Saksyndig tek ein titt på YouTube-kanalen «Tidens Tann»

Ein lesar tipsa nyleg Saksyndig om ein YouTube-kanal som heiter «Tidens Tann». Kanalen er driven av bergensaren Kristoffer Høisæther, som tidlegare jobba som vikarlærar, men som valde å slutte i yrket, mellom anna fordi han såg ukulturen som rår rundt om på skulane. I stor grad er det innvandrarelevar som øydelegg undervisninga og skaper ein utrygg skulekvardag for både lærarar og elevar – og ingen torer å seie noko, i frykt for å bli stempla som rasistar. I skildringa av kanalen står det følgjande:

«Tidens Tann er en podcast med fokus på kontroversielle tema som ofte blir ignorert eller ensidig belyst av mediene, utdanningssystemet og politikerne.»

Eit av desse kontroversielle temaa, er den negative effekten masseinnvandring har på samfunnet, både i Noreg og i resten av Europa. Sidan migrantkrisa i 2015 har grensene i praksis stått på vidt gap, og det er ikkje alle innvandrarar som kjem til Noreg med eit ønske om å bidra til samfunnet. Ein ser meir og meir tendens til det ein kan kalle sjølvvalt utanforskap. Innvandrarane samlar seg i parallellsamfunn der dei utnyttar dei gode velferdsordningane og den norske naiviteten, i tillegg til å vere overrepresentert i kriminalitetsstatistikken. Dette er ei problemstilling som det i praksis er «forbode» å ta opp i den offentlege debatten. Dei som gjer det, blir stempla som rasistar og framandfiendtlege.

Høisæther leverte i 2018 ei mastergradsoppgåve i historie med tittelen «Lite med europeisk overlegenhet å gjøre. Fremstillinger av den islamske verdens og Europas middelalderhistorie i norske lærebøker for grunnskolen og videregående etter Kunnskapsløftet». I oppgåva skriv han at det er ein betydeleg skilnad mellom korleis høvesvis vestleg og islamsk historie blir framstilt i norske lærebøker; ein legg for mykje vekt på problematiske aspekt ved vestleg historie, medan ein utelèt problematiske aspekt ved islamsk historie. Ikkje alle er klar over at den islamske verda òg hadde ein lukrativ slavehandel som gjekk føre seg langt lenger enn den transatlantiske slavehandelen som vestlege i ettertid har blitt demoniserte for. Ikkje overraskande vekte masteroppgåva kontrovers. Idéhistorikar Dag Herbjørnsrud avviste at ikkje-vestleg historie vart behandla med silkehanskar i skule og akademia, og stilte seg òg «undrande» til at dette kunne vere ei rettleia oppgåve ved eit norsk universitet.

Høisæther fekk allereie under lærarstudiet problem på grunn av meiningane sine. Av Universitetet i Bergen (UiB) vart han i 2019 vurdert som uskikka til lektoryrket, ifølgje han sjølv på grunn av at han hadde blitt intervjua av nettavisa Resett. Etter at han klaga, omgjorde Felles klagenemnd avgjerda og han fekk fullføre utdanninga, men to år forseinka. Han gjekk difor til søksmål mot staten for å få erstatning for tapt arbeidsinntekt og oppreisning «for det han hevdet ble en mobbekampanje etter Resett-artiklene». UiB nekta heile tida for at Resett-intervjua hadde nokon samanheng med uskikka-vurderinga, og Høisæther fekk inga erstatning.

I tillegg til eigen YouTube-kanal, har Høisæther òg ein X-konto, der han kallar seg @ChrisHighseat.

«Tidens Tann» inneheld samtalar om politiske tema, i tillegg til hans eigne anekdotar frå sin tidlegare jobb som vikarlærar. I ein av videoane fortel han om utfordringane han møtte i læraryrket, dei negative sidene bak masseinnvandringa, og ikkje minst korleis hans eigne lærarkollegaer ikkje ønskte å ta tak i problemåtferd hjå innvandrarelevane. Lærarar har ikkje lenger den autoriteten dei ein gong hadde, og dårleg åtferd får ingen konsekvensar for elevane. Den mest dramatiske episoden han sjølv opplevde, var ein gong ein bråkmakar-elev tok kvelartak på han i klasserommet, og arbeidsgjevar gjorde ingenting med saka. Like etter vart ein annan lærar skoten på med softgun, igjen utan konsekvensar. Dette vitnar om eit system som meir eller mindre har resignert, og den dårlege åtferda til elevane får dermed utvikle seg til noko langt meir alvorleg og samfunnsskadeleg.

13.november 2022 vart Høisæther intervjua på Podcasten uten navn, der han fortalde si eiga historie om mellombels utestenging frå læraryrket, stoda til ytringsfridom i akademia, og den negative vinklinga mot kvite europearar som er å finne i norske skulebøker.

Alt som er kvitt skal svartmålast. Vi skal skamme oss over vår kulturarv og til og med vår eksistens. Tanken bak framstår for meg meir og meir openberr. Det har lenge blitt hevda i alternative media at eliten driv med ei befolkningsutskifting i Europa, mellom anna med å ved hjelp av masseinnvandring gjere samfunnet so farleg og konfliktfylt at kvite flyktar og/eller lèt vere å setje barn til verda. Faktum er at det blir fleire og fleire ikkje-vestlege i Europa, og mindre og mindre etniske europearar. Skulen brukte å vere arenaen der folk fekk både danning og utdanning – no er dei heldige om dei får nokon av delane, sidan alle ressursar blir brukt til å tekkjast innvandrarelevar som saboterer undervisninga.

Saksyndig følgjer interessert med på YouTube-kanalen.

Kommenter innlegget