Roger Waters (81) risikerer 14 års fengsel for å støtte Palestina

Den tidlegare frontfiguren og hovudlåtskrivaren i Pink Floyd, Roger Waters (fødd 1943), risikerer visstnok 14 års fengsel for si støtte av Palestina – nærare bestemt for si støtte av organisasjonen Palestine Action, som no har blitt klassifisert som ei terroristgruppe under britiske Terrorism Act 2000. Å uttrykkje støtte for organisasjonen vart under britisk lov straffbart 5.juli i år. Waters har tidlegare blitt skulda for antisemittisme, og for å generelt vere eit dårleg menneske, av ingen ringare enn kona til tidlegare bandmedlem David Gilmour. Kontrovers mellom Pink Floyd-medlemmer er generelt velkjent og veldokumentert, men aldri har dei politiske frontane mellom Waters og Gilmour vore steilare enn no.

Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Waters si støtte risikerer alvorleg straffeforfølging, sidan medlemskap i eller offentleg støtte til Palestine Action vart ulovleg frå og med den laurdagen [5.juli 2025]. London-politiet arresterte 29 personar på Parliament Square for å vise fram plakatar der det stod å lese ‘I oppose genocide, I support Palestine Action’ [«eg er motstandar av folkemord, eg støttar Palestine Action»], noko som understrekar den nifse effekten på ytringsfridom og dei veksande spenningane rundt det å støtte palestinske rettar i Storbritannia.

Loudersound.com rapporterer: I videoen som er lagt ut på hans sosialmedie-kanalar 5.juli, seier tidlegare Pink Floyd-legende Waters: ‘For the record, I support Palestine Action,’ [«Berre for å få sagt det, eg støttar Palestine Action»], og han kallar pressgruppa ‘ein strålande organisasjon’ og deler trua hans på at den ‘ikkje-valdelege’ gruppa ‘absolutt ikkje er terroristar på nokon måte’.

Waters, som snakkar i studioet sitt, vender deretter kameraet mot telefonen sin for å vise eit bilete av eit stykke kartong der han har skrive orda ‘ROGER WATERS SUPPORT PALESTINE ACTION’, der han under har lagt til ‘Parlamentet har blitt korrumpert av agentar frå ei folkemordarisk utanlandsk makt! REIS DYKK OG BLI TALDE! DET ER NO!’.

Plakaten er datert ‘5.juli 2025’.

I videoen sin erklærer Waters 5.juli for ‘Uavhengigheitsdagen 2024’ og seier ‘Eg erklærer mi uavhengigheit frå Regjeringa i Storbritannia, som akkurat har klassifisert Palestine Action som ein terroristorganisasjon’.

‘Dette er ‘I Am Spartacus’-augneblinken,’ skriv han i innlegget sitt. ‘Ver vennlege og reis dykk.’

Israel har blitt skulda for å utføre folkemordhandlingar under den noverande krigen i Gaza av mange organisasjonar, inkludert FNs menneskerettsråd.

Israels militærkampanje, igangsett av terroråtaket i oktober 2023 av Hamas på israelsk jord der rundt 1200 vart drepne og 251 vart tekne som gissel, har resultert i dødsfalla til over 58 000 palestinarar, ifølgje det Hamas-styrte helseministeriet. 58 gissel frå 7.oktober 2023-åtaket er framleis i fangenskap av Hamas på Gaza-stripa.

Israel har på alle måtar nekta for at dei har folkemordintensjonar, noko som krev at visse grenseverdiar blir oppfylte for å bli juridisk anerkjent; ei sak som Sør-Afrika la fram til Den internasjonale straffedomstolen som skuldar Israel for å utføre folkemord mot palestinarar, blir framleis behandla. Konflikten har gått føre seg i fleire tiår, og offisielle FN-tal for dei 15 åra før 2023-eskaleringa har registrert 7277 palestinske dødsfall og 162 121 palestinarar skadde på okkupert palestinsk territorium og Israel sidan 2008, og 368 israelske dødsfall og 6670 skadde israelarar i det same tidsrommet i regionen.

Roger Waters har lenge vore ein framtredande støttespelar til det palestinske folket, og har blitt skulda for antisemittisme for tidlegare kommentarar som refererte til den politiske situasjonen i Gaza.

I 2023 la Polly Samson, partneren til Waters sin tidlegare Pink Floyd-bandmedlem David Gilmour, ut eit innlegg på Twitter der ho kalla Waters ‘antisemittisk heilt inn til din rotne kjerne’, ein ‘Putin-apologet’, og ‘lygande, stelande, hyklerisk, skatteunndragande, medjattande, kvinnehatande, grøn av misunning, stormannsgalen’, og la til ‘Nok av tullet ditt’.

David Gilmour følgde opp innlegget ved å leggje til ‘Kvart ord er beviseleg sant’.

Der har enno ikkje kome nokon handlingar frå nokon britisk politistyrke når det gjeld videoen til Waters.»

Det høyrer derimot med til historia at Campaign Against Antisemitism har truga med å politimelde alle som bryt nemnde lov – og det inkluderer truleg òg Waters.

Kommenter innlegget