Definisjonen på liv

Framhald av «Det sterke kjønnet» og «Ejakuline, eller tosken som prøvde for hardt».

Førelesinga byrja kvart over elleve. Alle førelesingar på universitetet starta kvart over, noko som innan akademia var kjent som «det akademiske kvarter». Altso kom denne førelesinga til å vare i 45 minutt. Eg gjekk inn i dette store auditoriet med 200 sitjeplassar og fann meg sitjeplass på ei av dei fremste radene, i nærleiken av veggen og trappa. Eg hadde ikkje vore på lesesalen på Sydneshaugen i dag, men i staden sete i lesesalen på Hatleberg og studert. Eg byrja å lese klokka sju, og hadde difor meir enn tre timars ærleg studiearbeid bak meg. Då eg oppdaga at eg var den einaste mannlege studenten og omringa av vakre, unge studiner, kjende eg ei vag kjensle av komande undergang. I sekken min låg det eit par reine truser. Berre sånn for tryggleiks skuld.

Professoren kom inn i auditoriet. Han såg ut til å vere i 60-åra ein stad, med ein tjukk, snøkvit hårmanke og eit kort, velfrisert skjegg. Dagens tema var logikk, som på universitetet var eit eige felt med sin eigen, interne logikk (noko som unekteleg var heilt logisk!). Eg innsåg raskt at dei fleste studiar hadde sin eigen sjargong, og at dei tilsynelatande ikkje såg ut til å samarbeide med kvarandre i det heile. Dei var som små, isolerte øyar i ei øygruppe som ikkje såg ut til å ville vedkjenne seg kvarandre.

«I dag skal vi snakke om definisjoner!» utbraut denne erkebergensaren med si rike, melodiøse stemme. Han hadde den kraftfulle stemma til ein erfaren orator. – «Hvorledes vil du definere en terrorist?» Han peikte på ei høgt attraktiv, raudhåra jente i ein kvit bluse og ein svart genser.

«Nokon som utfører terrorisme?» spurde ho redd med ei stemme som knapt nok høyrdest.

«Unge frøken,» sa professoren. – «Dersom jeg ser et slikt svar på en eksamen, vil jeg bli ganske så blid.» Han lente seg nærare ho. – «Fordi da vil jeg ikke behøve å lese et eneste ord mer av den besvarelsen, siden eksaminanden som skrev dette da har strøket!» Han lo hjarteleg, før han lente seg vekk frå ho. – «Hvis du definerer en terrorist som nogen som har begått terrorisme, har du gjort en såkalt sirkeldefinisjon! I en definisjon kan man ikke ha det samme ordet som man skal definere! Om en leser ikke vet hva terror eller terrorisme er, kommer han eller hun ikke til å vite hva en terrorist er! Altså må man definere en terrorist på en annen måte. Først av alt, hva er egentlig terrorisme?»

Det store auditoriet var stille som grava. Professoren gnei si skjeggete hage intrigert, før han brukte ein liten fjernkontroll til å gå over på neste ark i PowerPoint-presentasjonen.

«Hva prøver terrorister vanligvis å oppnå?» spurde han i det ordet terrorisme dukka opp med store bokstavar på lerretet. – «Og vennligst ikke svar ‘spre terror’, fordi det er også en sirkeldefinisjon!» Han trykte på ein knapp og bokstavane «isme» forsvann, slik at berre ordet terror var igjen. – «Hva er terror? Det er roten til både ‘terrorist’ og ‘terrorisme’.» Ei anna jente rekte si delikate dokkehand i vêret. – «Vær så god?»

«Øydelegging og kaos?» spurde ho.

«Det er en temmelig nøyaktig definisjon,» sa professoren. – «Så, nu når ordet terror har blitt definert, hvorledes vil du da definere en terrorist?»

«Ein person som spreier øydelegging og kaos?» spurde ho.

«Ja …?» Han veiva lett med handa i eit forsøk på å hale noko meir ut av ho. – «Og hvorfor sprer han ødeleggelse og kaos? Hvilket formål har han?» Ho såg på han med hovudet på skakke. – «Tenk litt på den. Ikke bare terrorister sprer ødeleggelse og kaos. Det gjør også fotballpøbler og orkaner!» Auditoriet kniste i sin stille majoritet. – «Hva skiller en terrorist fra en pøbel?»

