Verdshistoria er ikkje den vi har blitt fortalt at den er. Dette gjeld relativt nylege hendingar som Andre verdskrig, månelandinga og Den kalde krigen. Det gjeld òg endå nyare hendingar slik som 11.september, 22.juli og covid-19-«pandemien». Informasjon frå den fjerne fortida har òg blitt systematisk gjort utilgjengeleg for moderne menneske. I takt med at stadig meir hemmelegstempla informasjon blir avdekt, og i takt med at arkeologar gjer stadig nye oppsiktsvekkjande funn, er det på tide å redivere det som inntil no har blitt oppfatta som den «ekte» historia. Historia til Jorda er lang, og mykje av det som har skjedd har blitt gravlagt i fortidas mørke – anten ubevisst eller bevisst.
Kontakt med utanomjordiske er eit tema som er sterkt sensurert, og som blir stempla som «konspirasjonsteoriar». Sjølv om UFO-observasjonar stadig finn stad, og folk ofte står fram med forteljingar om å ha blitt bortført av utanomjordiske, vil til dømes ikkje den amerikanske staten ut med det dei sjølv har av informasjon. Dei fleste kjenner til Roswell-hendinga frå 1947, der eit utanomjordisk fartøy krasja i ørkenen (dette påstod staten seinare var ein vêrballong). Område som Area 51 er til dømes strengt vakta, og dei som prøver å ta seg inn i området, blir arrestert, bøtelagt eller til og med fengsla. Dei veit noko vi ikkje veit. Men varslarar har stått fram i hopetal. I tillegg skal det visstnok finnast evidens for at menneske hadde kontakt med utanomjordisk liv allereie i oldtida (hypotesen om ancient aliens). Faktisk er kontakt med utanomjordiske so vanleg at ein har introdusert ei eiga grein av politikk, eksopolitikk, som fokuserer på dei politiske aspekta ved interaksjonar med utanomjordisk liv. Eg tviler på at nokon norske parti har dette som del av partiprogrammet.
Vatikanet skal seiast å sitje på mykje «forboden» kunnskap, og arkivet deira er berre tilgjengeleg for eit lite fåtal. Kven som helst kan ikkje ta seg til rette der, spesielt ikkje med alle dei sjokkerande og kompromitterande opplysningane som ligg der. Det kan endre verdshistoria og vår oppfatning av rolla vi har på Jorda og i universet. Og det vil ikkje eliten ha noko av. Berre dei skal sitje på sanninga, for den som kontrollerer kunnskap, kontrollerer alt.
I eit nyleg intervju med Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News, snakkar Alex Collier om Jordas skjulte historie, som visse mektige organ ikkje vil skal bli kjent for folk flest. Finn Heartley i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«I eit spennande intervju på Brighteon.com, avslører eksopolitikk-forskar Alex Collier oppsiktsvekkjande sanningar om den undertrykte historia til menneskeheita, utanomjordisk kontakt, og den bevisste fjerninga av avanserte sivilisasjonar frå før syndeflaumen. I ein samtale med Mike Adams, grunnleggjar av Brighteon, avslørte Collier korleis institusjonar slik som Smithsonian og Vatikanet systematisk har skjult bevis på Jordas sanne historie – frå eldgamle kopargruver i Indiana til tapte byar i Nord-Amerika – for å halde på kontrollen over det menneskelege medvitet.
Piri Reis-kartet og den isfrie fortida til Antarktis
Collier sette søkjelys på det berykta Piri Reis-kartet, ein artefakt frå 1500-talet som viser Antarktis utan is – noko som er geologisk umogleg om kontinentet har vore frose i millionar av år, slik hovudstraumsvitskapen hevdar. Moderne sonarskanningar bekreftar at kartet er nøyaktig, sidan dei viser topografi under isen som passar den eldgamle kartografien. ‘Admiral Piri Reis skreiv at kjeldene hans inkluderte kart som vart gjevne til Aleksander den store av biblioteket i Alexandria,’ forklarte Collier. ‘Dette provar at sivilisasjonar frå tida før syndeflaumen hadde omfattande kunnskap om Jordas geografi – sannsynlegvis frå utanomjordiske eller høgteknologiske kjelder.’
Kopargruver, tapte byar og rolla til Smithsonian
Collier la ut i detalj om korleis isotopisk ‘DNA’-analyse av eldgamle kopar-artefaktar har sitt opphav i ei 7000 til 10 000 år gammal gruve i Indiana – lenge før Columbus. Han viste òg til oppdaginga av ein massiv før-Columbus-by nær Mississippi-elva, i stand til å huse 60 000 til 100 000 menneske, og der artefaktane visstnok vart konfiskerte av Smithsonian. ‘Dei avsperra sonene i Grand Canyon skjuler ruinar og ein av dei største gullførekomstane i verda,’ sa han, og viste til den avstengde Kincaid-grotta.
Utanomjordisk kontakt og galaktisk DNA
I meir enn tretti år har Collier kommunisert med vesen frå Andromedan-stjernesystemet (‘A-ane’), som ser på menneskeheita som spirituelt underutvikla på grunn av fleire tusenår med manipulering frå mørke krefter. ‘Dei seier at DNA-et vårt har blitt tukla med for å avgrense potensialet vårt,’ avslørte han. ‘Sivilisasjonar som aborterer barna sine i 120 år overlever aldri – ei åtvaring om den noverande kursen vi er på.’ A-ane, hevdar han, er del av ein interstellar allianse som jobbar med å frigjere Jorda frå luciferianske vesen, både fysiske og interdimensjonale.
Vatikanet si undertrykking og spirituell oppvakning
Collier og Adams granska Vatikanet si rolle i å skjule transformative tekstar slik som Tomas-evangeliet og Enoks bok, som skildrar det galaktiske opphavet til menneskeheita. ‘Blodanalysen frå Turin-kledet viser menneskeleg DNA utan eit Y-kromosom – noko som antydar ei mirakuløs skaping,’ sa Collier. Han oppmoda lesarar til å avvise institusjonelle narrativ og omfamne desentralisert kunnskap: ‘Matrisen er i ferd med å kollapse. Makta vår ligg i å velje kjærleik over frykt.’
Vegen vidare
Collier avslutta med å oppfordre til handling: uskadeleggjere atomvåpen (som ‘riv i stykke dimensjonsveven’), gjere slutt på krig, og bli i harmoni med medvitet til Jorda. ‘Vi er den åttande sivilisasjonen. Det er på tide å bryte syklusen.’»
