For tida skriv nettavisa Rabulisten om ei stygg valdtektssak i Bergen utført av ein 25 år gammal afghansk mann som nettstaden identifiserer som Sayed Omar Sadozai. Han kom til Noreg i 2015 som einsleg mindreårig asylsøkjar, og fekk innvilga norsk statsborgarskap i 2023. Han takka Noreg ved å året etter valdta ei tobarnsmor på ein utestad i Bergen. Saka har vekt skandale og sett sinna i kok, mellom anna fordi lokalinnbyggjarane i dåverande Lindås kommune (no del av Alver kommune) uroa seg for at nettopp slike ting kunne skje når eit asylmottak vart oppretta i nærmiljøet.
Rabulisten skriv innleiingsvis:
«En afghansk mann som kom til Norge som ‘enslig mindreårig asylsøker’ under migrasjonskrisen i 2015 er dømt for en brutal overfallsvoldtekt i Bergen, men går fortsatt fritt etter bare to dager i varetekt. Saken reiser dype spørsmål om politikernes ansvar, politiets prioriteringer og pressens vilje til å informere offentligheten fullt ut.»
Politiet sine prioriteringar er eit kapittel for seg, dei følgjer instruksar frå høgste hald. Pressa er kjent for å vere forsiktige med å avsløre etnisitet og landbakgrunn på gjerningspersonar involverte i alvorlege straffesaker – med mindre vedkomande er ein kvit nordmann. Vi såg døme på dette i saka om dei tre utlendingane som valdtok ei jente på eit jorde i Nordfjord – dei vart av NRK kalla «nordfjordingar» fordi distriktsredaktøren meinte at etnisitet var irrelevant, og at alle som har norsk statsborgarskap er å rekne som nordmenn. I denne overfallsvaldtekta i Bergen viser media same identifiseringsvegring:
«Overgrepet vakte sterke reaksjoner i lokalmiljøet, men Sadozais bakgrunn som asylsøker er ikke nevnt i dekningen hos medier som NRK, VG, BT og BA. Dette til tross for at saken har betydelig offentlig interesse.
NRK og VG opplyste til Rabulisten at de har gjort ‘vanlige presseetiske vurderinger’, og at det ikke ble lagt vekt på etnisk bakgrunn i dommen. Distriktsredaktør Dyveke Buanes i NRK viser til at de har fulgt samme linje som øvrige medier. Olav Sundvor i BA svarer ikke på sakens innhold, men kommer med personangrep mot Rabulistens redaktør.»
At redaktøren i BA oppfører seg slik, overraskar meg på ingen måte. Dei to avisene som regjerer i Bergen kan i beste fall kallast «aviser» med hermeteikn. Det er knapt noko som liknar på journalistikk, og slik har det vore i alle år. Men det er ikkje kvaliteten på lokalaviser som er temaet i denne artikkelen, men kvaliteten på lokalpolitikarane. Dei høyrde ikkje på bekymringar frå lokalbefolkninga, men dura i veg etter ordre frå høgste hald.
Lindås var ein av tre kommunar (saman med Radøy og Meland kommunar) som i 2020 vart slegne saman til giganten Alver. Eg sjølv har hatt ei rekkje tvilsame opplevingar då eg har søkt på helsefagarbeidarstillingar i den kommunale helsesektoren der, og fleire eg kjenner som jobbar eller har jobba i kommunen bekreftar inntrykket mitt: leiinga i kommunen er ikkje kompetente, og alt vart verre etter kommunesamanslåinga.
Sjå òg «Vestlandskommune pøser ut millionar i sluttavtale på kommunedirektør etter krenkingssak på ungdomsskule», publisert 30.august 2023.
Saka til afghanaren kan seiast å ha byrja tilbake i 2015, i dåverande Lindås kommune:
«Rabulisten har i ettertid fått informasjon om at Sadozai var blant de mange afghanske mindreårige som ble sendt til asylmottak rundt om i landet etter folkemøtet i Lindås, utenfor Bergen i 2015. Den gang rapporterte Målmannen at innbyggerne uttrykte sterk bekymring for tryggheten i lokalsamfunnet. Lensmannen i Lindås, Kjell-Idar Vangberg, sa at politiet ‘ikkje spekulerer i kva som kan henda’, da foreldre spurte om de burde advare døtrene sine mot å gå ute alene på kveldstid. Da en far spurte hva slags råd politiet kunne gi, svarte Vangberg: ‘Ein må heller sjå kva ein kan gjera ut or dei ressursane ein alt hev tilgang til.’»
