Ein klok og særs intellektuell mann, del 1

Dette er del 1 av kortromanen «I dei kommunale skugganes dal».

Når Karl no er fanga i Tenkjestraumen med heksene på ubestemt tid, er det på tide å vende blikket bakover til hans gåtefulle fortid som helsefagarbeidar i ein dysfunksjonell etat. Stundom er fortida meir spennande enn notida.

Lat oss gå nokre år tilbake i tid, til då Karl jobba som helsefagarbeidar på eit ambulerande team for heimebuande personar med diagnosen psykisk utviklingshemming. Ei bleik, spøkjelsesliknande dame i dei triste 50-åra kom inn på dette kommunale kontoret. Klokka var 7:25 om morgonen ifølgje den simple kommuneklokka på veggen. Ute var det svarte natta. Regnet og vinden slo mot vindauga. Dei bleike, gulaktige lysa frå lyktestolpane glitra som svake stjerner. Denne dama kledde seg meir som ein mann i femtiåra enn ei dame på den alderen. Håret hennar vart sølvgrått og klipt i ein kort, mannleg frisyre. Ho hadde eit par lesebriller med blå innfatning i den lett krokete neven. Ho hadde eit angstprega, utslite uttrykk i ansiktet. Hennar isblå auge skein som to skrøpelege glaskuler. Ho sette seg ned ved bordet og opna ein tjukk ringperm med ein stabel ark. Det var vaktplanboka, der det stod kven som skulle på jobb den dagen.

Akkurat då gjekk det i ei dør ute i gangen. Dama såg opp i det fjeset hennar vart endå bleikare. Steg høyrdest. Sakte og kalkulerande steg. Ansiktet til denne dama skein av nærast botnlaus frykt. Ho såg ut som ho venta på sjølvaste dødningslosen.

Figuren til ei høg, blond dame i slutten av 40-åra tårna i døropninga. Ho var kledd i ei svart, tettsitjande skjorte som framheva hennar prominente byste. Eit eismalt sølvsmykke med ei perle glitra mot den bleike, nordiske huda. Det blonde håret var kort og hadde ein like guteaktig frisyre som den til den eldre dama. Perleøyredobbar glitra på kvar side av det firskorne, middelaldrande ansiktet. Ho gjekk inn i rommet som om ho eigde det.

«God morgon, Carina,» sa ho med ei honningstemme som var svikefullt munter.

«G-god morgon, Tiril,» svarte Carina med ei stemme som knapt nok bar.

Tiril fekk eit surt uttrykk i ansiktet og sleppte frå seg ein kort lått av knusande forakt.

«Veit du…» byrja ho i det ho elegant sette seg ved bordet, lente seg tilbake og spreidde dei lange, slanke beina. – «… det er ikkje morosamt å møte på jobb når sjefen min ser ut som ho skal kaste opp kvar gong ho ser meg. Er du ikkje einig?» Ho helte seg ein kopp kaffi.

«Eg er lei meg, men eg fekk ikkje sove i natt,» sa sjefen med ei stemme som langtfrå høyrdest ut som ei typisk sjefsstemme. – «Korleis har du det i dag?»

«Det er min fyrste dag på jobb etter ein månads sjukmelding på grunn av den kroniske sjukdommen eg har,» sa ho. – «So i dag forventar eg å få vere på kontoret saman med Silje-Marie.»

«Skal de begge vere på kontoret i dag?» spurde Carina medan frykta lyste i auga. Stemma hennar låg i eit lyst toneleie som ein vanlegvis fann hjå ungjenter – der var ikkje spor av autoritet der i det heile. – «Eg treng verkeleg å få gjort nokon kontoroppgåver i dag… Eg meiner, Karl og eg jobba rævene av oss i helga i dobbeltvakter fordi ingen ville jobbe, og–»

«Eg er vernepleiar, nett som du!» tora Tiril og slo den senete neven i bordet. Carina skvatt og fór saman i redsel av utbrotet. – «Eg har rett til å ta ein kontordag når eg vil! Hugs at eg har ein kronisk sjukdom! Medan eg var sjukmeldt kunne eg knapt kle på meg, langt mindre gjere husarbeid, matlaging og liknande! Eg gjekk truleg ned fem kilo! Hadde ikkje dottera mi Thale kome eins ærend frå Stavanger og hjelpt meg, hadde eg svelta i hel! Og no vil sjefen min at eg skal køyre rundt i ein liten kommunebil i to bydelar og tørke rævene til psykisk utviklingshemma!»

«Tiril, det er jo jobben din,» klynka Carina med ei stemme som knapt nok høyrdest. – «Eg har prøvd å snakke med deg om det tidlegare. Kanskje du burde byrje å søkje på administrative stillingar. Du har framleis mange år igjen til du kan gå av med pensjon.»

