Gjennomførde Ozzy Osbourne eutanasi?

Heavy metal-verda er i sorg etter at «Mørkets fyrste» Ozzy Osburne er død, 76 år gammal. Den fyrste (men langt frå siste) vokalisten i Black Sabbath hadde derimot vore ein svoren tilhengjar av eutanasi, og det hadde òg kona hans Sharon, som i mange år var hans manager. Om nokon av dei to fekk ein sjukdom som gjorde dei alvorleg kognitivt svekte, slik som demens eller Parkinson, skulle dei visstnok utføre ein sjølvmordspakt. Osbourne hadde Parkinson.

Jacqui Deevoy på nettstaden The People’s Voice skriv (Saksyndig si omsetjing):

«No når rykte verserer og spekulasjonar eskalerer, er det på tide å grave litt i sanninga bak orda deira, som er henta frå autobiografien til Sharon og deira skjulte intervju opp gjennom åra.

Sharon Osbourne har aldri vegra seg for å seie det ho meiner, og hennar ståstad rundt assistert død er ingen unntak. I sin biografi frå 2007, Survivor: My Story – The Next Chapter, skreiv ho om pakta som ho og Ozzy gjorde etter å ha vore vitne til den øydeleggjande effekten Alzheimer hadde på faren hennar Don Arden. ‘Vi trur 100% på eutanasi,’ sa ho til The Daily Mirror i 2007, ‘so vi har laga planar om å reise til assistert sjølvmord-leilegheita i Sveits om vi nokosinne skulle få ein sjukdom som påverkar hjernane våre. Dersom Ozzy eller eg fekk Alzheimer… Det er det – då reiser vi dit.’ Dette var ikkje berre tomme ord; dei var eit heilagt løfte, fødd utifrå å måtte sjå ein kjær sitt sinn sakte svinne hen og urovekkjande forfalle. Sharon gjentok denne kjensla i eit intervju frå 2017 med The Mirror, der ho sa: ‘Ozzy og eg har absolutt kome til den same avgjerda.’

Når ein spoler fram til 2023, so tok Osbourne-ane opp denne pakta igjen på The Osbournes Podcast. Då sonen Jack spurde om eutanasi ‘framleis var ein plan’, rørte ikkje Sharon ein augnebryn. ‘Trur du at vi vil lide?’ leverte ho, før ho la til: ‘Ja, det gjer vi alle, men eg har ikkje lyst at det skal gjere vondt i tillegg. Mental liding er ille nok smerte utan at det er fysisk. So om du har både mental og fysisk, vel, hadet.’

Ozzy, som vart diagnostisert med Parkinson i 2003, hadde allereie opplevd betydelege helseutfordringar, inkludert mobilitetsproblem etter eit fall i 2019. Likevel, so nyleg som 2014 var han bestemt på å få tak i legeassistert sjølvmord for ein kvar ‘livstrugande tilstand’. Planen til paret var tydeleg: dersom deira livskvalitet – spesielt deira mentale evner – vart øydelagde utan å kunne reparerast, skulle dei fare til Dignitas [latin for ‘verdigheit’, oms.an.], den sveitsiske organisasjonen som tilbyr assistert død, for å ‘døy med verdigheit’.

Men her er punktet der plottet spissar seg til. Berre elleve dagar før Ozzys død 22.juli 2025, gjekk paret si yngste dotter Kelly Osbourne på Instagram Stories for å avkrefte rykte om foreldra hennar si sokalla sjølvmordspakt. ‘Slutt å lage artiklar eller innlegg om korleis de trur at foreldra mine har ei sjølvmordspakt,’ freste ho. ‘Det var bullshit som mora mi sa for å få merksemd ein gong i tida. Og faren min er ikkje døyande. Slutt!’ Kelly avkrefta òg KI-genererte videoar som hevda Ozzy var på dødens rand, og insisterte: ‘Han er ikkje døyande. Ja, han har Parkinson, og ja, evna hans til å bevege seg rundt er fullstendig annleis enn den brukte å vere, men han er ikkje døyande.’ Hennar flammande forsvar får ein til å stille spørsmål: Var pakta ekte, eller var den, slik Kelly hevda, berre Sharon som dytta borti kvefsebolet for å skape overskrifter?

Det er allmenn kunnskap at Sharon Osbourne ikkje er framand for kontrovers eller å hamne i rampelyset. Det at ho snakkar rett frå levera er del av sjarmen hennar, men det tåkelegg òg saker og ting. Pakta var ikkje berre ein einskild kommentar, slik Kelly antydar; det var eit tilbakevendande tema, diskutert i autobiografien hennar, under intervju og på deira familie-podcast. Likevel antydar det at Kelly insisterer at det var ‘bullshit’, anten ei misforståing innåt i familien, eller eit bevisst forsøk på å omforme narrativet. […]

So, kva er sanninga? Valde Ozzy, som sleit med Parkinson og den fysiske børa det innebar, å halde seg til pakta og arrangere sin eigen død? Parkinson er ikkje det same som Alzheimer, men kan kome med sine eigne mentale og fysiske bører. Sharon sine eigne ord målar eit bilete av ei kvinne som er uviljug til å late ho sjølv eller ektemannen halde ut eit liv av avhengigheit, der ein er ute av stand til å ‘tørke di eiga ræv, og pissar og skit overalt, kan ikkje ete’. Dette er rå synspunkt som slår ein i magen, og reflekterer ei djup frykt for å misse autonomi. Men Kelly si bestemte nekting – og hennar påstand om at Ozzy ‘ikkje var døyande’ – kompliserer historia. Beskytta ho ettermælet til faren sin, eller var pakta verkeleg overdriven?

Mangelen på detaljar rundt dei siste dagane til Ozzy etterlèt rom for tvil. Ingen offisielle rapportar har bekrefta eutanasi, og sveitsiske Dignitas opererer under strenge protokollar, der dei krev at ein er klar og orientert, og ikkje minst samtykkekompetent. Ozzy sin Parkinson-sjukdom kan ha avgrensa rørsleevna hans, men der er ingen offentleg evidens for at den frårøva han hans mentale evner so mykje at Sharon skildra det som deira raude linje. Likevel kjennest timinga til utbrotet til Kelly, berre nokre dagar før hans død, for tilfeldig ut til å ignorerast. Var det eit føre-var-åtak mot rykte, eller eit teikn på djupare spenningar i familien?

Dette handlar ikkje berre om lagnaden til eit rockeikon – det er ei sterk påminning om det etiske minefeltet rundt eutanasi. Sharon og Ozzy si openheit om pakta si tvingar oss til å konfrontere ubehagelege spørsmål: Når blir livet uleveleg? Kven får bestemme det? Og kva skjer når den private planen til ein familie blir offentleg fôr? Osbourne-ane har alltid levd i rampelyset, men dette kapittelet kjennest mørkare ut enn Mørkets fyrste sjølv. Om døden til Ozzy var naturleg eller eit val, er éin ting tydeleg: Ozzy og Sharon har etterlate oss med eit nifst spørsmål som ikkje so lett forsvinn.»

Det skal her leggjast til at i skrivande stund (26.juli 2025) har eutanasi ikkje blitt offisielt bekrefta frå dei etterlatne. Spekulasjonar om eutanasi er fyrst og fremst basert på offentlege kommentarar og skriftlege innlegg frå dei sjølve.

Kommenter innlegget