Neandertalarar trekte feitt ut av bein for å unngå proteinforgifting

Sjå òg «Et mykje feitt – bli ei feittforbrenningsmaskin», publisert 9.april 2024.

Neandertalarar har ofte blitt framstilt som dumme og evolusjonært mislykka – det er jo moderne menneske og ikkje neandertalarar som er å finne i verda i dag. I kampen mellom ressursar og verdsdominans var det dei som tapte. Men tydar det at dei var primitive og mangla intelligens? Langt ifrå. Arkeologar har nyleg oppdaga evidens for at neandertalarar trekte feitt ut av bein i Tyskland for 125 000 år sidan. Dette var ein strategi for å hindre proteinforgifting, som kan oppstå om ein berre et kjøt. Dette tydar at neandertalarane hadde evne til planlegging, lagring og koordinasjon, noko som er nok ein bekreftelse på intelligensnivået deira.

Cassie B. i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«I ei banebrytande oppdaging som omskriv forståinga vår av tidleg menneskeleg oppfinnsemd, har arkeologar oppdaga evidens for at neandertalarar dreiv ein førhistorisk ‘feittfabrikk’ i det som no er Tyskland for 125 000 år sidan. Funna, publisert i Science Advances, avslører korleis desse eldgamle slektningane systematisk knuste og kokte dyrebein for å trekkje ut feitt – ein livskraftig, kaloririk ressurs som kan ha redda dei frå dødeleg proteinforgifting. Oppdaginga flyttar tilbake tidslinja til avansert ressurs-intensivering med nesten 100 000 år, noko som provar at neandertalarar var langt meir oppfinnsame enn ein tidlegare har trudd.

Forskarar identifiserte 2000 beinfragment frå hestar, hjortedyr og kveg på Neumark-Nord-staden, saman med hammarsteinar og amboltar som vart brukt til å knuse beina. Fragmenta viser at neandertalarar fyrst trekte ut mergen før dei kokte dei knuste beina for å få feitt i ein arbeidsintensiv prosess som gav dei essensielle næringsstoff som dei ikkje hadde i sin kjøttunge diett. ‘Det er overraskande kreativ og innovativ åtferd frå neandertalarar,’ sa arkeolog Osbjorn Pearson, som ikkje var involvert i studien.

Å unngå proteinforgifting gjennom feitt-uttrekking

Moderne jegerar og sankarar forstår farane av å stole for mykje på magert kjøt – ein tilstand kjent som proteinforgifting eller ‘kanin-ihelsvelting’ [engelsk rabbit starvation]. Ein diett som har nok protein, men manglar feitt eller karbohydrat fører til kvalme, skranting og til og med døden. Neandertalarar, som hovudsakleg var kjøtetarar, stod overfor den same risikoen. Oppdaginga av beinfeitt-uttrekking antydar at dei utvikla ei løysing for å balansere dietten sin med kaloritett feitt.

‘Muskel-kjøt – greiene som vi likar å hive å grillen – vart generelt sett på av jegerar og sankarar i oldtida som hundemat,’ forklarte studie-medforfattar Wil Roebroeks frå Leiden universitet. ‘Du kan berre ete 300 gram protein om dagen [og halde deg frisk]… so du treng mykje av andre karbohydrat eller feitt for å nå ditt daglege energibehov.’

Analyse av beina indikerer at dei vart systematisk brotne nær feittrike område, for so å bli kokt for å skilje feittet. Dei prosesserte fragmenta antyda at neandertalarar kan ha lagra eller transportert feitt – evidens på å planleggje framover som ein ikkje har sett i tidlegare periodar. ‘Dette var intensivt, organisert og strategisk,’ sa leiande forfattar dr. Lutz Kindler ved MONREPOS senter for arkeologisk forsking.

Ressurs-intensivering oppdaga tidlegare enn nokosinne

Før denne studien var det tidlegaste bekrefta dømet på slik sofistikert feittprosess datert til berre 28 000 år sidan, som var lenge etter at neandertalarane forsvann. Dei nye funna plasserer ressurs-intensivering godt innanfor neandertalarane sine evner, noko som utfordrar syn på deira kognitive evner.

‘Neandertalarar handterte tydelegvis ressursar med presisjon – dei planla jakt, transporterte kadaver, og gjorde om feitt innanfor eit oppgåvespesifikt område,’ sa Kindler. Sjølve volumet av bein – 172 store pattedyr – indikerer ein koordinert innsats langt utover enkel slakt. ‘Beinfeitt-produksjon krev eit visst volum av bein for å gjere denne arbeidsintensive prosessen verdt bryet,’ la medforfattar og professor Sabine Gaudzinski-Windheuser til.

Det at staden ligg ved sida av ein innsjø, antydar eit bevisst val, kanskje for å få tilgang til vatn under kokeprosessen. Studien peiker òg på potensielle matlagringsstrategiar – eit anna kognitivt sprang som ein tidlegare trudde berre var reservert for moderne menneske.

Eit glimt inn i førhistorisk overleving

Bortsett frå dei reint kosthaldsrelaterte implikasjonane, understrekar oppdaginga evnene til neandertalarane. Deira evne til å manipulere eld, prosessere ressursar effektivt, og planleggje for potensiell mangel, er dei same som strategiane til seinare jegerar og sankarar. ‘Vi ser neandertalarar jakte og minimalt slakte hjortedyr på eitt område, prosessere elefantar intensivt på eit anna, og – som denne studien viser – trekkje ut feitt frå hundrevis av pattedyr-skjelett på ein sentralisert stad,’ sa Roebroeks.

Funna stiller seg òg attmed evidens på at neandertalarar laga lim og handterte landskap, noko som forsterkar kor sofistikerte dei var. Likevel gjenstår spørsmål, til dømes nøyaktig korleis feittet vart ete. Kan det ha blitt blanda med plantevarer i stuingar, eller tørka for seinare konsum? Framtidig forsking kan avsløre fleire spor.

I denne omgang står Neumark-Nord-‘feittfabrikken’ som eit vitnesbyrd på neandertalarane si overlevingsoppfinnsemd, og omdannar synet vårt på våre for lengst utdøydde syskenbarn. Langt frå primitive åtseletarar, var dei planleggjarar, innovatørar og meistrar av miljøet sitt, som var i stand til å løyse problem som truga overlevinga deira.»

I ettertid viste berre det moderne mennesket seg å vere ein formidabel fiende som ikkje kunne overvinnast. So neandertalarane døydde ut. Eller gjorde dei det? Lesaren blir her oppfordra til å gjere research om sambandet mellom neandertalarar og yetiar – eller avskyelege snømenn – som gjerne finst i aude område i Nord-Amerika og Sibir. Det du finn vil overraske deg.

Kommenter innlegget