Lovlause tider og misbruk av §185

I eit lesarinnlegg publisert i nettavisa Uten Filter 8.juni 2025, peiker Amund Garfors på den store elefanten i rommet: politisk islam og alle dei negative konsekvensane som politikarane og hovudstraumsmedia ikkje vågar å snakke om. Som han skriv innleiingsvis:

«Ikke en dag går uten at vi hører om knivstikking, drap, voldtekter, tyverier, svindel, gjengkriminalitet, betalte mordoppdrag og all slags ondskap vi tidligere var skjermet fra. Dessverre er dette noe mange landssvikere applauderte og ønsket mer av inn i kongeriket. Jeg vil påstå at Ap, Høyre, KrF, Venstre og resten av de godt betalte koryfeene [hovudpersonane; Saksyndigs kommentar] og marxistene – som er plantet i samtlige partier – må ta en stor del av skylden.»

Det er fyrst og fremst politiske føringar som har opna grensene for masseinnvandring frå MENA-land. Grunnen til at alle kjem til Europa, er at det vestlege krigsindustrielle komplekset har øydelagt landa deira med brutal og nådelaus krigføring. Årsakene kan av enkelte oppfattast som kontroversielle, for det høyrest ut som elitane i Vesten legg til rette for befolkningsutskifting. Resultatet, derimot, både ser, høyrer og føler vi kvar einaste dag.

Vi føler oss ikkje lenger trygge i vårt eige land:

«Våre lite ærefulle politikere, som Jonas Gahr Støre og Erna Solberg, tier om den stygge, importerte gjengkriminaliteten, bandittene, knivangrepene og det som nesten ligner krig i gatene våre. De vet utmerket godt at dette i stor grad drives av ikke-vestlig innvandring, særlig fra muslimske land. Men hva gjør Erna? Hun begynner å fortelle eventyr om at Kong Olav V også var en innvandrer. Så dum er hun!»

Strengt teke var Olav V og foreldra hans innvandrarar, men frå Danmark. Eit slikt argument kan derimot ikkje brukast for å rettferdiggjere den noverande masseinnvandringa av menneske frå kulturar som i prinsippet er usameinlege med norske og vestlege verdiar. Erna og andre vestlege karrierepolitikarar følgjer instruksar frå høgste hald. Vestlege land skal gjerast utrygge og ustabile, og den kvitne, kristne befolkninga skal i beste fall hamne i eit mindretal – i verste fall utryddast. Fødselsraten hjå norske kvinner ligg på rundt 1,4, langt under minimumsgrensa for å oppretthalde folketalet – medan det «importerte problemet» føder langt fleire.

Sjå òg «Masseinnvandring VALDTEK Vesten – folket står underdanige på sidelinja og ser på», publisert 5.juni 2025.

Det seiast at kvinnesynet blant muslimske menn mildt sagt er motstridande med det vestlege synet. Deira eigne kvinner går tilslørte med hijab eller niqab, i motsetnad til våre eigne, som gjerne går langt meir lettkledde, iallfall høgste sommar. Ser enkelte muslimske menn på alle vestlege kvinner og jenter som horer som fortener å valdtakast og fornedrast? Å svare bekreftande på eit slikt spørsmål kan i våre dagar setje ein i fare for politimelding og forenkla førelegg.

Sjå òg «To ferske dommar illustrerer problemet med §185 i Straffelova», publisert 3.april 2025.

Ei kvinne sa i april følgjande:

«Det er bare dere muslimer som kaller jenter for horer og lærer barna det, det gjør ikke kristne.»

Politiet gav ifølgje Rabulisten ho eit førelegg på 9000 kroner. Saka kan ende i retten, for kvinna nekta å godta førelegget. Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk kalla reaksjonen til politiet for «skandaløs» og eit åtak på ytringsfridommen. Linda Noor frå Minotenk karakteriserte ytringa som rasistisk.

Document-journalist og klimaekspert Kent Andersen har i det høvet «utfordra» politiet til å òg bøteleggje han for brot på §185. I ei X-melding gjentek han ordrett det kvinna vart bøtelagt for å seie, og i ei anna melding gjentek han ytringa, med eit tillegg:

«Det er bare dere muslimer som kaller jenter for horer og lærer barna det, det gjør ikke kristne.
Da er det sagt. Igjen.
Prøv å bøtelegge meg @politietoslo? I dare you? For det skal vel være likhet for loven? @DocumentNo
»

Han gjentek det like greitt ein tredje gong [link manglar i Rabulisten-artikkelen, men er gjengjeve hjå dei]:

«Kom igjen politiet: Gi meg bot for å ytre meg! Gi ALLE bot som ytrer denne setningen så kan vi ENDELIG få has på sensurloven. §185 en enveislov for å omgjøre en stupid overtro til en rase & etnisitet. De overtroiske kan fritt kalle andre horer, rasister, islamofobe, eller nazier.»

Rabulisten tolkar dette som at Andersen bevisst prøver å bli bøtelagt, for deretter å nekte å vedta førelegget, og «[p]å den måten vil han trolig få saken prøvd for retten, og sette søkelys på det han påpeker er en politisk skjev og urettferdig bruk av loven mot hatefulle ytringer.»

Sjå òg «Politiet ‘følgjer med’ på feil aktørar, truleg etter instruksar frå høgste hald», publisert 2.juni 2025.

Stoda i det tidlegare demokratiet Noreg er den at nordmenn blir offer for stadig grovare og valdelegare kriminalitet, medan politiet heller bruker tida og ressursane sine for å straffe lovlege ytringar som nokon oppfattar som straffbare. Dei er ikkje på vår side lenger, om dei då nokosinne har vore det. Det einaste feltet der politiet har 100% oppklaringsrate, ser ut til å vere trafikkontrollar. Kvite nordmenn blir bøtelagde for å køyre 67 km/t i 60-sona, medan utanlandske valdtektsmenn og tjuvar går fri.

Når Garfors stiller spørsmålet om Noreg går mot lovlause tider og manglande tryggleik, kan ein svare delvis ja. Det ser ut til å bli lovlause tider og utryggleik, men berre for nordmenn. Den nye «adelen» er betre beskytta enn vi sjølve nokosinne har vore.

Kommenter innlegget