Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Anstendig kaffi og subtil gift på Bergen storsenter», publisert 14.februar 2025.
Stian, ein av Karl sine kontaktar i Bergen, spaserer gjennom dei solsvidde gatene på Møhlenpris like ved Nygårdsparken. Denne karen i slutten av 30-åra med briller og rufsete raudblondt hår, har vore innom ein Bunnpris-butikk og kjøpt seg ein is. Isen varer ikkje lenge i denne ekstreme varmen, og ein kan saktens spørje seg kven som et raskast: Stian eller dei nådelause solstrålane. Fyren er kokt i ansiktet, og den kvite, luftige T-skjorta og den svarte badeshortsen gjer lite for å halde varmen ute. Fyren kunne ha gått naken, og han ville framleis ha vore like uuthaldeleg varm.
Slik er det om sommaren her i Noreg, sjølv om visse klima-alarmistar vil ha det til at varme somrar er teikn på global oppvarming og snarleg død og undergang. Greta Thunberg er visstnok på ein ny verdsturné der ho reiser rundt og kjeftar på folk. «Korleis vågar de?» synest han ho høyre skrike. Vart ikkje ho nettopp kasta ut av Israel på grunn av sin påståtte «antisemittisme»? Han flirer og ristar på hovudet. Folk er galne – heten og vaksineskadar har gått dei til hovudet.
Det er knapt eit menneske å sjå i området. Folk held seg heller innandørs der dei ligg desperate og pesar over altfor dyre vifter som jobbar altfor hardt med å kjøle ned dei dampande, brennvarme leilegheitene. Som tidlegare tømrar veit han at norske hus er laga for å halde på varmen, for det er jo kaldt i Noreg mesteparten av året elles. Kvifor lage eit hus som held akseptabel temperatur i dei tre sommarmånadene, men er bikkjekaldt resten av året? Statistisk sett er det fleire som frys ihel enn som sveittar ihel her i verdas «rikaste» land.
Isen er for lengst oppeten. Han kastar pinnen i næraste søppelbøtte, som stinkar av gammalt avfall. Flugene surrar aggressive rundt bøtta, og får han til å vemjast. Har søppelfolka gått ut i streik? Faktisk, når han ser seg rundt, skulle ein tru heile nabolaget hadde dauda i frå alt.
Ting endrar seg då han kjem til foten av Puddefjordsbroen og spaserer opp trappene til Nygårdshøyden og universitetsområdet. Dei fyrste menneska han møter på toppen, er ei gruppe kinesiske turistar som er på guida tur i den vesle botaniske hagen ved Studentsenteret. So finn Stian seg sjølv omringa av menneske, der alle er lettkledde. Somme kler det. Andre… ikkje so mykje. Ein overvektig tyskar godt opp i åra er kledd i ingenting anna enn ein Borat-shorts i det han trippar inn på ein 7eleven. Den unge, raudkjaka blondina som står hjelpelaust på utstilling bak disken, peiker bryskt på ein norsk- og engelskspråkleg plakat ved døra:
Ingen skjorte, ingen service!
Tyskaren snur slukøyra i døra og spaserer ut i den brennande, kvelande varmen igjen. Stian ristar på hovudet. Det får då vere grenser!
Nede på Festplassen surrar det av folk. Mange står og ventar på buss. Stian sin buss til Loddefjord kjem om fire minutt. Han gler seg til å kome heim til leilegheita si, som har nordvendt kjøkken og soverom. Han skal liggje som eit slakt på sofaen resten av dagen, det er no heilt sikkert! Litt privilegium må han ha, han som har evig «ferie» frå lønt arbeid.
I det han står der og ventar, ser han tre svartkledde, ganske bleike damer kome spaserande forbi den berømte paviljongen ved Festplassen. Noko ved dei får han straks til å rette all merksemd mot dei. Dei er ikkje akkurat kledd for 35 varmegrader, ei heller er dei kledd for dette hundreåret. Tok ein eit bilete av dei og farga det svart-kvitt, ville alle ha blitt tilgjevne for å tru at biletet vart teke rundt år 1900. Dei utstråler noko av ei anna verd, noko nifst og mørkt.
