruker masse ressursar på å etterforske og stundom bøteleggje dei som bryt ulovleg innførde lover og forskrifter, men vel å ikkje følgje opp hærverksaker med kjende gjerningsmenn, fortel det alt om kva side dei eigentleg er på.

Politiet «følgjer med» på feil aktørar høgst sannsynleg fordi dei får instruksar om det frå høgste hald.

One comment

Kommenter innlegget