«Korleis vågar du!!» brølte dama i flammande raseri. Det skumma omtrent rundt den store kjeften. Carina byrja nesten å grine av denne kokande amasona. Tiril lente seg sakte og trugande over bordet. – «Du driv med aktiv diskriminering mot meg! Du har til og med stole fleire kontoroppgåver frå meg og gjeve dei til Karl, ein simpel helsefagarbeidar! Fy faen, altso!»

«Jammen kjære Tiril, nokon måtte jo gjere dei!» Der var djupaste fortviling i røysta på den stakkars dama. – «Silje-Marie har meir enn nok å gjere allereie, og det har eg òg! Eg er jo avdelingsleiaren på dette teamet! Karl har tilfeldigvis mastergrad frå universitetet, og han er ein klok og særs intellektuell mann!»

«Han er ein simpel helsefagarbeidar! Han har ikkje lov til å ha kontoroppgåver!» Ho gjekk i fistel. – «Han får betalt for å jobbe i miljøet, ikkje på kontoret! Berre ein vernepleiar kan ha kontoroppgåver i denne etaten! Det er regelen!»

«Vel, regel og regel, det er opp til meg som leiar å avgjere kva folk i personalgruppa kan gjere og ikkje gjere. Har dei evne og vilje til det, so ver so god!» Carina kneip lett naseryggen mellom auga, før ho sukka tungt. – «Høyr no litt på meg, Tiril… Ver no litt grei for éin gongs skuld.»

«For éin gongs skuld?!» Stemma hennar gjekk over i endå lysare fistel.

«Tiril…» Carina var på randa av gråt. – «I dag er du, Silje-Marie, Rosa og eg på vakt. Eg vere på kontoret, fordi eg har mykje viktig arbeid å gjere, mellom anna å køyre lønn. Du vil vel ha betaling? Nokon må godkjenne og sende inn lønnsoversikta for neste månad, og berre avdelingsleiar kan gjere det. Silje-Marie og eg har blitt einige om at ho jobbar i miljøet fram til tolv, og på kontoret frå tolv til tre.»

«Nei, eg vil ha ho med meg her på kontoret heile vakta, slik at eg har nokon å prate med. For det psykososiale arbeidsmiljøet sin del, veit du.» Ho kryssa armane over den struttande bysten. – «Du vil vel ikkje bryte Arbeidsmiljølova ved å late meg sitje mutters åleine på kontoret, eg som har vore sjukemeldt og alt?»

Carina såg på ho med eit oppgjeve ansiktsuttrykk:

«Eg… Eg veit ikkje eingong kva eg skal svare på slikt. Tykkjer du sjølv at du bidreg til eit godt psykososialt arbeidsmiljø, Tiril?»

«Hugs at eg er verneombodet, so dette er mitt felt!»

«Øh, ikkje heilt, Tiril…» Carina gneid seg med ei lett skjelven hand over nakken. – «Du skjøner… Karl er no det nye verneombodet.»

«Kva?!» gaula Tiril, nok ein gong i fistel. – «Han?! Korleis i faen skjedde det?!»

«Han vart einstemmig valt på vårt siste personalmøte før jul! Du gjorde jo ikkje det slag i dei fem åra du var verneombod! REVO – resultateiningsverneombodet, ditt overordna verneombod – måtte gjere alt arbeidet for deg! Heile personalgruppa stemte for at Karl skulle bli verneombod! Fleirtalet har tala! Det må du berre godta!»

«Karl er ein psykopat og eit kryp!» snerra Tiril.

«Det er det med all respekt delte meiningar om!» snerra Carina tilbake. – «Ikkje forvent at eg nokosinne skal tru på dei røvarhistoriene dine!»

Akkurat då gjekk døra ute i gangen opp med eit brak. Inn kom det halvvegs snublande ei dame i midten av 30-åra med tynt, brunblondt hår knytt i låttelege musefletter som hadde passa betre på ei førskulejente. Ho hadde ein diger flekk av noko som såg ut til å vere jogurt over heile brystet på den rosa ullgenseren.

«Fashionably late som alltid!» utbraut Tiril med ein brei grimase av eit tilgjort smil.

«Tiril, du er tilbake!» utbraut dama.

Tiril reiste seg og gav ho ein teatralsk affektert klem medan ho kasta Carina eit knusande blikk av triumf og dominans over skuldra. Carina krympa seg. Tiril strauk nevane sine over ryggen på dama og gav ho til og med eit kyss på kinnet.

«Korleis går det med deg, Silje-Marie?» spurde ho med tilgjort omtanke. – «Korleis går det med jentene dine?»

«Ylva har byrja på skulen, medan Maja skal byrje no i haust,» svarte Silje-Marie.

