Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Ein etterlyst sjef», publisert 26.mai 2025.
Frigjorde, relativt mektige Elin sit på sitt store, solbada kontor på Håkonsvern med Å. Hennar eigedom Morfin-Mona står på evig utstilling i hjørnet mellom to digre bokhyller desperat stappfulle av forboden kunnskap. Dei enorme, struttande jura er håplaust fanga på randa av ein eksplosjon som aldri får kome. Elin kastar ho eit mørkt, lystig blikk medan det bleike, skamsminka ansiktet er trekt i eit endelaust halvsmil.
Denne nye utgåva av Erika strekkjer sakte på seg so dei store puppane eser herleg. Ho er kledd i ein svart, tettsitjande kjole som openberrar kløfta og halve ryggen. Skjørtet går knapt nok halvvegs over dei frodige låra, og dersom ho spreier beina, kan alle sjå at ho går utan truse. Rundt halsen glitrar no tre sølvsmykke av ulik lengd, med høvesvis ein «E», ein pyramide og eit hjarte som anheng. Det vidaste smykket med hjartet er identisk med smykket til det bleike, kvilelause, fanga spøkjelset Merete, som kviler i hjørnet bak ho.
Perlene glitrar i øyra på dei begge. Sollyset formeleg flørtar med gløden deira. Merete følgjer med kvar ei rørsle Elin gjer, med intense, stirande auge som aldri blinkar. Dette arm- og beinlause gjenferdet har no blitt flytta over i ei ny, litt større celle. Framleis er ho festa til eit individ som aldri er ute i Guds frie natur. Slike som dei har etter eige ønske forlate Gud og alt godt. No ventar vonløyse og gudløyse på dei, og slutten kan bli mørkare og meir langdryg enn dei kan førestille seg.
Nokon varslar Elin på Teams. Jepp, den mektige organisasjonen som står bak det topphemmelege prosjektet på den amerikanskeigde militærbasen utanfor Loddefjord bruker faktisk Teams. Men deira amerikanske IT-ekspert Howard forsikrar dei om at «ingen» kan bryte seg inn i systemet og lese all den utruleg sensitive informasjonen som ligg lagra der på tallause dokument. Det skulle ha teke seg ut!
Elin får lenkje til eit Teams-møte, som ho straks trykkjer på. Ei dame med brunt, skulderlangt «korketrekkjarhår» og eit lyseblått munnbind dukkar opp på skjermen. Denne dama er kledd i ein nøttebrun kjole som openberrar skuldrene og kløfta på dei mellomstore brysta. Eit tettsitjande gullsmykke utan anheng følgjer perfekt konturane på den lange, tynne halsen. Gulløyreringar glitrar i øyra. Elin vrir herleg underdanig på seg der ho sit i sin særs komfortable kontorstol.
«God morgon, sjef…!» seier ho med ei lettare oppgira stemme.
«God morgon, Elin,» seier brunetta med si milde, dempa stemme. Namnet nede i hjørnet er Inger-Lise. «Eg vil ha ein statusrapport frå Håkonsvern med Å.»
«Det skal du få…!» seier Elin og strekkjer lett på seg der ho sit i sin nesten-ekstase. «Kan eg spørje kvifor du går med munnbind? Har vi reist tilbake i tid til covid-æraen?»
«Hehe, her borte i Virginia er dei litt hysteriske på grunn av ein ny covid-variant,» svarer ho. «Eg følgjer berre instruksar frå høgste hald.»
«Ja, men du sit jo på ditt eige kontor…! Åleine…!»
«Som sagt, eg følgjer berre instruksar frå høgste hald.» Dei nøttebrune auga hennar vender seg tankefullt til sida ein augneblink. So ser ho rett inn på den nattsvarte, forderva sjela til den tidlegare kontorslaven. «Men nok om meg. Korleis går det? Har dei som kidnappa Erika teke kontakt med dykk?»
«Vi har ikkje høyrt noko…!» Elin raudnar lett der ho sit. «Øh, burde eg òg ta på meg munnbind? Eg vil jo gjerne følgje instruksar frå høgste hald…!»
«Gløym munnbindet.» Stemma hennar blir ein tanke mindre mild og dempa. «Har de iverksett tiltak for å løyse Erika-situasjonen? Ja eller nei!»
«Vi har fått rapport frå ein av våre agentar som indikerer at—» Blikket hennar vender seg kort mot Morfin-Mona og dei store, tindrande auga (og ikkje minst dei enorme daiane!). So ser ho synleg intimidert inn i det intense blikket til Inger-Lise. «E-erika har forsvunne sporlaust, saman med kidnapparane sine…!»
Inger-Lise ser på ho ei stund. Elin kjenner raudfargen og den flaue varmen breie seg over ansiktet og nedover den sølvglitrande halsen. So seier Inger-Lise, atter ein gong med si karakteristiske milde, dempa stemme:
«Forklar meg kva som har skjedd.»
