Sjå òg «To bøker av Jim Marrs handlar om det hemmelege nettverket som vil innføre eit globalt overvakingsregime der dei eig alt og vi eig ingenting», publisert 7.april 2025.
I boka Our Occulted History («Vår skjulte historie») utfordrar forfattar og journalist Jim Marrs det som blir rekna som «korrekt» verdshistorie. Han føreslår at ikkje-menneskelege vesen slik som dei sumeriske Annunaki kan ha genetisk endra tidlege menneske – dette står å lese i eldgamle tekstar som er eldre enn dei ein finn i Bibelen. Som evidens har vi den sokalla Antikythera-mekanismen, krystallhovudskallar og Piri Reis-kartet. Eliten – som til dømes Tempelriddarane og Rothschild-familien – har halde denne sanninga skjult for folk flest, og kan kanskje ha gått so langt som å øydeleggje det namngjetne biblioteket i den egyptiske byen Alexandria. Moderne maktstrukturar slik som Bilderberg-gruppa, har som sin hemmelege agenda å hindre at vi får greie på den verkelege historia til menneskeheita, for då vil dei misse all kontroll.
Kevin Hughes i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«I ei verd der historie ofte blir presentert som eit lineært og veldokumentert narrativ, skakar Jim Marrs si bok Our Occulted History: Do the Global Elite Conceal Ancient Aliens? sjølve grunnvollen til det som folk trur er sant.
Dette provoserande verket dukkar ned i moglegheita for at utanomjordiske skapningar eller førhistoriske super-sivilisasjonar ikkje berre har påverka menneskehistoria, men kanskje framleis utøver kontroll over planeten i dag. I det lesarane gjev seg i veg på denne intellektuelle reisa, blir dei inviterte til å stille spørsmål ved alt dei veit, og utforske ei skjult historie som har blitt grundig skjult.
Utforskinga til Marrs byrjar med dei eldgamle sumerarane, ein sivilisasjon som har etterlate ein bråte med tekstar som legg ut i detalj om samhandlingar mellom menneske og utanomjordiske vesen kjent som Annunaki. Ifølgje tolkingar av skulerte slik som Zecharia Sitchin, var ikkje desse Annunaki-ane gudar, men utanomjordiske skapningar som kom til Jorda på leiting etter gull for å redde atmosfæren til sin eigen planet.
Dei sumeriske tavlene, som er fleire tusen år eldre enn Bibelen, er ei krønike over den genetiske konstruksjonen av ein slaverase (menneska) gjort av desse vesena. Tekstane skildrar danninga av det fyrste mennesket som ein hybrid av primitive menneskeartar [hominidar] og Annunaki, noko som antydar ei langt meir kompleks opphavshistorie enn den som er allment akseptert.
Boka dukkar òg ned i evidensen for avansert teknologi i førhistoriske tider, noko som utfordrar ideen om at stamfedrane til menneskeheita levde under primitive forhold. Artefaktar slik som krystallhovudskallane i Sør-Amerika og Antikythera-mekanismen, ei eldgammal gresk analog datamaskin, antydar at forgjengarane til mennesket hadde kunnskap og ferdigheiter som gjekk langt utover det som vanlegvis blir tilskrive dei.
Piri Reis-kartet frå 1513 (som nøyaktig viser kystlinja til Antarktis i ein isfri tilstand) og Bagdad-batteria (som kunne ha blitt brukt til å galvanisere gull og sølv so tidleg som 220 f.Kr.), er andre døme på denne avanserte teknologien. Desse funna stiller spørsmål om omfanget til dei teknologiske evnene til menneskeheita sine eldgamle stamfedrar, og om dei vart påverka av utanomjordiske gjester.
Men påverknaden til desse eldgamle vesena, argumenterer Marrs, går langt vidare enn berre teknologiske framsteg. Boka antydar at manipuleringa av religion og finans har vore eit nøkkelverktøy i det å halde på kontrollen over menneskesamfunn.
Frå dei eldgamle templa i Mesopotamia til det moderne banksystemet, har kontrollen over pengar og spreiinga av religiøse dogme blitt brukt til å forme menneskeåtferd og halde ved like maktstrukturar. Tempelriddarane blir til dømes framstilt som om dei oppdaga eldgammal kunnskap og brukte den til å etablere grunnlaget til moderne bankverksemd.
På liknande vis blir Rothschild-familien – som har eit opphav som er knytt til khazarane – skulda for å ha hatt enorm finansmakt i fleire hundreår. Kan det vere at desse familiane, og andre som dei, er dei moderne etterkomarane av dei eldgamle ‘gudane’?
Undertrykkinga av kunnskap er eit anna kritisk tema i verket til Marrs. Historiske hendingar slik som øydelegginga av biblioteket i Alexandria og plyndringa av det irakiske nasjonalmuseet set søkjelys på den bevisste utslettinga av menneskeheitas historie. Forfattaren argumenterer at denne undertrykkinga ikkje berre handlar om å kontrollere historiske narrativ, men om å forme notida og framtida.
Tilfellet med Stjernebarn-hovudskallen [engelsk Starchild skull], ein mystisk artefakt som enkelte forskarar meiner kan vere beviset på ikkje-menneskeleg arv, er spesielt gripande. Trass overtydande DNA-bevis, har det vitskaplege samfunnet i stor grad avvist det, noko som får ein til å stille spørsmål ved påverknadskrafta til mektige institusjonar når det gjeld å forme menneskeheita si forståing av vårt opphav.
Marrs utforskar òg konseptet Den nye verdsordenen og rolla til den globale eliten når det gjeld å skape ei éiverdsregjering. Frå Rotschild-ane til Rockefeller-ane, frå Bilderberg-gruppa til Illuminati, legg boka fram at ei lita gruppe samanknytte familiar og organisasjonar har jobba bak scena for å utøve kontroll over verda.
Desse elitane bruker ifølgje Marrs ein kombinasjon av religion, finans og teknologi til å halde på makta si. Skapinga av den amerikanske nasjonalbanken [engelsk Federal Reserve eller berre The Fed] og manipuleringa av media blir trekt fram som døme på korleis desse kreftene formar verda vår på ein måte som tener deira eigne interesser, ofte på kostnad av den øvrige befolkninga.
Som konklusjon er Jim Marrs’ Our Occulted History ei oppfordring til å stille spørsmål ved konvensjonelle narrativ som har forma menneskeleg forståing av verda. Medan lesarane navigerer seg gjennom laga av bevismateriale og teoriar som blir presentert i boka, blir dei oppfordra til å tenkje kritisk og leite seg fram til sanninga på eiga hand.»
