Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Trioen i Tenkjestraumen», publisert 23.juni 2025, og «Eit namn på ting», publisert 25.juni 2025.
Karl trillar Erika i komfortrullestolen bortover den smale, mørke gangen som byrjar ved foten av den bratte trappa. Ei tung lukt av jord og kjønn ligg i veggane og gjer han svimmel og lettare rusa. Lukta er ikkje berre intens, den er so veldig gammal. Stig trillar Tara Louise like framfor han, og bak Karl går høge Victoria. Fremst av dei alle går korte, formfulle Line, som med si lyse jentestemme dannar prikken over i-en i dette nifse lydsporet. Hjartet til vår mann hamrar, munnen er tørr, tunga verkar limt fast i ganen, alt kitlar og kriblar uuthaldeleg. Ei enormt svulmande kjensle held underlivet hans i eit konstant jarngrep som aldri lettar.
I kjellaren er det berre to dører. Den eine døra fører inn til matbua, der han kan skimte hyller fulle av hermetikkglas og boksar. Den andre døra har ein gylden hengjelås som er identisk med den til kjellardøra. Kva enn som ligg i det rommet er tydelegvis so hemmeleg at ein må ha to hengjelåsar for å beskytte det. Det er vel dette som ein på moderne dataspråk kallar tofaktor-autentisering! Karl flirer febrilsk i sitt kokande sinn. Litt humor må ein då kunne ha i dette marerittet!
Line plukkar leikent opp det nøkkelforma anhenget til eit av dei mange smykka sine. Eit lite «knepp» kjem frå låsen, som stønnande må overgje seg til denne nøkkelforma overmakta. Døra går opp sakte og knirkande. Det som møter dei er eit bekmørkt rom. Line sin vesle, runde kropp piler raskt inn. Snart blir rommet kasta i skjeret frå ein fakkel på veggen. Det gule, flakkande lyset får hjartet til Karl til å stoppe opp. Det kokande blodet frys paradoksalt nok til is i årene hans.
Det er nesten som om han ikkje kan tru sine eigne auge.
På ein polstra 1800-talsstol i mørkt tre og med kongeblått trekk sit ein mann som verkar å vere rundt 20 år. Han sit der urørleg som ein statue, ikkje eingong det isblå blikket flyttar seg. Det blonde håret er skulderlangt og knytt i ein søt hestehale med eit rosa hårband. Han er heilt naken. Den småfyldige kroppen er like bleik som nyfallen vintersnø. Rundt halsen glitrar ei rekkje sølvsmykke med ymse anheng og ulik lengd. Fleire gullarmband glitrar rundt både handledda og fotledda. I øyra glitrar vakre perleøyredobbar som små fyrtårn av tidlaus lengt.
Då dei kjem bort til framsida av den unge mannen og Karl ser heile kroppen, held han omtrent på å svime av der han står bak Tara Louise og småskjelv. Eit kvitt, jomfrueleg silkelaken dekkjer mannens edlare delar, men Karl kan likevel ane konturane av noko stort, rundt og ufatteleg sprengjeferdig. Lukta av kjønn er so tung at Karl og dei fire brørne hostar og hiv etter pusten der dei står. Line og Victoria flirer stille, men kraftfullt.
«Dette er det kjæraste vi eig…!» seier Line med lett opphissing i si lyse jentestemme. Ho og Victoria går på kvar side av mannen – Line framfor han og Victoria bak. Victoria landar hendene sine på dei nakne skuldrene, dei lange, svarte neglene trommar lett på den likbleike huda. « ‘A’ har vore med oss heilt sidan byrjinga…! Heilt sidan vi danna trioen med den tredje jenta vi aldri snakkar om…! Ho som aldri vart heks…!»
«Han kan aldri oppleve jordiske gleder…!» seier Victoria, som òg framstår tydeleg opphissa. Neglene kjærteiknar rytmisk skuldrene til mannen. «Då misser vi kreftene våre, og ein lagnad verre enn døden ventar oss…! Ein temmeleg langdryg lagnad, vil dei fleste påstå…!»
«Ja, men det kjem aldri til å skje…!» seier Line. «Han kjem aldri til å kome, og vi kjem aldri til å eldast og døy…! Ein ganske grei handel, iallfall frå vårt perspektiv…!»
«Er andre perspektiv relevante?» spør Victoria retorisk.
So vender dei to heksene seg mot Karl, Stig, Ove, Nils og Truls.
«Plasser Tara Louise og Erika framfor A, slik at han har noko anna å sjå på enn den nakne veggen…!» seier Line. Mennene gjer underdanig som dei får beskjed om, på randa av å tørne av frykt og opphissing.
Tara Louise og «Mektige» Erika sit no fullstendig urørlege og blir tvinga til å sjå på ein likbleik mannestatue som berre eit silkelaken skil frå obskønitet og skandale.