«Vel…!» Elin vrir lett på seg der ho sit «mektig» i stolen. «Erika vart teken til fange av fire brør som er del av den skjulte, eldgamle adelen i Bergen. Stig, Ove, Nils og Truls…! Dei hadde ei veslesyster ved namn Tara Louise, som forsvann rundt 2017, og foreldre som miste livet under mystiske omstende året etter…! Likevel fann det aldri stad ei etterforsking, og i 2019 vart dei fire brørne einearvingar til den enorme formuen…!»
«Ja, vi kjenner alle den historia.» Inger-Lise er oppsiktsvekkjande roleg der ho sit, akkurat som ein erfaren lærar som er tolmodig med ein tungnem elev. «Hald fram.»
«Etter instruks frå meg sendte ein av våre agentar eit falskt tips til politiet om menneskehandel i brørne sitt herskapshus på Hjellestad…! Diverre sendte Vest politidistrikt berre to betjentar der, og dei bar ikkje våpen…! Dermed måtte dei hente forsterkingar, og medan dei fekk assistanse, greidde brørne å stikke av…! Dei køyrde nordover mot tidlegare Lindås kommune…! Tilbake i 2021 greidde ein av våre andre agentar å hacke seg inn på SIM-kortet til den eine broren, so vi følgde deira ferd nordover…! Men…!»
Dei store, herleg struttande puppane eser i det ho trekkjer pusten. Inger-Lise bøyer seg litt nærare skjermen med hovudet lett på skakke:
«Kva skjedde?»
«Dei forsvann eit stykke utanfor Seim…!»
«Forsvann?»
«Dei berre forsvann…! Ein agent i nærleiken fekk i oppdrag å fysisk følgje dei, men då han kom til koordinatane der dei forsvann, so…!» Stemma hennar brest, ho er småskjelven der ho sit.
«Hald fram, Elin.»
«Han trekte seg frå oppdraget…!»
Inger-Lise sine auge er fullstendig uttrykkslause. Ho lener seg roleg tilbake på kontorstolen. Munnbindet pulserer lett.
«Kven er han?» spør ho til slutt.
Elin seier namnet. Inger-Lise skriv det ned.
«Vi skal ta ein prat med han,» seier ho. «Takk for tida di, Elin.»
«Takk for di tid…!»
Ein liten pause. So verkar det som om Inger-Lise smiler bak munnbindet. Ho vrir lett på seg der ho sit. Ho seier:
«Forresten…! Som ny leiar har du enno mykje å lære…! Eit tips om menneskehandel utløyser altfor svak respons frå politiet…! Ein terrortrugsel ville ha mobilisert svartemarjer og helikopter herifrå til Oslo…! Hadde politiet rykt mannssterke ut, ville brørne ha blitt arrestert og Erika frigjort…! I staden slapp dei unna og tok Erika med seg…! Som straff for denne gleppen, har du ut juni månad onaniforbod…!»
Skjermen blir svart. Elin sit der med eit særs oppskjørta og frustrert uttrykk i ansiktet. Ho vender seg mot Morfin-Mona. Sjølv om dama er maskert og ikkje lenger har munn, verkar det akkurat som ho smiler der ho står. Det kan verke som om det sjølv i helvete stundom regnar. Ein sjeldan oase av triumf i ein ørken av fangenskap og pine.
*
Nokre timar seinare blir ein e-post sendt til Inger-Lise via Outlook. Jepp, denne mektige organisasjonen som har greiner i mesteparten av verda bruker faktisk Outlook. Men slapp av, folkens! IT-eksperten Howard forsikrar dei om at «ingen» greier å bryte seg inn i datasystemet og lese all den topphemmelege informasjonen. I e-posten, som er sendt frå ein agent stasjonert i området som utgjer Alver kommune, står det å lese:
Denne informasjonen er berre for Inger-Lise sine auge.
Koordinatane viser til eit aude område utanfor bygda Seim i Nordhordland. Vår agent kjenner området og nekta å fullføre oppdraget. Han har under press sagt kvifor. Vi deler denne informasjonen med deg, og melder samstundes om at agenten er permanent friteken frå framtidige oppdrag, som er standardprotokollen når ein agent feigar ut.
Staden har namnet Tenkjestraumen. Lokalbefolkninga har frykta staden i uminnelege tider. Det går føre seg vondskap som vår verd ikkje kan forklare, langt mindre forstå. Dei som bur der er særs farlege, farlegare enn vi. All ferd til Tenkjestraumen skjer på eige ansvar, og vi kjem ikkje til å sende nokon av våre agentar dit.
Avventar eventuelle disiplinærstraffer.
Inger-Lise les e-posten. Munnbindet pulserer lett. Ho skriv tilbake:
Ingen disiplinærstraffer kjem til å kome frå mi side.
Ho reiser seg frå stolen og spaserer gjennom det digre kontoret. Dei nøttebrune auga ser på den tette trafikken i storbyen. So kjem det eit sukk.
«Erika er tapt for alltid,» seier ho med si milde, dempa stemme.
Skuggane i hjørna gjev ho stillheit som svar.
