Vaksineauge-syndrom: Covid-«vaksinane» øydelegg auga til folk

Ein kan no byrje å snakke om vaksineauge, auge som har blitt øydelagde av den uvørdne massevaksineringa som fann stad i 2021-2022. Ein ny studie frå Tyrkia har vekt bekymringar om alvorlege og farlege augerelaterte biverknader knytt til Pfizer-BioNTech Covid-19-vaksinen. Stikkordet her er subtile, men målbare endringar i hornhinna som kan auke risikoen for langsiktige synsproblem. Hornhinna er essensiell for eit godt syn, noko alle med skeive hornhinner veit.

S.D. Wells i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Funna, som er publisert i Ophthalmic Epidemiology, er basert på ein studie av 64 individ som fekk auga sine undersøkt før og etter at dei fekk to dosar av vaksinen. […]

Vitskapsfolk oppdagar at Pfizers covid-sprøyte er knytt til betydeleg augeskade

Forskarane fokuserte på hornhinne-endoteliet, det inste laget av hornhinna som er ansvarleg for å halde hornhinna klar ved å pumpe ut overflødig væske. Ved å bruke spesialiserte verktøy slik som eit augemikroskop, observerte dei endringar i tjukkleiken på hornhinna, ein reduksjon i talet endoteliale celler, og endringar i cellestorleik og -form – indikatorar på stress eller skade på denne skjøre strukturen.

Spesifikt auka tjukkleiken på hornhinnene med rundt 14 mikrometer (ein auke på 2%), som i seg sjølv ikkje er skadeleg, men som kan signalisere betennelse eller tilbakehald av væske. Meir bekymringsverdig var 8%-reduksjonen av endoteliecelle-tettleik – frå 2597 til 2378 celler per kvadratmillimeter – framleis innanfor det trygge området for friske individ, men potensielt risikabelt for dei som allereie har kompromittert augehelse.

Studien fann òg ut at vaksinen førde til auka variabilitet i cellestorleik, kjent som variasjonskoeffisienten, som steig frå 39 til 42. Dette antydar at enkelte celler kan ha døydd og andre kan ha strekt seg for å fylle hòla, ein typisk respons på stress. I tillegg sokk prosentdelen av sekskant-forma celler, som er essensielle for å halde ved like eit friskt endotelielag, ein smule frå 50 til 48%.

Sjølv om ingen av deltakarane melde frå om betydelege synsproblem under oppfølginga to måneder seinare, åtvarar vitskapsfolk at desse mikroskopiske endringane kan få langsiktige konsekvensar, spesielt for folk med eksisterande augeproblem, eller som har hatt operasjonar slik som hornhinnetransplantasjon. Dersom skaden på endotelium er permanent eller blir verre over tid, kan det føre til tilstandar slik som hornhinne-ødem, danning av abnormale blodårer i hornhinna [engelsk bullous keratopathy], eller hornhinne-dekompensasjon [hornhinna misser evna si til å halde seg klar og fuktig; oms.an.] – tilstandar som kan føre til kronisk synshemming eller til og med blindheit dersom den ikkje blir behandla.

Trass desse funna, so frårådde forskarane likevel ikkje covid-19-vaksinasjon. Dei la vekt på behovet for vidare overvaking og fleire langtidsstudiar for å avgjere om dei observerte endringane held seg der, eller forsvinn over tid. Det er viktig å merkje seg at studien bekrefta eit høgt sannsyn for at endringane var direkte assosierte med vaksinen og ikkje skjedde tilfeldig.

Denne forskinga sluttar seg til ei aukande liste av tryggleiksbekymringar knytt til covid-19-vaksinar. I mai [2025] utvida amerikanske Food and Drug Administration [FDA] åtvaringsmerka på Pfizer- og Moderna-vaksinar til å presisere risikoen for myokarditt og perikarditt, spesielt hjå unge menn i alderen 16 til 25.

Medan korttidseffektane av Pfizer-vaksinen på augehelse ser ut til å vere mild, understrekar studien kor viktig det er å halde fram med å overvake etter vaksinasjon, og personbestemt medisinsk omsorg for individ i risikosona. Medan evidens held fram med å utvikle seg, kan helsebyrå og legar måtte vurdere meir skreddarsydd tilnærming til dei med eksisterande augetilstandar.

Ja, vaksineauge-syndrom er i vekst.»

Kommenter innlegget