«I dag skal du og eg vere på kontoret, og Carina skal hjelpe Rosa ute i miljøet,» erklærte Tiril, før ho igjen såg med desse glødande auga av siger på sjefen sin. – «Ikkje sant, Carina?»

«Ja, det skal de…» sa ho. Fjeset hennar hadde eldast ti år og såg endå bleikare og sjukare ut. – «Kor er forresten Rosa?»

«Ho gjekk rett på 7:30-oppdraget vårt,» sa Silje-Marie. – «Eg møtte ho i barnehagen der vi begge har ungane våre.»

«7:30-oppdraget?» spurde Carina. – «Vi skal jo vere to der, jamfør vedtaket! Brukaren er for tung til å bli stelt av berre eitt personale!»

«Vel, då bør du få ræva di bort der og hjelpe ho, då,» sa Tiril med eit arrogant flir. – «Det vil sjå særs dårleg ut for deg som leiar dersom Rosa får prolaps i ryggen – igjen. Ho hamna nesten i rullestol sist det skjedde.»

Carina reiste seg og gjekk noko ustø over golvet. Ho tok på seg vinterjakka og greip ein av bilnøklane som hang i eit nøkkelskap.

«Skal vi bestille sushi til lunsj?» spurde Silje-Marie.

«Åh ja!» utbraut Tiril. – «Og vi bruker kontoret til Carina. Ho har jo ikkje tid til å vere der i dag sjølv.»

Dei to damene flirte i det Carina halvvegs styrta ut derifrå.

**

Klokka var på slaget tre. Carina kom sjagande gjennom dørene inn til kontoret – ho såg ut som ho skulle krepere. Karl sat framfor dataskjermen og las rapport medan han supa kaffi. Han snudde seg og såg med empati på Carina.

«Du ser litt sjuk ut, sjef,» sa han.

«Tiril er tilbake,» sa Carina, før ho halvvegs fall ned i kontorstolen framfor den andre datamaskina.

«Ja, eg er klar over det,» sa han og himla med dei grøne auga. – «Der var sushi-restar over heile skrivebordet ditt. Eg tok og rydda og vaska etter dei.»

«Hmm, var dei framleis her då du kom?»

«Vel, eg kom her klokka to for å gjere litt verneombodsoppgåver. Då var det ikkje eit menneske her.»

«Pokker… Både Tiril og Silje-Marie jobbar til tre, og dei hadde allereie gått klokka to.»

«Burde dei ikkje blitt trekt ein time i løn, då?»

«Kva?» Ho lo kort. – «Nei, er du galen? Tiril hadde jamna heile bygningen med jorda!»

Karl såg på ho i djupaste medkjensle. Der var derimot vag antydning til irritasjon i det unge ansiktet hans, men det var fullstendig forståeleg. Slik manglande evne til å disiplinere sine underordna klang ikkje godt i hovudet hans. Han heldt derimot klokeleg kjeft.

«Eg såg i vaktplanboka at du ikkje hadde teke inn vikar for Oddveig for i kveld,» sa han.

«Åh skitt, ho gjekk jo av med pensjon før jul!» utbraut Carina og heldt seg til hovudet.

«Ja, og vi feira ho jo her på kontoret med kake og konfekt, heldigvis utan Tiril si giftige tilstadevering. Stillinga til Oddveig har stått vakant sidan.»

«Det gløymde eg fullstendig, Karl! Eg er so lei meg!» Auga hennar vart fylde av tårer.

«Ser ut som eg jobbar åleine i kveld, då.» Han trekte på skuldrene.

«Er det i orden? Eg meiner, eg kan hjelpe deg om du vil! Alt er min feil!» Ei tåre trilla nedover kinnet på ho.

Karl reiste seg sakte og gjekk bort til ho. Ho såg på han i djupaste anger. Deretter gav han ho ein klem. Ho klemde han tilbake, genuint overraska.

«Det er i orden, Carina. Gå heim til mannen din og kvil deg. Eg tek meg av tomsingane.»

Ho såg opp på han med skinande auge.

«Eg håper ikkje du kallar dei tomsingar so dei pårørande høyrer det.» Ho smilte svakt, vel vetande om at Karl naturlegvis aldri ville finne på noko slikt. Han var jo profesjonell. – «Takk for at du er so forståingsfull.»

«Det skulle bere mangle. Du er den beste sjefen eg har hatt.»

Han skulle akkurat logge seg av datamaskina og byrje på oppdraga, då Carina sa:

«Åh, forresten, Karl…» Han såg på ho merksamt. – «Eg skulle eigentleg sjå over og godkjenne lønna for neste månad i dag, men på grunn av Tiril måtte eg jobbe i miljøet i staden.» Ho falda hendene i ein nærast tiggande positur framfor han. – «Trur du at du kunne ha gjort det for meg? Eg meiner… Du kjenner brukarnamnet mitt til lønnsprogrammet, og du er flinkare til slikt enn eg er…» Auga hennar var tindrande og tårefylte. – «Ver so snill?»

