Medan den alvorlege kriminaliteten som politisk styrt masseinnvandring skaper ikkje blir snakka om av politikarar og andre offentleg eksponerte maktpersonar, langt mindre gjort noko med, blir det av politiet heller brukt ressursar på å raide og ransake dei som uttaler seg negativt om den. I Tyskland utfører politiet no landsdekkjande handlingar retta mot personar som blant anna fornærmar politikarar, dei som er ansvarlege for det alvorlege uføret Tyskland og andre europeiske land har hamna i. Og det at politiet prioriterer «hattale» framfor mord, valdtekt, ran og andre alvorlege brotsverk, seier oss tydeleg kven politiet eigentleg jobbar for. Dei utfører sine instruksar, som dei får frå aktørar som ikkje har våre interesser i tankane.
RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):
«Tyske politistyresmakter har lansert eit landsomfattande nedslag på påstått ‘hattale’ på nettet, har Det føderale kriminalitetspolitiet (BKA) erklært. To tredjedelar av tilfella som blir etterforska er knutt til ‘høgreorienterte’ ideologiar, sa BKA, og media rapporterer at dei ofte involverer ‘fornærmingar mot politikarar’.
Enkelte ‘isolerte tilfelle’ har blitt knytt til ‘religiøse… venstreorienterte og utanlandske’ ideologiar, ifølgje politiet. Meir enn 140 kriminaletterforskingar har blitt opna i alle dei tyske delstatane.
Lista av dei vanlegaste brotsverka inkluderer oppvigling til hat, bruk av forbodne symbol [til dømes er hakekorset og Hitler-helsinga forbodne å vise i Tyskland; oms.komm.], og godkjenning av brotsverk og fornærmingar, sa politiet. Ifølgje den tyske kringkastaren ARD, involverer kriminalsakene ofte ‘fornærmingar mot politikarar’.
Politioperasjonen inkluderte meir enn 65 ransakingar og ‘talrike’ avhøyr, sa BKA. Politiet har ikkje rapportert at nokon mistenkte vart pågripne som del av etterforskingane. BKA bad òg folket om å ‘støtte’ politiet og bidra til å kjempe ned netthat ved å rapportere ‘hatinnlegg’ til anten politiet eller internettleverandørane.
Herbert Reul, indreminister i Nordrhein-Westfalen, den mest folkerike delstaten i Tyskland, lovpriste nedslaget, som vart lansert på Den tolvte handlingsdagen mot ‘kriminelle hatinnlegg’. I ein kommentar til nyheitsbyrået DPA, forsikra han: ‘Digitale mordbrannstiftarar må ikkje vere i stand til å skjule seg bak mobiltelefonane eller datamaskinene.’
Trekket fann stad berre ein dag etter at Tysklands høgste administrative domstol oppheva eit forbod som den føderale regjeringa påførde tidsskriftet Compact i fjor. Det føderale indreministeriet hadde stempla tidsskriftet som ein ‘høgreorientert, ekstremistisk’ medieformidlar som var involvert i ‘anti-grunnlovs’-aktivitetar på grunn av sine publikasjonar om den tyske innvandringspolitikken.
Retten bestemte at publikasjonane kunne bli tolka som ‘overdriven, men til slutt tillaten, kritikk av innvandringspolitikken’, og erklærte forbodet lovstridig. Indreministeriet erkjende avgjerda, men heldt fast på at forbod mot medieformidlarar ikkje ‘utgjer ulovleg førehandssensur’, og kan brukast òg i framtida.»