«Som vi sa til dykk då de kom hit, so treng dei ikkje moderne medisin…!» seier Victoria. «Ikkje når vi har tidlaus magi som på alle måtar er den overlegen…!»
Ho og Line vekslar blikk seg i mellom, og Line tek fram eit svart, skinande skrin nærast frå ingenstad. Line opnar loket på skrinet og tek ut fire glitrande gullarmband, spekka med små anheng. Ho gjev dei til Victoria, som går bort til Erika. Eitt etter eitt prydar armbanda begge handledda og begge fotledda til blondina. Line gjer det same med Tara Louise. Snart sit begge to med armband på både hender og føter.
«Frå no av treng de berre IV-en til næring, ikkje lammande medisin…!» seier Line.
Karl ser lettare vantru på dei tre urørlege fangane. Armbanda til A glitrar like trolsk og vakkert som dei til Tara Louise og Erika. Det ser ut som han fekk dei på i går, sjølv om Karl mistenkjer at han har hatt dei på seg lenge. Line og Victoria ser skjelmske på han, før dei omringar han på kvar si side. Snart kjenner han dei lange neglene til Victoria kjærteikne skuldrene sine. Line står framfor han, minst eit hovud kortare, men uendeleg mektigare og farlegare.
«Du ser ikkje ut som du trur oss…!» seier Line og stryk ei hand nedover halsen hans. Han greier ikkje å seie eit steinsens ord, til det er han altfor redd og opphissa. «Eg trur vi skal gje han ein demonstrasjon av korleis desse lammearmbanda fungerer…!»
«Høyrest ut som ein god plan…!» lyd den djupe jentestemma til Victoria bak han.
«Lat oss gå opp i stova fyrst…!» seier Line. «Då slepp vi å bere han…!»
Karl slepper frå seg eit lite klynk då heksene leikande aggressivt dyttar han ut av rommet, bortetter gangen og opp den bratte trappa. Dei fire fotogene fyrane følgjer etter han med ein transportrullestol. Dei bleike ansikta til Cilje og Rosalyn lyser frå kjøkkendøra. Dei veit kva som skal skje, men kan ingenting gjere. Ingen i Tenkjestraumen, bortsett frå Line og Victoria, har noka som helst handleevne. Agens er her eit privilegium.
Han blir avkledd – bokstavleg tala. Snart står han der i all si nakne prakt med ein kuk som står rett ut. Han får armband rundt kvart handledd, og eit plutseleg, herleg støyt går gjennom han. Armane heng slapt ned, han greier ikkje å so mykje som lee på ein finger. Trass at armane er heilt lamma, har han likevel framleis kjensle i dei. Og ikkje berre kjensle, det verkar som om kjensla er auka fleire hundre gonger. Armane kitlar so intenst av armbanda, det må vere alle desse små anhenga på kvar kjede.
Ein nesten-orgasme går gjennom vår mann, og det får heksene til å flire stille, men kraftfullt atter ein gong.
«Hent den søtaste kjolen vi har…!» lyd den djupe jentestemma til høge Victoria. «Vi skal ta oss ein biltur…! De karane blir igjen i Tenkjestraumen med Cilje og Rosalyn…! Alternativet er eit ublidt møte med onkel Politi i næraste vegkryss…!»
Stig, Ove, Nils og Truls trekkjer seg underdanig inn i hjørnet.
Snart står Karl der kledd i ein svart, skinande silkekjole med søte, nusselege blonder. Han er heilt naken under det tynne kjolestoffet, og ereksjonen er særs tydeleg som eit lite speidartelt. Line og Victoria viklar på han nokre kvite, jomfruelege knestrømper og eit par svarte, skinande lakksko. Han prøver å snakke, men oppdagar at tunga er limt fast i ganen. Dess meir han prøver å røre tunga, dess meir kitlar den. Kjensla er herleg uuthaldeleg, og driv han mot nok ein nesten-orgasme. Den nifse, nattsvarte magien stoppar den høgst naudsynlege ejakulasjonen frå å finne stad, og han er like hjelpelaust opphissa som før.
Line tek på han ein mørkebrun parykk, som gjev han ein ganske so feminin pasjefrisyre med skulderlangt hår. Raud leppestift og eit lag sminke gjev han ein kvinneleg utsjånad som dei fleste transpersonar ville ha utført bestillingsmord for å oppnå. Svart maskara framhevar dei intense auga, og prikken over i-en er ein søt, nusseleg perlechoker med eit lite, hjarteforma anheng av sølv.
«Kom igjen, Karla…!» flirer Line inn i øyret hans i det han, ho og Victoria går ut av huset og mot løa.
