Ei sak har fleire sider: Innreisenekt til USA og skadefrygd på Uten Filter

Saksyndig fekk her om dagen ein e-post frå ein lesar som ein kan kalle temmeleg rabiat. Vedkomande viser til psykopati, sadisme og skadefrygd hjå aktørar innan alternative media, og viser til ei konkret sak som har fått ein del merksemd i nyheitsbiletet dei siste dagane. Saksyndig har valt å ta føre seg essensen i saka, men har òg valt å ikkje gjengje e-posten eller delar av den, mest på grunn av dei mange sterke og injurierande skuldingane. Alle saker har minst to sider, og det kan sjå ut til at det i dette tilfellet er vesentlege avvik mellom kva partane fortel. Kva som faktisk skjedde, vil nok ikkje kome fram, med mindre ei tredje kjelde står fram med sin versjon.

Stridens kjerne er denne: Ein 21 år gammal mann frå Tromsø har i det siste fått stor merksemd i nasjonale og internasjonale media etter at han vart nekta innreise til USA på Newark-flyplassen utanfor New York. Etter eit langt avhøyr med ICE (Immigrations and Customs Enforcement; det føderale amerikanske toll- og immigrasjonspolitiet), vart den slitne og vitskremde ungdommen truga til å gje ICE passordet til mobilen sin, og til å skrive under på dokument som inneheldt uriktige opplysningar. Alternativet var bøter eller fem års fengsel. ICE skal ha funne ein politisk meme på mobilen hans som viser eit fotomanipulert bilete av JD Vance, der han ser skalla og tjukk ut. I tillegg fann dei eit bilete av ei heimelaga pipe, og skal på det grunnlaget ha nekta han innreise. Dei som eigentleg er ansvarlege for å nekte 21-åringen innreise, CBP (Customs and Border Patrol; «toll- og grensepatruljen») og Department of Homeland Security, har nekta for at 21-åringen vart nekta innreise på grunn av det politiske biletet, men fordi han innrømte bruk av narkotika. Det skal her seiast at i dei to territoria han brukte narkotika, var dette lovleg.

21-åringen er offisielt nekta innreise til USA fordi CBP mistenkte at han hadde intensjon om å jobbe i landet utan visum eller opphaldsløyve, ifølgje eit dokument datert 11.juni 2025, underskrive av ein CBP-betjent ved namn Yamil Valdes Crespo. Dette står i skarp kontrast til kva den unge mannen vart fortalt verbalt, at han vart nekta innreise på grunn av ekstremist-propaganda og narkotisk brukarutstyr (bilete av det CBP oppfatta som ei slags hasjpipe).

På grunn av mediestormen måtte 21-åringen til slutt setje mobilen i flymodus, fordi alle dreiv og ringde han heile tida, og han ville ha fred.

Tilfellet med 21-åringen er berre eitt av mange i dei amerikanske immigrasjonsstyresmaktene sine overgrep mot uskuldige, lovlydige borgarar som reiser til USA med fredelege intensjonar. Det vitnar om eit brutalt byråkrati, eit aggressivt nulltillitspoliti og ei meir eller mindre psykopatisk forvaltning. Alle er høgst skuldige fram til det motsette blir bevist – om dei då gidd å bevise noko i det heile teke. CBP gjekk berre utifrå at 21-åringen var ein farleg rusmisbrukar og politisk dissident (kanskje òg terrorist med planar om å likvidere JD Vance, Trump og heile gjengen!), og at han difor måtte sendast på fyrste fly heim igjen til Noreg.

Uten Filter har kommentert saka, men i motsetnad til andre media meiner dei 21-åringen sjølv er skuld i episoden. Han har feil politisk tilhøyrsle, ser dei ut til å meine. Hans brotsverk er sunn skepsis til Trump som president, noko han har til felles med det store fleirtalet i hovudstraumsmedia (der mange i tillegg er korrespondentar busett i USA; dei har tydelegvis ingen problem med å kome seg inn i landet). Og redaksjonen poengterer (gnir det inn, rettare sagt) at USA har all rett til å bestemme kven som skal få innreise – same kor tåpeleg og usakleg grunnen er. Ein kan trygt seie at gjengen kjenner godt til konseptet skadefrygd. Ein kan òg stille spørsmålet kor høge dei sjølve hadde vore i hatten om dei hadde blitt håna, trakassert, intimidert og truga på denne måten.

Det skal leggjast til at dei amerikanske immigrasjonsstyresmaktene har praktisert nulltillit og openlys fiendtlegheit lenge før JD Vance og Trump kom inn i biletet. Faktisk har USA i mange år vore berykta for sin grensepolitikk. I det siste ser ein dette reflektert i at stadig færre vel å ta turen til USA. Det er for mange rett og slett ikkje verdt bryet – landet er ikkje so storslege som USA-venner påstår at det er. Mange land er betre og vennlegare, men dei manglar diverre det enorme, velsmurde propagandaapparatet USA har.

Nordmenn er i verdsklasse når det gjeld skadefrygd. Dei godtar seg over andre menneske si elende, spesielt dei som det skjer verkeleg fæle ting med. Saksyndig-lesaren antydar i sin e-post at redaksjonen i Uten Filter burde ha blitt plassert i ein eigen psykopat-kategori. Ikkje berre på grunn av det dei skriv om innreisenekt-saka, men òg av grunnar vi ikkje kjem til å gjengje her; lesaren blir oppfordra til å grave i forholdet mellom redaktør Øyvind Eikrem og tidlegare lokallagsleiar i Noregsdemokratane Ellinor Birkeland – vi høyrer historier og dei er ikkje til fordel for Eikrem, for å seie det mildt!

Saksyndig-redaktøren vi ikkje gå direkte inn i psykopat- og skadefrygd-diskusjonen, men stiller eit heilt legitimt spørsmål avslutningsvis:

Dersom du støttar handlingane til eit menneskefiendtleg og vondsinna immigrasjonspoliti, kva seier det om deg og dine haldningar?

Kommenter innlegget