Ei anna hand kom i vêret ikkje langt frå meg. Fram til då hadde eg ikkje lagt merke til det blonde hovudet. Og desse perleøyredobbane. Og dette tettsitjande sølvsmykket med det vesle, dinglande, stjerneforma anhenget. Professoren nikka til den unge dama – som til mi store skrekk viste seg å vere Ejakuline!

«Det er politisk eller religiøst motivert,» svarte ho med si faste, tydelege stemme. – «Terroristar spreier øydelegging og kaos for å få fram ein religiøs og/eller politisk bodskap.»

«Korrekt, unge dame!» utbraut professoren med eit breitt glis i sitt skjeggete ansikt. Blondina snudde seg mot brunettevenninna med eit triumferande smil i sitt bleike, nordiske ansikt – profilen til hennar søte, katteaktige nase skein som eit nasalt monument over plettfri, uendeleg overlegen kvinneleg flogvit og eit sosialt veltilpassa liv.

Munnen min opna seg sakte då den skrekkelege, ertande opphissinga nok ein gong pinte meg. Eg stira håplaust forgapt og bergteken på Ejakuline, på hennar bleikblå genser, på hennar kvite, jomfruelege skjortekrage og på det vakre sølvsmykket som pynta svanehalsen. Mine lengtande, panikkslegne auge kvilte på venninna sin blendande kvite høghalsa genser og korleis dei lange, brune flettene pynta kvar side av overkroppen. Eg kokte, syda og brann då eg glante hemningslaust på Ejakuline sine store, struttande puppar og korleis ho lett vrei på seg i djupaste triumf framfor 200 par auge i det svære auditoriet. Alle elska ho, aksepterte ho, støtta ho og såg på ho som sin likeverdige. Perleøyredobbane glitra so altfor, altfor perfekt då ho snudde seg elegant mot professoren.

«Den aksepterte definisjon av ‘terrorisme’ er spredning av ødeleggelse og kaos for å fremme et politisk og/eller religiøst politisk budskap!» utbraut professoren i det han trykte på fjernkontrollen. Setninga dukka opp på skjermen, tilnærma ordrett frå det Ejakuline sa. Eg vrei engsteleg på meg i eit desperat forsøk på å sleppe unna den hamrande, sprengjande kitlinga i den opprømte kuken min. Heldigvis var denne indre kampen frå mi side skjult under bordet, og godt gøymt i dongeribuksa. Med ei mildt skjelven hand skribla eg ned definisjonen med mi vakre handskrift – eg kjærteikna omtrent det kvite, jomfruelege papiret.

Snart trekte den horrible kitlinga seg tilbake og eg trudde faren var over for denne gong. Sjølv om eg ikkje kunne late vere å sjå den praktfulle blondina med den bleikblå genseren, kunne eg stoppe meg sjølv frå å glane som bergteken på hennar vridande kropp. Eg hadde ei våt kjensle i trusa. Når pausen kom, hadde eg den eksplisitte intensjon om å stikke på dass og stappe sjenerøse mengder toalettpapir i dei, slik at dei kunne suge til seg denne fuktige manifestasjonen av mannleg lyst som eit slags provisorisk bind.

«La oss nu gå over til en fullstendig annerledes definisjon, nemlig den vanskeligste av dem alle!» utbraut professoren på ein nærast teatralsk måte. Han la hendene på hoftene og stira utfordrande på publikum. – «Hva er definisjonen på liv?»

Oi. Det var ein notorisk vanskeleg definisjon. Kva var eigentleg liv? Eg hadde høyrt det spørsmålet stilt både i skrift og i tale mange gonger. Sjølv det å forsøke å definere det som so kløktig veik seg unna definisjon, var som å balansere på slakk line over ein avgrunn av utskjemming.

«Hvis noen av dere greier å frembringe en definisjon, vil jeg ta av meg hatten for dere, for til og med undertegnede klarer ikke å finne en eksakt, forenende definisjon,» sa den sprenglærde eldre herren.

