Obama vil ha sensur av Internett: «Vi vil ha mangfald av meiningar, ikkje mangfald av fakta»

Den tidlegare presidenten Barack Obama har vekt kontrovers blant forkjemparar av ytringsfridommen, etter at han kravde eit sentralisert system for å kontrollere informasjon på nettet. Han erklærte at det «ikkje er rom for mangfald av fakta» i kampen mot feilinformasjon. Kritikarar meiner at denne ståstaden meir er gjenklang av orwelliansk autoritarisme, enn det er demokratiske ideal. Eliten vil skaffe seg retten til å definere kva som er «sant» og kva som er «feilinformasjon», med heimel i eit lovverk laga spesifikt for dette sensurføremålet. Dei har nemleg oppdaga at dei for lengst har mist kontrollen over kva folket blir fortalt.

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv (Saksyndig si omsetjing):

« ‘Vi vil ha mangfald av meiningar. Vi vil ikkje ha mangfald av fakta,’ hevda Obama under eit intervju no i veka med historikar og forfattar Heather Cox Richardson. ‘Det, meiner eg, er ei av dei store oppgåvene til sosiale media.’

Den tidlegare presidenten bad deretter openlyst om statleg regulering av sosialmedieplattformer for å undertrykkje rekkjevidda til det han stempla som ‘hatefulle’ og ‘polariserande’ figurar. Medan han hevda å respektere First Amendment-rettar [som regulerer blant anna ytringsfridom; oms.an.], argumenterte han at eit visst nivå av sensur er naudsynleg for å motverke forretningsmodellar som, etter hans meining, underminerer folketillit.

‘Forresten so vil det krevje visse statlege, meiner eg, visse statlege regulerande føringar rundt enkelte av desse forretningsmodellane på ein måte som samsvarer med First Amendment, men som òg seier, høyr her, der er ein skilnad mellom desse plattformene som lèt alle røyster bli høyrt versus ein forretningsmodell som opphøgjer dei mest hatefulle røystene eller dei mest polariserande røystene, eller dei farlegaste, når det gjeld å vigle opp til vald, røyster,’ sa presidenten. ‘Og det, trur eg, kjem til å bli ei stor utfordring for oss alle som vi vil måtte gjennomføre.’

ZeroHedge rapporterer: Obama samanlikna deretter på bisarr maner den russiske presidenten Vladimir Putin med tidlegare Kvite hus-hjelpar Steve Bannon, og hevda at dei hadde eit felles mål om å ikkje prøve å overtyde folk om ei spesifikk sanning, men i staden overvelde dei med so mykje feilinformasjon – ‘overfløym sona med skit’ – at dei blir kyniske og sluttar å tru på noko som helst.

‘Du må overfløyme sona med so mykje ikkje-sanning, konstant, at på eit visst punkt trur ikkje folk på noko,’ sa Obama. ‘So det speler inga rolle om ein kandidat til eit embete berre konstant, berre hypotetisk, seier usanne ting, eller dersom ein valt president hevdar at han vann når han tapte og at systemet var rigga, men so når han vinn, då er det ikkje rigga, fordi han vann. Det speler inga rolle om alle trur på det. Det er berre viktig om alle byrjar å, vel, løfte hendene resignert i vêret o seie, vel, eg reknar med det ikkje er so viktig.’

‘Det var det som skjedde i eit av våre større politiske parti. Du har ein heil gjeng med folk som veit at det ikkje er sant, men vi kjem til å låst som det er det,’ la presidenten til.

Obama kravde fyrst sensur under ein høgprofilert tale ved Stanford Universitet i 2022 – der det no nedlagde Stanford Internet Observatory’s Election Integrity Partnership [«Stanford internettobservatorium sin valintegritetspartnarskap»] opererte – og argumenterte at feilinformasjon utgjer ein trugsel mot demokratiet. Obama kravde ei revurdering av Section 230, ein 1996-provison i Communications Decency Act [«lov om reieleg kommunikasjon»] som generelt beskyttar nettplattformer mot juridisk ansvar for innhald som brukarane legg ut.

Obama sa til dei frammøtte: ‘Desse plattformene er ikkje som det gamle telefonselskapet.’ Presidenten sa vidare: ‘I enkelte tilfelle kan industristandardar erstatte eller kome i staden for lovregulering, men lovregulering må vere ein del av svaret.’

President Donald Trump har teke den motsette tilnærminga til Obama ved å leggje vekt på ytringsfridom i sin andre presidentperiode, og kom i januar med ein presidentordre om å tryggje retten amerikanarane har til å uttrykkje seg.

I april erklærte utanriksminister Marco Rubio stenginga av Global Engagement Center, ei grein innan utanriksdepartementet som er berykta for si rolle i å undertrykkje ytringsfridommen til amerikanarar.»

Kommenter innlegget