Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Trioen i Tenkjestraumen«, publisert 23.juni 2025.
Kjensla av at alt dette er ein draum blir endå meir forsterka då Karl ser eit vesen openberre seg føre han i det halvmørke huset. Framfor han står ei kort, fyldig dame med austasiatiske trekk – det ser ut som ho er frå Filippinane eller Thailand. Det ramnsvarte håret er knytt i ein stram hestehale, og eit kvitt, nusseleg hårband pyntar hovudet hennar. Ho er kledd i ei svart, lett glinsande hushjelpuniform med kvit krage og kort skjørt. Skuldrene er berre, og det er òg den djupe kløfta og øvre del av ryggen. Eit kvitt forkle er knytt rundt livet på ho. Dei store, struttande puppane sprengjer intenst på innsida av den tettsitjande kjolen, og fleire sølvsmykke av ulik lengd glitrar overjordisk mot den bleikbrune huda. Auga er store og tindrande, munnen er lukka. I øyra glitrar det vakre perler som lengtar etter å eksplodere i all si intense prakt.
«Dette er hushjelpa vår Rosalyn,» seier Line medan hushjelpa ser herleg underdanig ned. Rosalyn har hendene bak ryggen, som om ho presenterer seg føre dei fem fotogene fyrane.
Og når ein snakkar om fotogen… Karl tviler på at han sjølv ser nemneverdig fotogen ut der han står, likbleik i leten, og i ei blanding av veksande panikk og endå meir veksande opphissing. Om dette er eit psykoerotisk mareritt, vil han helst få utløysing og vakne nu!
«Rosalyn har vore hjå oss i eit år no,» seier Victoria. Den over 190 centimeter høge raudhåra dama svevar gjennom halvmørket og bort til Rosalyn. «Vi redda denne stakkars filippinardama frå eit ekteskap frå helvete, der hennar norske mann utnytta ho på det grovaste, både husarbeidsmessig og ikkje minst… seksuelt.» Ho kviskrar det siste ordet i øyret på Rosalyn, og den stakkars unge dama blir raud som ein tomat i det vakre ansiktet. «No bur ho gratis hjå oss, og gjer det ho er aller flinkast til: å halde Tenkjestraumen i ypparleg, upåklageleg tilstand.»
«Ho har til og med blitt rimeleg god på å dyrke poteter, kålrabi, kål og gulrøter,» seier Line. «Her kjem ho til å gå til ho bikkar over av alderdom.» So vender ho seg mot dei fem karane. «Ein liten fugl fortalde meg at heimen dykkar no er kringsett av politiet.»
«Ja, vi måtte rømme,» svarer Stig, som ikkje lenger ser ut som han osar av sjølvtillit. Faktisk ser det ut som han skal drite på seg. Ove, Nils og Truls er like låge i hatten. «Vi reiste den einaste staden der ingen, ikkje eingong politiet, kan finne oss.»
«Nei, politiet har ingen jurisdiksjon her,» seier Line. «Dette er eit av få område i Noreg som Staten aldri har eigd, og heller aldri kjem til å eige.»
«Tenkjestraumen ligg ikkje i Noreg,» seier Victoria med eit gåtefullt smil i det bleike ansiktet.
Karl vender blikket mot Cilje, som står der og bit seg i leppene medan ho vrir på seg. Jenta med dei store struttepuppane har enno ikkje sagt eit steinsens ord. Noko ved ho seier Karl at ho ikkje er so… erfaren (?) som Line og Victoria. Kva enn desse tre nifse damene har erfaring i. Kvart eit fiber i kroppen hans skrik til han i larmande stillheit: Dette var ei diger tabbe. Dette var ei felle, og han har gått rett i den. Akkurat som ein krabbe som har forvilla seg inn i ei krabbeteine. Det er lettaste ting i verda å kome seg inn, men ikkje faen om han kjem seg ut!
«Stig, Ove, Nils og Truls veit vi godt kven er,» seier Line, som brått står ved sida av Karl. Det gjer Victoria òg. Karl ser Cilje og Rosalyn trippe lydlaust og varsamt inn på kjøkkenet, underdanige som få. Dei fire fotogene fyrane står no i hjørnet og ser på Line, Victoria og Karl med glasaktige auge som lyser av frykt og opphissing. «Men kven er du?»
«Ja, kven er du?» spør Victoria. «Dei fire har jo gått god for deg. Men det er likevel greitt å ha eit namn på ting…» Ho flirer stille. «Eg meiner folk. Eit namn på folk.»
«Eg er Karl…!» svarer han med ei stemme som tydeleg bivrar av opphissing. Han er fullt erigert der han står, og han greier av ein eller annan grunn ikkje å røre seg. «Eg er på dykkar side…!»
«Ja, det får vi håpe,» seier Line medan ho og Victoria vekslar blikk seg imellom. «Dei som ikkje er på vår side, har ingenting i denne verda å gjere.»
Karl svelgjer tungt. Han har ikkje berre teke seg vatn over hovudet, han er på full fart nedover i djupet i eit endelaust hav av kjæte og redsel. Likevel er det noko med dei tre, med han sjølv, med dei tause jentene på kjøkkenet – faktisk med heile denne situasjonen som er meir pirrande og herleg enn noko han har vore borti nokosinne i sitt relativt korte liv.
Kva enn slags mareritt dette er, so ønskjer han det meir og meir velkomen!
«Vi kan jo introdusere oss sjølve,» seier Line.