«Ikkje noko problem. Eg gjer det når eg tek lunsj klokka seks.»

Denne gongen var det Carina som klemde han.

Soverommet stinka av kjønn og sveitte. Tiril sat oppå ein mann langt opp i 50-åra og rei han medan begge stønna i ekstase. På nattbordet stod det eit gammalt bryllaupsbilete. Det må ha blitt teke på 70-talet. Mannen på biletet var ei yngre utgåve av mannen i senga. Dama var ei yngre utgåve av ingen ringare enn Carina. Mannen kom med eit stønnande brøl medan Tiril vende blikket mot bryllaupsbiletet og smilte frå øyre til øyre – frå perle til perle. Ho viste finger til bilete før ho fekk ein totalt ufortent orgasme. Klokka var halv tre. Carina ville ikkje vere heime før tidlegast halv fire, sidan ho måtte handle.

Den svarte, stygge Volvoen til Tiril skar ut på hovudvegen akkurat i det Carina kom gåande bortover fortauet, berande på to fulle berenett med varer. Ho gledde seg til å kome heim til sin kjære, som var ein av to menn ho kunne stole på i denne fæle, kommunale skugganes dal!

**

Carina sat på kontoret sitt og jobba iherdig – for éin gongs skuld hadde ho tid til å gjere oppgåvene sine som leiar. Medan ho sat der midt i sitt episke skippertak, dukka det ein bælfeit, skalla mann opp i døropninga. Carina skvatt medan ho heldt seg til brystet. Den feite mannen hadde eit par lesebriller på toppen av hovudet. Han gjekk inn på kontoret. Han var so omfangsrik at han knapt fekk plass.

«Carina, vi har eit problem,» sa han med si djupe mannsrøyst. Carina lytta merksamt. – «På februarlønninga har Tiril og Silje-Marie blitt trekt ein time i løn. Begge har teke kontakt med fagforeininga si, og eg fekk kjeft av tillitsvalt for ein halvtime sidan. Eg vil ha ei forklaring på dette, Carina.»

Carina bleikna heilt inn til beinet. Ho kremta, før ho sa med den lyse ungjentestemma si:

«Øh, dei gjekk jo frå arbeid før tida utan ein gyldig grunn.» Ho visste godt at det var Karl som hadde registrert dette fråværet då han etter instruks frå ho køyrde lønna – med hennar brukarnamn og passord.

«Ja, og der har vi problemet.» Han sukka tungt. – «Begge hadde faktisk gyldig grunn. Tiril har ein kronisk sjukdom, noko fastlegen har bekrefta. Ho har løyve til å forlate arbeidsplassen når ho føler for det. Ho går jo på topp. Og Silje-Marie hadde sjukt barn, so ho måtte fare og hente veslejenta i barnehagen.»

«Hmm, det sa ingen av dei eit ord om til meg.» Carina vrei seg nervøst på den ynkelege kommunestolen.

«Ifølgje dei sa dei det til deg.» Han sukka igjen. – «Carina, eg må vere nådelaust ærleg med deg her. Du gjer ikkje ein god jobb. Du ser ikkje ut til å greie å utføre kontoroppgåvene dine. Du er meir i miljøet enn du er her. Det er ikkje greitt. Ikkje greitt i det heile. Du er den einaste avdelingsleiaren igjen i etaten som jobbar i miljøet. Alle dei andre er administrative leiarar.»

«M-men Tiril insisterte på å vere på kontoret, og–»

«Carina, er Tiril din næraste leiar?» Han smilte svakt til ho. Den stakkars dama rista på hovudet. – «Nei, du er hennar næraste leiar. Du skal vere på kontoret medan ho skal vere i miljøet og jobbe etter beste evne. Og eg er din næraste leiar igjen. Eg seier at du skal vere på kontoret.»

«Du kjenner ikkje Tiril på same måte som eg gjer det.» Stemma hennar skalv. – «Ho tvingar meg til å jobbe i miljøet! Ho jagar meg omtrent frå mitt eige kontor! Ho skremmer livet av meg! Eg er livredd for å vere i same etasje som ho!»

«Greitt, Carina.» Ein kort pause medan han trekte pusten. – «Då har vi eit anna problem.» Han såg på ho medan han kvilte hendene på hoftene. – «Meiner du sjølv at du har det som skal til for å vere ein kommunal mellomleiar?»

Underleppa til Carina skalv. Sjefen hennar snudde seg og forlét kontoret, ein tanke utilpass. Sekundet etter braut den stakkars dama saman i gråt.

Kommenter innlegget