Saksyndig tek ein titt på pedojegerar

I januar 2024 vart det oppretta ei borgarverngruppe ved namn Pedo Hunting Norway. Desse sokalla pedojegerane jaktar ifølgje Nettavisen på påstått pedofile ved å gje seg ut for å vere unge jenter eller gutar på sosiale media eller sjekkeappar, for so å lokke fram potensielle overgriparar. Deretter er neste steg i deira modus operandi å få avtala eit møte. Når so offeret dukkar opp, blir han ikkje møtt av den mindreårige jenta eller guten, men av ein maskert tenåringsgjeng. Fysisk og psykisk vald følgjer, og hendinga blir filma og lagt ut på sosiale media, der offeret blir identifisert med fullt namn og bilete. Skjermbilete frå meldingsloggar blir lagt ved som «bevis» på forsøk på å oppnå sex med personar under den seksuelle lågalderen, som i Noreg er 16 år.

Målet med denne pedojakta er ifølgje ein talsperson for nettverket «at Pedo Hunting Norway ønsker å oppnå høyere straffer for seksualforbrytere – og at pedofile skal bli såpass skremt at de ikke tør å oppsøke barn over internett.»

I slutten av november 2024, då nemnde Nettavisen-artikkel vart publisert, var pedojegerar å finne i åtte av elleve fylke i landet, og i tolv norske kommunar. Ein kan dermed seie at dei har nokolunde høg geografisk spreiing. Det har diverre òg pedofile, men spørsmålet er om borgarvern er rette måten å nærme seg dette alvorlege samfunnsproblemet.

Ifølgje Faktisk.no (som har mildt sagt tvilsam truverde), bruker pedojegerane høgreradikale symbol i valdsvideoane sine. «Faktasjekkar»-organet fann ut at i 40 undersøkte TikTok-profilar som er knytt til pedojeger-gruppa, delte nesten halvparten høgreekstreme symbol; i tillegg delte over 200 av dei 370 videoane «klart høyreekstreme budskap eller symboler». I dei delte videoane og bileta blir det vist hakekors, «Sieg Heil»-helsingar, og «andre symboler som fagmiljøer knytter til høyreekstrem propaganda». Dette har mellom anna den tyske utgåva av PST dokumentert i ein rapport, i tillegg er dei å finne i databasen til den amerikanske ideelle organisasjonen Anti-Defamation League. Koplinga til ytre høgre blir dermed sterkt antyda, men Faktisk.no skriv samstundes at «[d]et er viktig å merke seg at ikke all bruk av disse symbolene indikerer en tilknytning til ytre høyre eller bevisst spredning av høyreekstreme [sic] tankegods. Mye avhenger av konteksten de brukes i.»

Sokalla «pedojeger-kontoar» fekk ifølgje ein NRK-artikkel publisert 12.juli 2024 stadig fleire følgjarar. Ei rekkje valdsepisodar har funne stad der privatpersonar har gått til åtak på folk som dei sjølve meiner er pedofile, for so å ha filma og delt videoane. Kripos uttrykte på den tida bekymring for denne valdsbruken, og meinte desse videoane kunne føre til ei legitimering av valdshandlingane. Vest politidistrikt var sameleis bekymra for om dette kunne tolkast som ei oppfordring til vald, noko som i seg sjølv er straffbart.

For å spele Djevelens advokat ein augneblink: Å vere pedofil er ikkje straffbart. Det er ein psykisk sjukdom som krev behandling og terapi. Det er pedofile handlingar som er straffbare. Det er derimot òg straffbart å gje seg ut for å vere nokon ein ikkje er, og å framprovosere straffbare handlingar. Sjølv politiet har ikkje lov til å gjere slikt, sjølv ikkje undercover. Det er naturlegvis òg høgst straffbart å lokke ein einsleg mann ut i skogen og banke livskiten ut av han. Å få gjerningsgutane dømt er heldigvis lett, for dei dokumenterer jo alt på film og legg det ut på sosiale media. Då skulle vel gjengen få fleire års fengsel for grov, planlagt vald, vel?

