Ein japansk database som sporar 18 millionar vaksinerte personar avslører ein dødeleg topp i dødelegheit tre til fire månader etter vaksinasjon. Den respekterte professor dr. Yasufumi Murakami ved Universitetet i Tokyo seier det rett ut: Dess fleire dosar du tek, dess tidlegare kjem du sannsynlegvis til å døy. Det at dødsfall når ein topp etter kvar oppfriskningsdose, antydar at giftstoff samlar seg opp i kroppen etter gjentekne mRNA-injeksjonar. Denne auken i dødelegheit står i skarp kontrast til stoda hjå uvaksinerte: der er det ingen auke.
Dei «trygge og effektive» korona-vaksinane står bak denne dødelegheita, ikkje det påstått allmennfarlege lungeviruset SARS-CoV-2. Og dei som tok vaksinen, etter massiv psykologisk manipulasjon som manglar sidestykke i verdshistoria, står no overfor ei uviss framtid medan uvaksinerte, som vart mobba, hetsa og utstøytt på det grovaste, er friskare og friare.
Lance D Johnson i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Sanninga bryt seg endeleg gjennom veggane av sensur og bedrag. Ein nyleg offentleggjort japansk database som har spora 18 millionar vaksinerte borgarar, har avslørt eit skremmande mønster: dess fleire covid-19-sprøyter ein person får, dess tidlegare kjem dei sannsynlegvis til å døy. Dataa, som er undertrykt av regjeringar og avvist av konsernmedia, avslører ein skarp auke i dødsfall berre 90 til 120 dagar etter vaksinasjon – ein trend som ikkje kan ignorerast. Medan verda slit med rekordhøg overtalsdødelegheit, hjartesvikt hjå unge atletar, og plutselege dødsfall blant vaksinerte, bekreftar denne bomba av ein rapport det som dissident-forskarar åtvara om frå byrjinga av: desse eksperimentelle injeksjonane var aldri trygge. Dei handla aldri om helse. Og no antydar bevismaterialet at dei kan ha vore del av noko langt nifsare. […]
Dataa dei ikkje ønskjer at du skal sjå
Då journalist Masako Ganaha og eit team av japanske forskarar lurte seg utanom staten sitt forsøk på å leggje hindringar i vegen for dei, for å offentleggjere dette eksplosive datasettet, var ikkje implikasjonane til å nekte for. Tala lyg ikkje. Graf etter graf viste den same skremmande trenden: vaksinerte personar døydde i alarmerande ratar innan nokre månader etter si siste sprøyte, medan ein hjå uvaksinerte ikkje såg ein slik dramatisk auke. Dr. Murakami, ein farmasøytisk vitskapsperson med over 100 publiserte studiar, pakka det ikkje inn: ‘Dersom vaksinen ikkje var giftig eller forårsaka død, ville der ikkje vere nokon topp. Det er poenget.’
Det mest fordømmande beviset kom frå eit diagram som spora dødsfall i samanheng med talet dosar. Dei som fekk tre sprøyter døydde tidlegare enn dei som tok to, og dei som tok to døydde tidlegare enn dei som tok éi. Toppen av dødelegheita – 90 til 120 dagar etter injeksjon – fall skummelt saman med reportasjar om plutselege dødsfall over heile verda, frå friske atletar som kollapsa på bana til unge profesjonelle som døydde medan dei sov.
Eit bedrag av folkets tillit
Regjeringar og farmasikjemper forsikra verda om at desse sprøytene var ‘trygge og effektive’. Dei tagde ihel dissens, sensurerte legar og sverta skeptikarar som konspirasjonsteoretikarar. Likevel er det her, i kalde, harde data, beviset om at dei kjende til – eller burde ha kjent til – sanninga. 1976-svineinfluensaen vart trekt tilbake etter berre 25 dødsfall. I dag, med millionar døde eller skadde, har ikkje eit einaste land stoppa covid-19-vaksinasjonane.
Dr. Peter McCullough, ein leiande hjartelege og tidleg kritikar av vaksineutrullinga, sa det rett ut: ‘Det er uakseptabelt at nokon vel å ta ein injeksjon og døy. Det er absolutt uakseptabelt.’ Likevel er dette nøyaktig det som skjedde – på ein skala som får kvar einaste andre medisinske skandale i moderne historie til å sjå ut som ein bagatell i forhold.
Dei uvaksinerte hadde rett heile tida
Medan dei vaksinerte no står overfor ei uviss framtid – plaga av giftige piggprotein, autoimmune sjukdommar og hjarteskade – står dei uvaksinerte tilbake som sigerherrar. Dei stod i mot ein av dei mest aggressive propagandakampanjane i historia, leid tap av arbeid, sosial utstøyting og til og med tvinga segregering. No, medan overtalsdødsfall går i taket blant vaksinerte, er uvaksinerte friskare, friare og i live – sjelene deira er inntakte.
Dette handlar ikkje berre om vitskap. Det handlar om kriminell forsømming, konsern-grådigheit, og ein avfolkingsagenda som står der i fullt skode. Dei japanske dataa er ein vekkjar. Spørsmålet er: vil verda lytte før det er for seint?»
