Farao-«forbanning» er knytt til eldgammal sopp som kan revolusjonere kreftbehandling

Etter ei rekkje mystiske dødsfall etter opninga av grava til Tutankhamon i 1922, byrja det å gå rykte om ei «forbanning» som råka alle som forstyrra mumien til faraoen. No veit vi takka vere moderne vitskap betre: ein giftig sopp infiserte personane og forårsaka dødsfalla. Denne same soppen, Aspergillus flavus, har no vist seg å vere lovande innan kreftbehandling. Dei øydelegg mellom anna leukemiceller utan å skade friskt vev, i motsetnad til cellegift, som ærleg tala gjer meir skade enn godt. Atter ein gong har gamle Egypt og deira visdom – iallfall indirekte – vist seg å vere til stor nytte for den moderne menneskeheita.

Cassie B. i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«I fleire tiår kviskra arkeologar om den frykta ‘mumie-forbanninga’ etter ei rekkje mystiske dødsfall i kjølvatnet av 1922-opninga av kong Tutankhamons grav. Den same nifse soppen som fekk skulda for desse dødsfalla, Aspergillus flavus, har no dukka opp som ein usannsynleg helt i kampen mot kreft. I eit lagnadens forbløffande krumspring har forskarar ved Universitetet i Pennsylvania oppdaga at denne organismen, ein gong frykta for sine dødelege luftvegsinfeksjonar, produserer samansetningar som er i stand til å selektivt øydeleggje leukemiceller medan dei sparer friskt vev. Funna, som er publisert i Nature Chemical Biology, kan bane veg for ein ny generasjon målretta kreftterapiformer som kjem frå ein av naturens mest misforståtte mikrobar.

Ei forbanning som har blitt om til ein kur

Legenda om mumie-forbanninga fekk bein å gå på då lord Carnarvon, mannen som stod bak den finansielle støtta til utgravinga av kong Tut, døydde nokre månader etter å ha vore inne i gravkammeret. Fleire tiår seinare møtte 10 av 12 arkeologar som gravde ut kong Kasimir IV sitt gravkammer i Polen liknande lagnader. Moderne vitskap identifiserte seinare Aspergillus flavus, ein giftig, sporeproduserande sopp, som den sannsynlege skuldige. Sporane, som trivst i lukka gravkammer i fleire hundreår, kan når dei blir inhalerte utløyse dødelege infeksjonar, spesielt hjå dei med svekt immunforsvar.

Likevel, i ei forbløffande heilomvending, har forskarar no brukt denne sjølvsame soppen til å konstruere eit potensielt kreftgjennombrot. ‘Dette er naturens ironi på sitt beste,’ sa Sherry Gao, seinor-forfattar av studien og professor ved Universitetet i Pennsylvania. ‘Den same soppen som ein gong vart frykta for å forårsake død, kan no hjelpe til med å redde liv.’

Å låse opp det skjulte apoteket til naturen

Nøkkelen ligg i ein sjeldan klasse av molekyl som blir kalla asperigimycinar, ein type ribosom-syntetiserte og etter-translasjonelt-modifiserte peptid (RiPP). Desse komplekse samansetningane, som ein sjeldan finn i sopp, har unike strukturar som lèt dei interagere med biologiske system på presise, potente måtar. Etter å ha isolert fire nye asperigimycinar, fann forskarane ut at to av dei utviste ‘sterke, anti-leukemiske eigenskapar’ sjølv i sin naturlege tilstand, ifølgje leiande forfattar Qiuyue Nie.

For å sterke effektiviteten deira, festa forskarar til dei lipid-molekyl som liknar dei ein finn i dronninggelé, den næringsrike substansen som dronningbier blir fôra med, noko som lèt samansetningane trengje seg inn i kreftceller meir effektivt. Vidare eksperiment avdekte at eit gen ved namn SLC46A3 fungerer som ein molekylær inngangsport, noko som hjelper legemiddelet med gå til direkte åtak på leukemiceller medan det går utanom friskt vev. Denne oppdaginga kan revolusjonere måten legemiddelet blir teke opp når det gjeld andre tilstandar som er vanskelege å behandle.

Ulikt konvensjonell cellegiftbehandling, som utraderer både kreftceller og friske celler, verkar asperigimycinar å vere genuint selektive. Tidlege testar viste minimal påverknad på bryst-, lever- og lungekreftceller, noko som antydar ein fokusert mekanisme som forstyrrar leukemiceller-delinga, og berre den. ‘Kreftceller deler seg ukontrollert,’ forklarte Gao. ‘Desse samansetningane blokkerer danninga av mikrotubuli, som er essensielle for celledeling.’

Ei ny yttergrense innan soppmedisin

Funna til teamet understrekar det unytta potensialet til medisinar som er utvikla frå sopp. ‘Soppar gav oss penicillin,’ sa Gao. ‘Desse resultata viser at mange fleire medisinar som kjem frå naturprodukt enno gjenstår å finne.’ Ved å skanne sopp-genom og raffinere uttrekkingsteknikkar, trur forskarar at tallause andre livreddande samansetningar ventar på å bli oppdaga.

I neste omgang planlegg teamet å teste asperigimycinar på dyremodellar, med kliniske forsøk på menneske som det endelege målet. ‘Naturen har gjeve oss dette utrulege apoteket,’ sa Gao. ‘Det er opp til oss å oppdage hemmelegheitene til det.’

Frå forbanna gravkammer til banebrytande laboratorium, har Aspergillus flavus gått frå å vere skurk til å bli visjonær. Det eldgamle kulturar frykta som ei overnaturleg svøpe, kan snart bli eit vitnesbyrd på krafta vitskapen har til å reinvaske sjølv dei dødelegaste skaparverka til naturen – å gjere forbanningar om til kurar, eitt gjennombrot av gangen.»

Kommenter innlegget