Ein kvit Volkswagen Caravelle openberrar seg. Karl blir beden om å klyve inn i passasjersetet, noko han med sine lamma armar greier med naud og neppe. Victoria sit seg i førarsetet medan Line hjelper han med å ta på seg beltet.
So kjem nådestøyten: Line tek to gullarmband rundt fotledda hans, og då går det ei intens summing gjennom kroppen. Han greier brått ikkje å bevege ein muskel, ikkje eingong blikket. Han kan ikkje lukke auga, som blir fylde av tårer. Line smør noko på auga hans for å hindre at dei tørkar ut, tek på han eit par solbriller, før ho faldar hendene hans over det struttande speidarteltskrevet. Der ligg hendene so pent og pynteleg, med dei vakkert glitrande armbanda.
«No skal vi ein tur til Lagunen…!» lyd den lyse jentestemma hennar i øyret hans. «Vi skal vise deg fram…!»
Karl kjem nesten igjen i det bilen startar.
*
Den kvite Caravellen glir over den majestetiske Nordhordlandsbrua. Klassisk musikk frå 1800-talet lyd i høgtalaranlegget, her går det ikkje akkurat i listetopp. Trafikantane dei møter på E39 kastar ikkje dei tre inni bilen eit særleg langt blikk. Frå deira perspektiv ser dei ei høg, biletvakker, raudhåra dame bak rattet, ei kort, formfull brunette i baksetet og ei uvanleg vakker dame med solbriller, mørkebrunt hår og steinansikt.
Frå omverda verkar Karl død og borte. Men han føler, ser og høyrer alt, langt meir intenst enn før. Han ligg og balanserer konstant på randa av orgasme, men kryssar aldri over i full utløysing og avslutting. Han merkar armbanda rundt handledda, sjølv om han sit heilt stille. Dei kitlar so intenst. Det gjer perlechokeren med det vesle, hjarteforma anhenget òg. Han merkar kvar ei perle, og måten anhenget dinglar mot halsen. Han kan ikkje sleppe unna. Han kan ikkje finne sæle. Og han elskar det.
Dei køyrer forbi Åsane senter, som framleis er fullt i bilar og folk. Trafikken er ikkje lenger rushtid-tett, berre ganske so tett. Dei følgjer motorvegen sørover forbi Eidsvåg, gjennom Eidsvågtunnelen og forbi NHH, og gjennom Fløyfjelltunnelen. Karl ser sitt eige spegelbilete i frontruta og elskar det han ser. «Han» ser so ubeskriveleg vakker ut der han sit. Om dette berre kunne vare evig! Kanskje kan han få søkje om ein fast plass i kjellaren saman med Erika, Tara Louise og A?
Dei glir over tett trafikkerte Danmarks plass, der politiet like oppe i vegen har trafikkontroll. Dei ser etter fire fotogene fyrar, det er latterleg openbert. Dei har stoppa ein fyr som liknar på Stig, og ein «hestehalebetjent» står og ser på eit bilete, før ho igjen ser på mannen. Hennar mannlege kollega ristar på hovudet. Den kvite Caravellen blir ikkje eingong vinka inn, og dei køyrer vidare langs Fjøsangerveien.
Omsider kjem dei til Lagunen, der halve bydelen tydelegvis har teke turen til handlesenteret. Ved inngangen til parkeringsgarasjen står det at det er nøyaktig tre plassar igjen i heile fleiretasjars-huset. So forsvinn dei òg. Victoria og Line vekslar blikk seg imellom.
«Det ser ikkje ut som det er parkering her…!» seier den tydeleg opphissa Line. «Eg gløymde at Lagunen har nattope i dag…!»
«Ja, det var jo synd…!» svarer Victoria. «Kanskje vi kan parkere i Laguneparken…!»
«Ja…!» Line stryk ei hand nedover skuldra til Karl, som gløder av eufori der han sit. «Kanskje kan vi det…!» Ho ser på klokka på bilen. «Men klokka er allereie mykje…! Vi kan fare hit i morgon…! No har jo Karl fått prøve armbanda våre òg, og eg trur han likar dei…!»
«Nei, han likar dei ikkje…!» flirer Victoria. «Han elskar dei…! Sjå på han…! ‘Karla’ gløder som ein varmelampe…!»
Brunetta med steinansiktet blir jaga inn i nok ein nesten-orgasme. Dette er 1000 gonger betre enn sex!
Den kvite Caravellen gjer vendereis og køyrer vekk frå handlesenteret. Men, for å glede Karl, so køyrer dei ikkje raskaste veg til Seim igjen; dei køyrer Knappetunnelen til Loddefjord, slik at Karl får meir enn nok høve til å nesten kome igjen og igjen og igjen.
Dei har rett. Dei eig han, han bestemmer ingenting, og dette er paradis på jord!