Brått står dei fem mennene og to damene i stova, der det står 1800-talsmøblar og like gamle bord. Erika og Tara Louise sit i sine komfortrullestolar midt i rommet. To av veggane er dekte av hyller med bøker frå golv til tak – mesteparten av bøkene ser ut som dei er eldre enn kongeriket. Eit stort bestefarsur står og tikkar ved ei dør med ein gyllen hengjelås på. Ei dør like ved sida av står på gløtt, og Karl kan skimte ei bratt trapp som går oppover i halvmørket. Merksemda hans er retta mot Line og hennar mørke, djupe auge. Han er heilt roleg, truleg lamma av skrekk og opphissing. Dette er ekte, eldgammal vondskap. Er ho ein demon? Ein vampyr? Ei heks? Ei blanding av alle tre?
Line held fram med eit svakt smil og ei mild, roleg stemme:
«Som du sikkert har gjetta, so er Victoria, Cilje og eg hekser. Vi er overnaturlege. Victoria og eg er 185 år gamle. Vi er fødde i 1839, litt seint på året. Vi held oss godt.» Ho og Victoria flirer stille. «I 1860 inngjekk vi ein avtale med ei heks som berre er kjent som Ordføraren. Ho er eldre enn berget rundt oss. Vi fekk trolldomsevner og evig ungdom, i byte mot…» Ho avbryt seg sjølv og vekslar blikk med Victoria, som overtek:
«Vi måtte gje det kjæraste vi hadde, for å gjere ei lang historie kort.» Ho vender blikket mot den låste døra ved det tikkande bestefarsuret. Auga hennar skin sensuelt i det sparsame lyset. «Det kjæraste vi har, som vi har vakta dag og natt sidan 1860. Vår absolutte, evige jomfru.»
Karl held på å kome der han står. Ballane kjennest enorme ut, kuken sprengjeferdig. Kva vil dei to hauggamle trollkvinnene seie om sjølvaste motstandsmannen Karl Heldal sprutar sæd i buksene sine framfor dei? Herregud, dei kjem til å gjere han om til ein frosk!
Akkurat i det han skal til å ejakulere, går eit kraftig, overjordisk støyt gjennom han. Prosessen blir stoppa, for å ta ei vill underdriving. Alt kitlar intenst, og ei enorm euforikjensle går gjennom han. Auga rullar tilbake og munnen opnar seg. I nesten eit halvt minutt står han der på randa av ein orgasme som aldri kjem, før alt går tilbake til tilstanden hans like før nesten-utbrotet. Han er med andre ord like uuthaldeleg sprengkåt som før.
«Hmmm, ser ut som Karl nettopp prøvde å kome,» seier Line med eit nifst smil.
«Hehe, han har knapt vore her i fem minutt,» seier Victoria. «Vi bør vel nesten ta det som eit kompliment.»
«Ja, vi har den effekten på menn,» seier Line. «Heldigvis er det umogleg for menn – og kvinner – å kome i Tenkjestraumen, med mindre vi to vil det.»
«Går det bra med deg, vesle venn?» spør Victoria og klappar Karl lett på skuldra.
«Jaaa…!!» stønnar han medan pungen og kukhovudet kjennest ut som dei skal eksplodere. Dei verkjer intenst. Ballane må ha est til det dobbelte av sin vanlege storleik! «Kva skjedde…??»
Dei to heksene seier ingenting, men berre smiler. Ord blir overflødige. Karl veit instinktivt kva som har skjedd. Line og Victoria ler stille, men kraftfullt. Vår mann har nettopp opplevd sjølve drivkrafta til denne datasimuleringa som er kjent som Multiverset ®: nesten-orgasmen!
«Skal de bu hjå oss, må de følgje våre lover,» seier Victoria si djupe jentestemme i det Karl og dei fire fotogene fyrane byrjar å frakte Erika og Tara Louise inn i huset. «Her kan de vere so lenge de vil, men de må gjere alt vi ber dykk om. Vi eig dykk, like mykje som vi eig Cilje og Rosalyn. Vi kontrollerer alt. De er ikkje lenger sjølvstendige individ, og ei heller eig de noko. De kjem til å elske det.»
«Ja,» seier Line si lyse jentestemme. «Og hugs at alternativet er verre. Alternativet er eit totalitært pseudotilvære der de blir behandla som om de var tarvelege dyr i kjøt og blod, styrte av frykt, instinkt og irrasjonalitet frå vogge til grav.»
Eit av smykka hennar inneheld eit lite, nøkkelforma anheng som ho no løftar opp frå den djupe kløfta si. Dei svevar i det uverkelege halvmørket bortover mot kjellardøra og den gylne hengjelåsen.
«Her vil de aldri bli menneske underlagt umenneskelege lover,» lyd Victoria si stemme gåtefullt i den kaotiske, uverkelege stormen som no er Karls hovud. «Berre våre lover, som er langt meir menneskelege enn vi sjølve er.»
«Vi eig dykk…!» kviskrar Line i øyret ril Karl.
Ei tåre trillar nedover det tomatraude kinnet hans. Terningane er kasta og spelet er tapt. Livet slik han kjenner det er over. Han kan berre førebu seg på den neste overraskinga, som er å finne bak kjellardøra som Line no opnar hengjelåsen på. Den bratte trappa openberrar seg, det vesle nøkkelanhenget dinglar og glitrar i kløfta hennar. Ei episk hemmelegheit skal avslørast. Djupt der nede i mørket sit det kjæraste ho og Victoria eig. Og det vesenet er like gammalt som dei sjølve. Skal tru kva slags liv det har hatt.
Karl kan ingenting anna enn å følgje dei nedover, steg for steg, medan han og dei fire fotogene fyrane ber med seg Erika og Tara Louise.
