Ejakuline, eller tosken som prøvde for hardt

Følgjande historie dukka nyleg i innboksen til Saksyndig-redaktøren. Vedkomande kallar seg berre «Einar», og vi går utifrå at dette er ei fiktiv forteljing. Sidan det er sommar og ferieavvikling, og sjølve høgsesongen for agurknyhende, har vi valt å publisere denne teksten. Ikkje fordi vi ikkje har anna materiale tilgjengeleg, men fordi vi tykkjer at den er inni helvete morosam.

Greitt, eg må jo byrje ein stad. Heile denne absurde draumen byrja med at eg fór til Lehmkuhl-hallen ute ved NHH for å ta meg ei treningsøkt. Som student ved UiB hadde eg rett på medlemsskap i Studentsamskipnaden sine treningsstudio over heile byen. Lehmkuhl-hallen låg ein kort spasertur frå studenthyblane på Hatleberg, like over fireveltsvegen som gjekk mot sentrum og Fløyfjellstunnelen. Å vere medlem på studenttreningsstudio var vesentleg billegare enn på eit vanleg treningsstudio, so kva hadde eg å tape?

Her må eg berre skyte inn og fortelje at eg ikkje har sett mine bein på universitetet eller vore student sidan våren 2006, og no skriv vi 2017. Eg tenkte naturlegvis ikkje over det rare faktum at eg brått var elleve år tilbake i tida. Men nok om det.

Etter ein produktiv dag på lesesalen og fleire førelesningar, var eg meir enn klar for å sveitte og vri på meg, og hadde på meg eit par heilt nye treningstights. Ja, eg trena faktisk i tights, som ein av få menn. Det var noko med elastisiteten og stoffet som gjorde meg… vel… som fekk meg i treningsmodus, kan du seie.

Eg var fullskiten i pengar frå fem års slavearbeid i skogane utanfor Vancouver, og hadde fordelt beløpet på ein brukskonto og to sparekontoar. Dette hadde eg gjort etter tips frå Direktøren, sidan eg då ville få rente frå tre kontoar i staden for berre éin. Det var difor med største sjølvtillit at eg sveipa bankkortet mitt og oppretta medlemsskap i Studentsamskipnaden sine treningsfasilitetar. Beløpet var berre ein drope i havet for meg, og eg tok smilande imot kvittering og mitt nye treningskort frå den smellvakre blondina bak disken. Ho ønskte meg god trening, og eg spurta energisk ned trappene til herregarderobane. Eg hadde i forkant vore innom Åsane senter og kjøpt ein treningsbag, drikkeflaske og eit par nye treningssko av ypparleg kvalitet. Eg tok ut ein heilt ny hengjelås som eg brukte til garderobeskapet.

Klokka var fire om ettermiddagen. Ei sømeleg treningsøkt, og so ein tur bort på Rema 1000 i krysset for å kjøpe vesentlege mengder mat og andre elementære hushaldningsartiklar.

Tightsa heldt manndommen min stødig på plass og gav den samstundes rom til å utvide seg etter behov. At heile verda såg konturane av min mannlege anatomi, var berre noko eg fann pirrande. Eg var atter ein gong 24 år gammal (elleve år yngre enn eg er no), og fylt av ungdommeleg hybris, overlegenheit og ei kjensle av å vere usårleg. Eg kjende med udødeleg i ei verd der alt var rimeleg oppnåeleg berre ein jobba hardt nok. Erfaringsmessig går garantien på menneskekroppen ut ved fylde 30, og all trening etter det er berre vedlikehald for å utsetje det uunngåelege. Var det rart mange menn vart surare og surare dess eldre dei vart? Alt vart jo stivt bortsett frå den eine kroppsdelen der slikt spelte noka rolle!

Ei uvanleg vakker, veldreia ung dame med langt, blondt, alvaktig hår knytt i ein hestehale stod å strekte og vrei på seg på ei ellipsemaskin. Auga hennar var bleikblå og store, huda hennar hadde den typisk bleike fargen til nordiske venleikar, som var verdsettertrakta. Dei store puppane hennar strutta der ho jobba i veg med skuldrene trekt tilbake og eit overlegent uttrykk i det perfekte ansiktet. Brystvortene var synlege gjennom stoffet på den bleikblå, tettsitjande treningsskjorta. Ho hadde på seg eit par svarte, skinande treningstights med eit bleikblått mønster som galant framheva dei himmelske beina, låra og faste, spretne rumpe. Eit tettsitjande sølvsmykke med eit stjerneforma anheng følgde perfekt konturane av den vedunderlege svanehalsen. Dei søte øyra var pynta av to kvite, plettfrie perleøyredobbar. Ho såg søtt overlegen ut, og ignorerte meg fullstendig i det eg helste på ho på min veg forbi. Ho vrei på sin veltrena, muskulære kropp på den ellipsemaskina. Ho var den einaste studenten i det svære lokalet. Eg installerte meg oppå ei av tredemøllene rundt fem meter bak den vrikkande, struttande rumpa hennar. Utanfor slo regnet mot ei store, avlange vindauga, glaset pulserte i den sterke vinden. Det gjekk i kvitt utpå fjorden. Eg byrja å gå, trygt innandørs.

