Generasjon Z treng universitetskurs for å meistre dagleglivets aktivitetar

Ungdommar som skal ta dei fyrste, usikre, skjelvande stega ut i vaksenlivet treng meir rettleiing enn nokosinne. 19-åringar i dag kan ikkje akkurat samanliknast med 19-åringar for berre ein generasjon sidan. Det ser ein spesielt i Canada, der Universitetet i Waterloo no har lansert eit kurs som heiter Adulting 101 («grunnleggjande vaksenliv»). Der får dei råd om korleis ein skiftar dekk på ein bil, vaskar kle og handlar inn mat til heimen. Med andre ord heilt essensielle ting (sjølv om dei fleste nok vaskar kle og handlar mat oftare enn dei skiftar dekk på bilen).

Ein lurer på om ein skal le eller grine. Dallas Ludlum på nettstaden RiftTV skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Det er vanskeleg å tru, men tydelegvis treng enkelte studentar eit universitetskurs for å lære korleis ein skiftar hjul eller å unngå at kvite skjorter blir rosa i vaskemaskina. Universitetet i Waterloo i Canada har lansert ‘Adulting 101’, eit nettprogram som lærer studentar grunnleggjande ferdigheiter som bestemora di truleg meistra som 10-åring.

Ideen om at ein toppskule må halde handa til Generasjon Z medan dei handlar matvarer og held seg til budsjettet sitt, er ærleg tala nokso audmjukande – og forskarane bak det prøver å framstille det som eit edelt oppdrag.

For å vere ærleg er det nok til å få ein til å lure på kva som har gått gale med denne generasjonen.»

Han skriv vidare at kurset, som fyrst starta opp i 2023, er eit gratis nettkurs som dekkjer stoff som det å lage eit enkelt måltid, handtere pengar, gjere husarbeid og – ja – skifte eit dekk. Kurset er meint for studentar som tydelegvis ikkje kan takle desse oppgåvene utan eit pensum. Ifølgje Christine Charbonneau, som er leiar for dette kurset, er målet å hjelpe studentar til å utvikle seg som unge menneske, ikkje berre som nokon som lærer ting.

Det ser ut til at det i våre dagar krevst eit universitetskurs for å lære folk det som dei aller fleste finn ut av ved hjelp av prøving og feiling. Som Charbonneau sa til Daily Mail:

«Mange elevar melder at dei føler seg engstelege eller stressa medan dei prøver å finne ut av livet sitt etter vidaregåande, og tilgang til ressursar slik som ‘Adulting 101’ hjelper til med å normalisere opplevingane deira.»

Kurset oppsummerer noko heilt grunnleggjande som dei aller fleste oppdagar når dei må klare seg sjølv:

«Du har truleg allereie byrja å leggje merke til at ting ikkje blir gjort med mindre du gjer dei.»

Som artikkelforfattaren skriv:

«Det er som om dei snakkar til småungar, ikkje universitetsstudentar som burde vere klare til gje seg ut i verda, ikkje få panikk over eit punktert dekk.»

Det finst eit ørlite snev av vitskapleg belegg for dette kurset:

«Ekspertane har enkelte teoriar om kvifor dette eingong er naudsynleg. Ein kommentar frå 2023 i Journal of Pediatrics, som Charbonneau viste til, argumenterte at ‘auken i mentalhelseproblem blant unge menneske er knytt til færre høve for barn og tenåringar til å sosialisere utan at vaksne er til stade’.

Omsetjing: barn lærer ikkje å vere sjølvstendige fordi dei blir sydd puter under armane på.»

Burde ikkje nokon ha lært desse ungdommane essensielle ferdigheiter på eit tidlegare tidspunkt? Det at eit universitet må bruke tid og ressursar på å lære ungdommar å koke spagetti eller betale ei rekning, gjev meg assosiasjonar til sokalla butrening som vi bruker når psykisk utviklingshemma skal lære seg å bu i bufellesskap. Å vere vaksen handlar ikkje berre om å meistre dagleglivets aktivitetar, det handlar om å vere førebudd på kva enn som kan skje i vaksenlivet. Og det er ofte langt verre ting enn eit punktert dekk.

For ungdommar som er usikre på korleis ting skal gjerast, finst det nettressursar slik som Wikihow. Der står det enkle instruksar om korleis ein gjer dei fleste «vaksenoppgåver», til dømes:  

Skifte eit bildekk (her). Vaske kle (her). Koke spagetti (her).

Som artikkelforfattaren skriv avslutningsvis:

«Ingen har sagt at livet er enkelt, men eit universitetskurs for å lære deg korleis ein handlar matvarer? Det er den typen ting som får deg til å riste på hovudet og lure på korleis vi hamna her. Waterloo prøver å hjelpe, men Adulting 101 kjennest meir ut som ein trist kommentar om ein generasjon enn ei løysing.»

Situasjonen i Noreg er enno ikkje på Canada-nivå. Her er det vel snarare overvurdering av eigne ferdigheiter som er problemet. Å ta seg vatn over hovudet har nærast blitt ein folkesport. I Noreg blir 18-åringar valt til ordførar – og dei må truleg ha hjelp frå rådmannen til å koke spagetti eller vaske kle.

Kommenter innlegget