Hadde det berre vore so enkelt.

I slutten av mai i år vart åtte tenåringar tiltala for «pedojakt» i Østfold. Seks menn vart utsett for vald på ulike tidspunkt. Dei vart slegne, sparka og spytta på, og ein av dei vart truga til å gå rundt i underbuksa medan han vart håna og fornedra. Seks av dei åtte tenåringane var 15 år, éin var 16, medan den siste tiltala var 17. Politiadvokat Ane Korsøen Kjeilen sa til NRK at «[p]olitiet mener at bakgrunnen for disse hendelsene er såkalt ‘pedohunting’». Politiadvokaten la samstundes til at det å ta lova i eigne hender på denne måten kan vere farleg. Overfallet kunne fort ha teke ein stygg og skiten ende om offeret bar våpen.

I slutten av juni i år publiserte NRK eit intervju med ein pedojeger. 18-åringen vart nyleg dømt for å ha slått og sparka ein mann som vart lokka i ei felle i ein skog utanfor Sandnes sentrum (nabobyen til Stavanger). Han fortel til NRK at det «utviklet seg på feil måte. Vi hadde ikke tenkt å banke ham opp, bare henge ham ut på sosiale medier som pedofil». Han legg samstundes til at han ser på dei pedofile som undermenneske. Motivasjonen bak valdshandlinga var at «han vil bidra til å beskytte yngre jenter og gutter som han mener ikke klarer å verne seg selv mot overgripere».

Offeret, som er i 40-åra, trudde han skulle treffe ei 14 år gammal jente. Det var iallfall det vedkomande hadde gjeve seg ut for å vere på chatprogrammet. Ein kveld i juli dukka mannen opp i eit skogholt, berre for å møte ein gjeng frå gruppa «Pedo Hunting Norway» som gjekk til åtak på han, truleg flankert av gloser på aggressiv rogalandsdialekt. Det eigentlege målet var audmjuking, uthenging og sosial gapestokk på nettstader og sosiale media – men hormona og vreiden gjekk nok til hovudet på jyplingane.

Videoane er ifølgje NRK sterk kost:

«Bildene og filmene der er brutale. De viser identifiserbare menn i ulike aldre som ligger på bakken.

Ofte tar de seg til hodet, mens yngre, maskerte menn står over dem.

Ofrene blir hånet, slått og sparket. På noen av videoene kan man se blodige, opphovnede ansikter, utslåtte tenner, skamklipte hoder.»

Professor i kriminologi, Heidi Mork Lomell, meiner at dette meir handlar om eit ønske om å filme vald, heller enn ein gjennomtenkt strategi for å nedkjempe seksuelle overgrep mot barn. Pedo Hunting Norway er ikkje den fyrste pedojeger-«organisasjonen». Organisasjonen «Barnas Trygghet» var aktive for nokre år sidan, og publiserte i likskap med fyrstnemnde valdsgjeng òg videoar av konfrontasjonar med pedofile. I motsetnad til fyrstnemnde gruppe, samarbeidde Barnas Trygghet med politiet, og tok avstand frå vald.

Lomell meiner at desse pedojegerane håper på ei form for sympati eller respekt ved å banke opp pedofile. Dei fleste involvert i Sandnes-valdshendinga vart dømt til samfunnsstraff. Den «strengaste» straffa var for ein 18-åring, som fekk ein kombinasjon av vilkårslaust fengsel (bokmål ubetinget fengsel) i to månader, pluss samfunnsstraff. Vanlegvis er strafferamma for grov kroppskrenking, som dette vitterleg er, fengsel inntil seks år ifølgje Straffelova §272. Pedojakt kan på grunnlag av denne paragrafen reknast som hatkriminalitet, sannsynlegvis uavhengig av om pedofili blir rekna som ei seksuell orientering eller ein psykisk sjukdom. For å seie det slik: det er like ille at ein heil gjeng går til åtak på ein homofil, som at ein heil gjeng går til åtak på ein som er psykisk sjuk.