Og vidare:
«Under møtet i Lindås ble det også trukket frem en konkret sak fra Alta, hvor to 16 år gamle afghanske asylsøkere hadde forsøkt å forgripe seg på en 12 år gammel jente. Publikum stilte direkte spørsmål om hvorvidt det kunne være disse to som var flyttet til Lindås. Svaret fra lensmannen var at han ‘ikkje spekulerer i ting som enno ikkje hadde skjedd’, og han presiserte videre at ‘politiet ikkje berre var til for oss som bur i Noreg, det er like mykje til for alle som kjem til Noreg’. Dette svaret ble møtt med forbløffelse blant de fremmøtte, som etterlyste konkrete trygghetstiltak.»
Det er vel sjeldan at ein lensmann er sopass ærleg om kva som er politiet si eigentlege rolle i det norske samfunnet. Det er tydelegvis ikkje å beskytte oss mot alvorleg kriminalitet.
Sjå òg «Politiet ‘følgjer med’ på feil aktørar, truleg etter instruksar frå høgste hald», publisert 2.juni 2025.
Rabulisten skriv vidare at dåverande ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) og UDI-representant Sissel Mehammer la vekt på at det var Noregs «moralske plikt» til å ta imot asylsøkjarar, og at dei fleste måtte lære kva som var ok og ikkje ok når det gjaldt kvinner. Dåverande Åsane-prost Øystein Skauge forsikra dei frammøtte at alle som kom var «moderate muslimar», og viste ei blanding av overmot og arroganse då han kravde applaus for det nyoppretta mottaket. Berre eit mindretal applauderte.
Tonen var at ein ikkje kunne snakke om innvandrarkriminalitet før det faktisk hadde skjedd. Men faktum var at mange stilte spørsmål ved kvifor nesten alle dei «mindreårige» asylsøkjarane var unge menn. Kor var alle jentene? UDI meinte at det var vanskelegare for jenter å flykte enn gutar, og at systemet difor tok imot stort sett unge menn. Som Rabulisten konkluderer:
«Den gangen ble kritikerne møtt med moralisering og applaus-initiativer fra kirken og øvrighet. I dag vet vi at en av de som ble ønsket velkommen i 2015, i 2023 sikret seg norsk statsborgerskap, og i 2024 voldtok en norsk tobarnsmor på et offentlig toalett i Bergen.»
Dama har etter valdtekta slite med alvorlege psykiske plagar. Mannen vart 6.mai i år dømt til fem års ubetinga fengsel, men har anka saka og går difor rundt som ein fri mann etter berre to dagar i varetekt.
Rabulisten har gjort eit ærleg forsøk på å konfrontere og/eller ansvarleggjere dei som i praksis har skuld for at overfallsvaldtekta skjedde: Lensmann Kjell-Idar Vangberg (Ap), tidlegare ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF), prost Øystein Skauge og UDI-representant Sissel Mehammer. Ingen av dei har svart på spørsmåla til nettavisa, og prosten har blankt avvist å svare. Dei vil ikkje vedkjenne seg at dei i 2015 la til rette for at valdtekta kunne skje. No er livet til ei tobarnsmor øydelagt, og den skuldige kjem høgst sannsynleg til å sleppe unna – eller, verre, bli feira i eit fakkeltog i Nygårdsparken.
Ei kjelde av Saksyndig som jobbar i asylmottak ønskjer å presisere at slike saker absolutt høyrer til unntaka. Dei fleste bebuarar i asylmottak er lovlydige og av ein moralsk akseptabel natur. Saka handlar fyrst og fremst om at nokon greidde å «snike seg under radaren» til UDI og integrere seg nok til at statsborgarskap var eit faktum. Enkelte har mørke hjarte og mørke sinn, men greier å skjule det godt i møte med både asylmottaksarbeidarar og UDI.
Saka er derimot ein del av eit større mønster i Vesten: at innvandrarar frå enkelte land ser ut til å vere overrepresentert i kriminalitetsstatistikken. Den politiske leiinga i Lindås ville ikkje vedkjenne seg det tilbake i 2015, og vil nok i ettertid bastant hevde at dei sjølve handla i god tru, og at skeptikarane var rasistar som skar alle asylsøkjarar over éin kam. Nordmenn er faretrugande naive når det gjeld slike faremoment, og gløymer at eit tillitssamfunn slik som landet vårt historisk har vore, er eit sjeldan unntak i ei verd av vondskap, liding og urett. Noreg har blitt verdas sosialkontor, og dydsposerande mangfaldsentusiastar ser ein annan veg når grov kriminalitet finn stad, og vender seg heller mot sine eigne landsmenn med skuldingar om rasisme og intoleranse.
Mange «tolerante» vil hevde at det er vår moralske plikt å ta imot innvandrarar og alle ulempene dette fører med seg. Ein skulle nesten tru det var norske kvinners moralske plikt å late seg valdta av mentalt umodne og indoktrinerte menn som ikkje greier å styre lystene sine. I møte med eit framandt land, eit framandt språk og ein framand kultur treng nok visse personar ein «tøm og røm»-strategi i ny og ne. Høgrehanda ser ikkje ut til å vere nok når ein er omringa dagen lang av smilande, blonde «horer».