Dama i midten går med solbriller og har eit steinansikt verdig ein statue. Likevel får Stian brått kjensla av at ho ser rett på han. Ho har ein vakkert glitrande perlechoker rundt halsen, som har eit hjarteforma anheng i sølv som dinglar lett og leikent. Stian frys til der han står i varmen. Dei tre kryssar fortauet akkurat i det Loddefjord-bussen kjem sigande nedover den solbada gata. Bussjåføren med mikrofonfrisyre opnar dørene, og folk byrjar å strøyme inn på bussen.
Eit namn dukkar opp i hovudet til Stian, og han bryt ut, akkurat i det dei tre damene passerer han. Namnet blir ytra i den brennvarme sommarlufta, og dei tre stoppar opp og snur seg mot han.
«Karl!» seier den skjelvande, livredde mannen.
«Dama» i midten raudnar heilt inn til beinet. Armane, som har vakkert glitrande gullarmband med masse små anheng, heng slapt ned, men kvar fiber i den feminiserte kroppen verkjer etter å gå til handling.
Før Stian veit ordet av det, er han inne på den smekkfulle bussen med denne transen. Og dei to andre svartkledde damene står på fortauet med ansikt vridne i indignasjon, overrasking og raseri. Dei såg det ikkje kome, for å seie det mildt.
Karl vrir og vrikkar desperat på seg medan han prøver å gni av seg dei hersens kitlande armbanda. Tunga er lamma og limt til ganen, og auga lyser i beksvart kjæte bak dei mørke brilleglasa. Ein godt synleg bul viser på det svarte, luftige skjørtet – ein ereksjon som står rett ut. Stian blir både forvirra og brydd, det verkar som om Karl ved eit uhell pressar kuken sin mot både Stian og dei stakkars menneska rundt dei.
Fyrst då bussen køyrer over Puddefjordsbroen og inn i Damsgårdstunnelen, tek Stian mot til seg:
«Kva skjer? Kvifor er du kledd i kjole og parykk?»
Karl nikkar i desperat iver mot armane sine.
«Kva?» spør Stian forvirra. «Er det noko med armane dine?» Karl nikkar særs bestemt. Armbanda glitrar so utruleg vakkert. «Kva er det med dei? Kan du ikkje røre på dei?» Karl nikkar særs bestemt igjen. Litt slev dryp ut av munnen hans. Kjakane hans er tomatraude. Det ser ut som han skal eksplodere der han står og strekkjer og vrir på seg. «Er det… er det armbanda?»
Karl nikkar uhyre bestemt. Til slutt – utruleg nok – skjøner Stian at armbanda må vekk. Han byrjar å fikle og fomle med det venstre armbandet. Karl står og trippar, utolmodig og sprengjeferdig. Til slutt går armbandet av, og nærast lever oppi den skjelvande neven til Stian. Karl får straks røre- og gripeevne i venstrehanda, og fjernar armbandet på høgrehanda. Dei to levande armbanda ramlar ned på golvet på den stappfulle bussen, trillar gjennom folkehavet, og forsvinn, tilfeldigvis der det står ei gruppe kvinnelege «nordfjordingar».
«Du redda livet og æra mi…!!» utbryt den for Stian uforklarleg sprengkåte Karl. Alt kitlar so intenst at han knapt kan andast. «Dei to damene som var med meg, er hekser…!! Dei kidnappa meg…!! Hadde ikkje du intervenert, hadde eg aldri sleppt fri…!!»
«Øh, berre hyggjeleg…?» Stian vender hovudet på skakke.
Bussen stoppar no ved Loddefjord terminal. Stian og Karl hoppar av bussen, Karl med eit synleg speidartelt på kjolen. Snart forlèt dei det frodande folkehavet rundt Vestkanten storsenter og spaserer oppover vegen mot dei mange høgblokkene i området.
«Om du vil fortelje meg kva som skjedde, er du hjarteleg velkomen til å gjere det,» seier til slutt Stian.