Det ser ut som pedojegerane ser på seg sjølv som lokale heltar som bankar opp «perverse svin» eller «undermenneske». Det er ingen grunn til å tvile på at det er det dei trur sjølv. Programmering og hovudstraumsmedia er sannsynlege syndebukkar i dette tilfellet. Pedojakt er eit internasjonalt fenomen, og i land som USA, Canada og Storbritannia har slike borgarverngrupper jobba i samarbeid med statlege byrå. Trakassering, doxxing (publisering av private opplysningar slik som fullt namn, adresse og telefonnummer), utpressing og fysiske åtak er del av verktøykassa deira. Diverre har «aksjonane» deira ført til både mord og sjølvmord, og dette har ført til ei fordømming frå politiets side.

Inspirasjonskjelda til slike pedojegerar kan vere den kontroversielle amerikanske dokumentarserien To Catch a Predator, som vart sendt frå 2004 til 2007. Modus operandi til TV-serien var identisk med den til dagens pedojegerar: at personar gav seg ut for å vere mindreårige og avtalte møte med mistenkte pedofile – og når den pedofile dukka opp, vart han konfrontert av programleiar Chris Hansen, for deretter å bli arrestert av politiet. Dei mistenkte vart identifiserte med fullt namn og bilete i serien. Distriktsadvokat Bill Conradt vart eksponert som pedofil i serien, og skaut seg 5.november 2006 då politiet kom for å levere ein ransakingsordre til han. Conradt tok livet av seg i det politiet og eit kamerateam frå kanalen NBC tok seg inn i heimen hans. Hans etterlatne saksøkte selskapet bak serien for 105 millionar dollar i etterkant, men saka vart løyst utanfor retten. I etterkant vart det funne barnepornografisk materiale på PC-en hans. Programmet vart kansellert i 2008, visstnok ikkje på grunn av Conradt-sjølvmordet. Det skal seiast at serien fekk mykje kritikk på grunn av metodane dei brukte for å «fange» pedofile, mellom anna at dei hyra 18-årige jenter som såg ut som dei var under 18, og som dermed kunne gje seg ut for å vere mindreårige overfor dei potensielle offera.

Pedojegerar er høgst sannsynleg kontrollert opposisjon, eit slags motstykke til ytre venstre og woke, som ønskjer å normalisere pedofili gjennom Pride-prosjektet. Det at «faktasjekkar»-organisasjonar prøver å kople pedojegerar til ytre høgre, er i seg sjølv mistenkjeleg. Sannsynlegvis er pedojegerar eit produkt frå den supranasjonale djupstaten, akkurat som Pride. Det er altso same gjengen som står bak begge fraksjonane, som kvar representerer ekstreme ytterpunkt i ei forskrudd verd. Målet er, som alt som kjem frå dei, splitt og hersk. Elitepedofili blir avvist som ein konspirasjonsteori, og pedojegerane er der for å forsterke inntrykket av at «alle» fordømmer pedofili. Det finst vel knapt eit betre distraksjonsvåpen enn brutal og sjokkerande vald.

2 comments

  1. Med deepfakes og neighbourhood watch apps som den pekende fingeren denne gangen..

    Første en ser på innstillingene til den nye, norske HUDD appen er en snitchefunksjon, for eksempel…

    I opptaktene til store folkemord, så blir varslerne drept av dem som de prøver å advare.

    Heks! Hykler! Smittekilde! Konspirasjonsteoretiker! Høyreekstrem! Pedo!

    Begynner å føle sterkt hat for sauene… 😡

    Likar

  2. Dette er mekanismen for å ha en organisasjon som driver med sosialt akseptert vold som de som heksebrenner og angriper genocidevarslere., kan gjemme seg bak. Ingen kommer til å hjelpe en som er beskyldt for pedofili når han blir halt avgårde..? Kommie 101. History repeating, kos dere med SIDS, SADS, VAIDS, myo/perikaditt og turbocancer osv under et DEW våpenisert, active denial system SMART grid da, sheeple 🙂 Lykke til med å redde barna.

    Takk for hjelpen.

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget