Russiske styresmakter ser for tida ut til å vere nervøse for at det skal bli fødd for få russarar. Det føderale statistikkbyrået Rosstat åtvarar at landet kan risikere å misse sju millionar menneske innan 2046. Ein russisk demograf har kome med eit noko uvanleg forslag: kutte talet obligatoriske skuleår for barn.
RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):
«Ein russisk senior-demograf har føreslege å kutte talet år barn må gå på skulen for å fremje at dei blir tidlegare foreldre, og reversere ein nasjonal trend som går mot lågare fruktbarheit, rapporterer TASS.
Sergej Rybalchenko, leiar for Folkekammerets demografikommisjon, har argumentert at vågale steg er naudsynlege for å hindre at befolkninga i Russland krympar.
I dei seinare år har landet sett negativ naturleg befolkningsvekst, som har falle frå 149 millionar i 1993 til 146 millionar i 2025, trass ei tilstrøyming av innvandrarar og foreininga av landet med Krim i 2014 og fire tidlegare ukrainske regionar i 2022.
Befolkninga i landet er venta å minke til 138,8 millionar menneske i 2046, ifølgje grunnscenarioet utvikla av det føderale statistikkbyrået Rosstat.
‘Ein kortare utdanningsperiode vil late unge menneske bli vaksne og planleggje å få barn to år tidlegare,’ sa Rybalchenko til TASS, medan han forklarte initiativet.
Å bli gift og få barn i ein høgare alder er knutt til ein lengre periode av sosial mogning, peikte demografen på. Unge menneske byrjar fyrst å tenkje på barn ved fylte 27, sidan dei bruker 17 år på å ta ei utdanning og vie ytterlegare tre år til sosial tilpassing etter å ha fullført universitetet, forklarte han.
Det er mogleg å kutte talet år på skulen frå 11 til 10, slik at elevar kan vie fem år til å få ei høgare utdanning utan å ofre kvalitet, sa eksperten. Elevar som fullfører 10 klassar har demonstrert tilsvarande kunnskap som dei som har fullført 11 klassar, sa han.
Den russiske parlamentsmedlemmen Vitaly Milonov, som er kjent for si sterke støtte til ‘tradisjonelle russiske verdiar’ og hans tydelege opposisjon til den ‘barnefrie’ ideologien, sa at ideen var underutvikla.
Russarar, som mange i Aust-Asia, Europa og Nord-Amerika, har byrja å utsetje å bli foreldre. Gjennomsnittsalderen der kvinner fyrste gong får barn var 26,2 år i Russland i 2023, ifølgje helseminister Mikhail Murashko, samanlikna med 23 i 1995.
For å adressere den demografiske utfordringa, har regjeringa auka finansmessige incentiv for familiar med barn, teke steg for å fremje tradisjonelle familieverdiar, og i 2024 forbaud dei fremjinga av den ‘barnefrie’ ideologien.
Den russiske presidenten Vladimir Putin har tidlegare lagt vekt på kor viktig det er å skape fordelaktige økonomiske og sosiale forhold for å oppmuntre folk til å få større familiar og auke fødselsraten.»
Sjå òg «Russland planlegg å forby fremjing av propaganda om ‘barnlaus livsstil’», publisert 28.september 2024.