Eg sat der og såg på dei fem TV-skjermane i andre enden av lokalet. I tillegg strøymde musikk ut frå høgtalarar som var godt skjule – eg såg dei ingenstad.

Den smellvakre, barmfagre blondina kasta han plutseleg eit blikk over den veldefinerte skuldra. Ho møtte blikket hans i brøkdelen av eit sekund, før ho himla med dei vakre auga og snudde seg. Eg heva lett på augnebryna. Kva var dette for fakter? Eg gnei haka, både lettare irritert og lettare indignert. Frå den augneblinken av oppdaga eg at eg ikkje kunne ta auga i frå denne unge sexbomba. Ikkje berre stod ho der og vrei seg framfor meg og var i synsfeltet mitt same kor eg såg, det var ingen andre enn oss i lokalet.

Det var då eg merka ei velkjent, svulmande kjensle nedantil. Ein viss kroppsdel hadde vakna opp og var klar til dyst. Det kjendest ut som eg ikkje hadde spruta på eit år.

Blondina kasta meg eit nytt blikk, der ho mønstra meg frå topp til tå. Heldigvis var min fullt erigerte kroppsdel skjult av ramma til tredemølla. Nok ein gong braut ho augekontakt og snudde seg, der ho heldt fram si energiske økt på ellipsemaskina. Eg vrei på meg medan kjakane raudna. Kuken min hamra meir og meir, den formeleg skreik etter utløysing. Eg såg ned på underlivet. Kuken stod rett ut som eit spyd, omtrent uhindra av det elastiske buksestoffet. Ballane mine kjendest ut som dei var på storleik med fotballar. Eg såg dei ese sakte, men sikkert mellom beina på meg. Dei vart sprengjeferdige, akkurat som dei enorme, pirrande struttepuppane til den vridande og vrikkande blondina.

Ho gjorde seg ferdig med ellipsemaskina og spratt lett og leikent av den. Ho stod med ryggen til meg og tørka seg i panna med eit kvitt, jomfrueleg handkle. Deretter tok ho ein lang slurk frå den bleikblå vassflaska. Brått ringde ein mobiltelefon. Ho snudde seg slik at eg såg ho (og puppane) i profil og svarte den. Ho hadde ein søt og katteaktig nase.

«Hei, det er Jaqueline,» svarte ho med ei herleg jentestemme. Ho uttala namnet sitt «jakkeline», i same tonefall som ein seier «trampoline». – «Ja, eg kan jobbe dagvakt i morgon. Ikkje noko problem. Berre skriv meg opp. Ettermiddag dagen etter? Jepp, eg har ingenting før arbeidshelga mi, so det går fint. Ei ettermiddagsvakt på torsdag? Klart eg kan det, men då kan eg ikkje ta fleire, eg er oppe i fem vakter då. Greitt, då snakkast vi i morgon klokka halv åtte. Hadet.» Ho la på.

Ho strekte på seg slik at dei store puppane strutta endå meir – det såg nesten ut som dei este der ho stod. Brystvortene var framleis godt synlege på den stramme skjorta. Ho bøygde hovudet bakover og lukka auga medan ho opna munnen. Eg kjende ei herleg kitling byrje på undersida av den sprengjeferdige kuken, eg vrei meg i håplaus opphissing.

Nok ein gong såg ho rett på meg. Heldigvis var obskøniteten min framleis skjult bak tredemølla. Dei bleikblå auga hennar møtte mine, før ho såg vekk og rista sakte på hovudet. Eg glante sprengkåt på ho då ho vende meg ryggen og gjekk med nasen i sky mot ei samling yogamatter borte ved ribbeveggane. Med flytande, nesten hypnotiske rørsler gjekk ho ned på alle fire og byrja å gjere strekkjeøvingar. Ho låg der med panna i golvet og rumpa i vêret, og vogga sakte fram og tilbake. Eg sleppte frå meg eit lite klynk då det kitla og sprengde nesten uuthaldeleg der nede. Eg strekte meg sakte der eg trampa og stønna i veg på tredemølla.

Blondina, denne «Jakkeline», kasta meg eit blikk der ho balanserte på alle fire med ræva i vêret, og ei rynke av forundring dukka opp mellom dei vakre, bleikblå auga. Frå sin posisjon såg ho rett på min erigerte kuk! Ho vart raud som ein tomat i fjeset, og eg kunne ikkje gjere noko for å skjule meg. Kuken min gjorde som den ville, og eg var verja til den berre i namnet! Blondina spratt opp frå golvet med eit uttrykk av avsky i det vakre ansiktet. Ho glante stygt på meg der eg stod og skreva med ein fot på kvar side av det rullande bandet. I det ho snudde seg og styrta ut derifrå med den vakre nasen i sky, ejakulerte eg i mine splitter nye treningstights.

Eg gav der og då denne jenta namnet «Ejakuline», og håpte og bad at eg aldri kom til å møte ho igjen.

One comment

Kommenter innlegget