Prevensjonspiller, eller p-piller, er ei mykje brukt løysing av kvinner som ikkje ønskjer å bli gravide etter ubeskytta sex. Dette førde i si tid til ein seksuell revolusjon, sidan kvinner dermed òg kunne kontrollere om det vart barn av eit samleie eller ikkje. P-piller er eit alternativ til dømes for kvinner som er allergiske mot lateks, som finst i kondom. Som alle legemiddel har derimot p-piller biverknader, der ein av dei mest alvorlege er auka risiko for blodpropp. Dette er ein ukontroversiell og kjent biverknad. Difor får til dømes kvinner som skal opererast – og som dermed blir sengeliggjande ein periode – instruksar om å slutte med p-piller to veker før operasjonen.
P-piller skal derimot seiast å redusere risikoen for enkelte kreftformer, slik som kreft i eggstokkane og livmorslimhinna (ifølgje Store norske leksikon). No antydar ein ny studie at faren for ein langt meir alvorlegare sjukdom aukar: hjernesvulst. Dette gjeld sokalla «mini-piller», eller p-piller som berre inneheld hormonet progesteron. Vanlege p-piller inneheld progesteron og østrogen, og blir difor stundom kalla «kombinasjonspiller».
S.D. Wells i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Ein ny studie antydar at langvarig bruk av prevensjonspiller som berre inneheld progesteron – som òg blir kalla ‘mini-pilla’ – kan auke risikoen for å utvikle meningeom [hjernehinnesvulst; oms.an.], ei form for hjernesvulst. Funna, som vart publisert av franske forskarar, legg til allereie aukande bekymringar for hormonprevensjonsmiddel og deira potensielt langsiktige helseeffektar.
Studien analyserte pasientjournalane til meir enn 8000 kvinner som vart opererte for meningeom, godarta svulstar som veks i membranane som ligg rundt hjernen og ryggrada. Medan dei typisk er godarta, kan desse svulstane forårsake alvorlege komplikasjonar, inkludert hovudverk, anfall, synsforstyrringar og minnetap sidan dei pressar på kritiske hjernestrukturar.
Forskarar fann ein betydeleg samanheng mellom meningeom-tilfell og langvarig bruk (fem år eller lenger) av desogestrel, eit syntetisk progesteron som finst i enkelte mini-piller. Dette følgjer ein tidlegare studie i år som rapporterte ein femdobbel auke i meningeom-risiko blant kvinner som brukte hormonprevensjonsmiddel i meir enn eit år. Dei siste funna stiller desto fleire spørsmål om tryggleiken til langvarig hormon-prevensjonsmiddel, som har blitt ivrig skrivne ut av legar sidan 1960-talet.
Sidan dei vart innført har hormonprevensjonsmiddel blitt knytte til ymse helserisikoar, inkludert bryst- og livmorhalskreft. Mini-pilla, som ofte blir skriven ut til kvinner som ikkje kan ta p-piller med østrogen på grunn av helsetilstanden, vart tidlegare rekna som eit tryggare alternativ. Derimot antydar nyare forsking at progesteron i seg sjølv kan bidra til vekst av svulstar.
Dr. Gaëtan Couloigner, ein leiande forskar i studien, la vekt på behovet for vidare etterforsking. ‘Medan meningeom er sjeldan, krev den potensielle risikoen assosiert med langvarig eksponering for progesteron nøye vurdering,’ sa han.
Helseekspertar legg vekt på at medan den absolutte risikoen framleis er låg, burde kvinner bli informerte om potensielle biverknader når dei vel prevensjonsmiddel. ‘Pasientar burde diskutere alternativa med legen sin, der dei veg fordelen med prevensjon versus moglege risikoar,’ sa dr. Sarah Hardey, ein gynekolog som ikkje var involvert i studien.
Funna kjem midt oppi auka undersøking av tryggleiken og gjennomsiktigheita til farmasien. Forkjempargrupper har lenge bede om meir uavhengig forsking på risikoar tilknytt prevensjonsmiddel, og argumenterer at tradisjonelle institusjonar anten underdriv eller overser potensielle skadefaktorar.
Medan forsking held fram med å avdekkje potensielle risikoar tilknytt hormonprevensjonsmiddel, blir kvinner oppmuntra til å halde seg informerte, og konsultere legar og anna kvalifisert helsepersonell om alternativa sine. Medan mini-pilla forblir eit kritisk verktøy for familieplanlegging, understrekar denne studien kor viktig det er å overvake langtids-helseeffektar. I denne omgang rår ekspertane årvakenheit – ikkje alarm – medan vitskapsfolk jobbar med å tydeleggjere desse assosiasjonane og sikre tryggare prevensjonsval for millionar av kvinner over heile verda.»