«Det er ei lang historie…!» svarer den ikkje lenger katastrofalt opphissa Karl. Speidarteltet er i ferd med å krympe, truleg fordi han er vekke frå den beksvarte magien til Line og Victoria. Good riddance! «Det eg kan fortelje deg, er… Hald deg langt unna Tenkjestraumen!» Ansiktet hans er tomatraudt, auga lyner bak solbrillene. «Eg lyt få låne mobiltelefonen din når vi kjem heim til deg.»
«Naturlegvis.» Stian ser på han med dårleg skjult frykt. Åtferda til mannen tydar på at han ikkje ønskjer å vete kva som har skjedd.
Medan Stian sit ute på verandaen i fjerde etasje på blokka han bur i, sit Karl inne på kjøkkenet. Kjolen og perlechokeren ligg på sofaen. Han er kledd i ei mørkeraud Dressmann-skjorte og ein svart badeshorts – klede som han har fått låne av Stian.
«H-hallo?» svarer ei viss mild, dempa damestemme.
«Hallaisen, dette er Karl,» seier vår mann. «Eg vil melde om at eg har greidd å rømme frå helvetesholet som eg har vore fanga i ganske lenge.»
«O-okei…» lyd det so tynt og mildt.
«Eg vil trenge litt hjelp med å kome på rett kjøl igjen. Både lommeboka mi og mobiltelefonen min ligg igjen hjå dei to heksene. Eg må naturlegvis sperre bankkorta mine og SIM-kortet. Du får setje IT-Natasja på saka. Og medan eg har deg på tråden, vil eg ha ei usedvanleg god forklaring på kvifor du ikkje har prøvd å redde meg. Dette var ikkje heilt den sommarferien eg såg føre meg.»
Det er ein lang pause i andre enden. Karl sit omtrent og trommar med fingrane i bordet. So seier Inger-Lise omsider:
«Karl… Line og Victoria sit hjå meg no. Og dei vil gjerne ha eit ord med deg.»
Vår mann bleiknar heilt inn til beinet og blir både kvalm og uvel då han høyrer den lyse jentestemma til Line:
«Karla, då… Stikke av på denne måten. Slikt gjer du ikkje når du er kjøpt ærleg og reieleg.»
Karl lyser av forvirring og veksande skrekk der han sit. So høyrer han den djupe, skumle jentestemma til høge Victoria:
«Inger-Lise har fått 13,5 millionar for deg. Dersom du ikkje melder deg på Knarvik terminal innan klokka 18:30 i kveld, lyt vi tilbakekrevje pengane frå ho. Og noko seier oss at ho allereie har brukt sine 30 sølvpengar. Leilegheita vi sit i her på Tertnes i Åsane er for ho ei fenomenal oppgradering.»
«Ei oppgradering utan tvil…» lyd den lyse jentestemma til Line. «Men kva skal ho med ei fjong, fasjonabel leilegheit i Bergens rikmannsstrøk om ho flyttar inn til oss permanent?»
«Hihi, ja, dei 13,5 millionane må jo betalast tilbake på eit vis, og det er ikkje sikkert ho er gjeldfri etter salet av leilegheita – ikkje i vår usikre bustadmarknad. Rosalyn treng ein assistent, spesielt ettersom Cilje tydelegvis finn det under si verdigheit å vaske A, Tara Louise og Erika. Inger-Lise vil nok vegre seg mindre for å bruke dei neste 20-30 åra som tenestejente for å betale ned gjelda si.»
Den fortvilte, men påfallande opphissa stemma til Inger-Lise lyd:
«Redd meg…!!»
Karl sit der ei stund. So får han eit skummelt flir i ansiktet.
«Beklagar, din vesle Judas,» seier han. «Du lyt nok bli tenestejente i Tenkjestraumen.»
Inger-Lise sitt skrik blir avbrote då Karl trykkjer på det raude røyret på mobilskjermen. Han reiser seg og går ut til Stian på altanen.
«Korleis gjekk det?» spør han.
«Det blir, som forventa, plan B,» svarer Karl. Stian ser alvorstyngd på han i full forståing.
To timar seinare sit Karl på eit lite Widerøe-fly på veg til Torp lufthavn i Sandefjord. Hans hemmelege lager med pengar og ymse forfalska dokument treng eit snarleg besøk. Og Vestlandet? Han set ikkje sine bein der igjen; no blir det Deutschland for alle pengane!
