Dersom ein går inn på domenet til Hemali, oppdagar ein fort noko urovekkjande: Sida er ikkje lenger oppe og går. Det kan sjå ut som redaksjonen rett og slett har gjeve opp. Hemali har ikkje vore heilt det same etter at Julia slutta som redaktør i fjor sommar. Grunnen til at ho slutta er offisielt at lesarane fortente ei meir solid plattform enn det ho såg at Hemali kunne bli. Den eigentlege grunnen kan ha vore all hetsen, mobbinga og uthenginga frå nettroll på Facebook.
Sjå òg «Problemet med nettroll: Kor går grensa mellom ytringsfridom og mobbing?», publisert 23.mars 2024.
Ei tid etter at Julia gav seg og gjekk over til Helsemagasinet Vitenskap og fornuft, sendte ein mann ved namn Anders Stuksnes ut ein felles-e-post til lesarane av Hemali. Han skreiv at han hadde blitt «utnemnt» til konstituert redaktør «etter at Julia Schreiner Benito dessverre valgte å gå andre veier tidligere i år».
Han vedgjekk at han ikkje var ein skrivande redaktør, og det viste diverre på nettstaden. Ein kan telje på éi hand dei artiklane som vart publisert mellom hausten 2024 og juni 2025. Ein podcastserie ved namn «Tarmkroken» vart òg starta opp. Bortsett frå det, var det særs lite aktivitet på ein nettstad som publiserte fleire sjølvskrivne artiklar i månaden. Som eg sjølv ein smule sarkastisk kommenterte den gongen:
«Dersom nokon skriveføre ønskjer å stå der nakne og eksponerte i stormen og bli mobba på det grovaste på Facebook av vår innanlandske nettroll-fabrikk, er det berre å melde seg […].»
Vi veit alle kven dei nettrolla er, og kven som betaler dei for å oppføre seg som arrogante rævhol. Skam på dykk alle.
Sjå òg «Saksyndig tek ein titt på Facebook-gruppa ‘Ting Som Norske Antivaksere Sier’», publisert 27.februar 2024.
For no ser det ut til at nettrolla har vunne og Hemali har tapt. Sida finst ikkje lenger, og alle dei gode artiklane har òg forsvunne i den digitale hengjemyra.
For all del, eg sel ikkje skinnet før bjørnen er skoten. Det kan liggje ei fullstendig logisk og ikkje-vondarta forklaring bak. Vi såg det same skje med Hubben.net, ein portal som genererte linkar til alternative nettstader. Over natta forsvann nettsida, og var vekke i lang tid. No ser den ut til å ha dukka opp igjen. Vil det same skje med Hemali?
Saksyndig set pris på tips frå lesarane om kva som kan ha skjedd med Hemali.

Siden er nedlagt. Hun som drev den ga seg.
Knut Lindtner
LikarLikar
Takk for informasjonen.
LikarLikar
«Ga seg». Det er ei historie bak, og berre Julia sjølv kjenner den. Som Saksyndig antydar, finst der indisium på at hets står bak avgjerda om å gje seg. Nettroll har ein ondskap av ei anna verd.
LikarLikt av 1 person