Alle verka imponert då blondina med perleøyredobbane og den blå genseren løfta si delikate dokkehand i vêret. Professoren smilte breitt til ho og gjorde eit høgverdig nikk som fekk han til å sjå kongeleg ut. Eg vart straks fullt erigert igjen, ei overveldande sitring fekk meg omtrent til å krysse auga. Eit sukk av age gjekk samstundes gjennom det svære auditoriet.

«Liv er materie som på eiga hand er i stand til å oppretthalde sin vidare eksistens,» sa Ejakuline med si lokkande og høgst pirrande jentestemme. Kvar staving kitla og egga meg. Professoren gnei seg intrigert på den skjeggete haka. – «Metodane for å halde fram eksistensen er mange, og dei varierer mellom dei ymse formene for materie.»

«Så, du definerer altså liv som materie som, på egen hånd, er i stand til å opprettholde homeostase?» spurde professoren.

«Ja,» svarte ho bestemt i det ho lente seg tilbake i stolen. Dei digre puppane strutta slik at dei nesten flerra gensere open. Det var som om ho prøvde å få dei til å ese seg endå litt større.

«Så spedbarn, som ikke er i stand til å spise selv, er ikke klassifisert som liv?» spurde professoren med eit lite, lurt smil.

«Dei er i stand til å fordøye mat på eiga hand, når dei fyrst får det,» sa Ejakuline. – «Det gjeld vaksne òg. Vi går sjeldan på jakt eller leitar etter vekster i skogen og liknande. Alt vi et blir gjeve til oss, i byte mot pengar. Og kven seier at liv er avhengig av mat? Planter et jo ikkje.»

«Godt poeng, unge frøken,» sa den vise mannen. – «Så materie som ikke lenger kan opprettholde homeostase, materie som ikke lenger kan holde seg i live… Er ikke den materien lenger klassifisert som liv? Som, for eksempel, når et menneske er tilkoblet respirator og får sondenæring, enten midlertidig eller permanent – er den organismen ikke lenger tilhørende kategorien liv? Den ‘materien’ er jo ute av stand til å opprettholde sin videre eksistens.»

«Livet er ein prosess, so det at denne prosessen tek slutt fører til døden,» sa Ejakuline. Eg vrei meg skjelvande og sprengjeferdig då kitlinga vart sterkare. Ein hamrande, vedunderleg verk og ei sterk kjensle av å vere oppsvulma byrja nedantil. Eg såg på ho i desperat lengsel då ho trekte elegant på skuldrene. – «Livet oppstod lenge, lenge før respiratorar og sondar, so eg ser ikkje relevanse, professor. I framtida kan der oppstå livsformer som fullstendig manglar homeostase. Som til dømes…» Ho tok ein pause i det puppane hennar este litt. Den vesle stjerna til det lekre smykket dingla lett mot den bleike, nakne huda. Ho var so vakker at det gjorde vondt. Alt kitla meir og meir uuthaldeleg, og det kjendest ut som eg skulle eksplodere. Eg stira på ho i forgapt beundring. – «… kunstig intelligens som har blitt bevisst sin eigen eksistens.»

Ho strekte lett og leikent på seg. So smilte ho so vakkert, og det var det smilet som dytta meg over kanten.

«Åh, skitt…!!» klynka eg i det kuken min eksploderte i ein særs grisete orgasme.

«Udmerket, unge frøken!» utbraut professoren og klappa i hendene. Det at han klappa fekk alle andre (bortsett frå stakkars, tilgriste meg!) til å klappe òg. Applausen drønna i salen. Det at all merksemda var retta mot Ejakuline passa særs godt for ein fyr som nettopp hadde kome i buksene sine midt i ei førelesing! – «Fremragende! Definisjonen på liv er meget kontroversiell, og min (mer enn) kvalifiserte gjetning er at en tilfredsstillende definisjon er umulig. Du, skjønne dame, har i dag klart det umulige!»

«Orsak meg…!» sa eg stille, før eg reiste meg. I det publikum kasta seg på ein tredje runde med applaus for denne ad hoc-definisjonen på liv, sneik eg meg usett (og u-lukta!) ut av auditoriet for å skifte truser.

Den klassiske definisjonen på liv var at det kunne døy. Akkurat då var det nettopp det eg ønskte.

Kommenter innlegget