25.juli 2025 byrja den nye lova Online Safety Act å gjelde i det stadig meir orwellianske Storbritannia. Når ein fyrst snakkar om Orwell, kan ein byrje å lure på om den britiske regjeringa ser på verket 1984 som ei brukarrettleiing, enn som den dystopiske romanen boka eigentleg er. Den nye lova har potensial til å utrydde det som finst av uavhengige media på britisk jord, men offisielt heiter det seg at lova har blitt innført for å «aldersverifisere» brukarar av nettsider med innhald som er ueigna for barn. Sett på spissen kan hardporno-nettsider no bli sausa saman med alternative, uavhengige media. Dette lover ikkje godt for dei som talar makta imot. Det er iallfall slik nettstaden The People’s Voice tolkar den nye lova.
Sean Adl-Tabatabai på nemnde nettstad skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Denne listige lova, framstilt som aldersverifisering for vakse innhald, påbyr ID-sjekk og tredjepartstenester for å undertrykkje dissens-røyster, noko som trugar ytringsfridommen under dekke av tryggleik.
Lova krev at alle sider som er vert for eller distribuerer potensielt ‘skadeleg’ innhald, innfører robust aldersverifisering, eller risikere alvorlege straffer, inkludert bøter på opptil 18 millionar pund [246 millionar kroner] eller 10% av årleg omsetning, og regelrett blokkering for britisk publikum. Sider som ikkje verifiserer alderen til brukarane via skikkeleg teknologi – slik som statstilknytte ID-system eller eksterne tenester [slik som til dømes Bank-ID i Noreg; oms.komm.] – vil bli sett på som ikkje-lydige, noko som fundamentalt endrar nettoperasjonar og slår alarm om meir omfattande sensur av uavhengig journalistikk.
Msn.com rapporterer: ‘Dagane der du berre kryssar av i ein boks på at du er 18, er forbi,’ sa Adam Jones, spesialist på internettjus ved HD Claims. ‘Kvar ei vaksenside som driv i Storbritannia må no ta meiningsfulle steg for å hindre at mindreårige får tilgang, eller risikere å bli forboden fullt og heilt.’
Dette gjeld ikkje berre tradisjonelle pornosider, men òg plattformer som er vert for brukargenerert [seksuelt] eksplisitt innhald slik som Reddit, X og OnlyFans.
Ifølgje lova har Ofcom no makt til å:
- Utstade ordre om nedstenging og krevje tilgangsrestriksjonar
- Bøteleggje plattformer som ikkje greier å hindre at mindreårige får tilgang
- Halde Storbritannia-baserte brukarar og distributørar ansvarlege for opplastingar som bryt lova
Til og med sider som har vertar som held til på andre sida av Atlanteren kan bli blokkerte dersom ein har tilgang til dei i Storbritannia, og dersom dei ikkje lyder. Adam sa: ‘Medan sider må verifisere alder, har dei ikkje lov til å oppbevare sensitive persondata utan tydeleg samtykke frå brukarane. Lova inkluderer privatlivsvern, og kvar ei plattform som lagrar unaudsynlege data, risikerer å bryte GDPR [Personvernforordninga].’
Brukarar kan forvente å sjå ein auke i trygg, privatlivsprioriterande aldersverifiseringsverktøy slik som digitale lommebøker, kredittsjekk, eller statlege ID-baserte system.
Selskap som ikkje møter standardane til Ofcom kan risikere betydelege bøter (opp til 18 millionar pund eller 10% av den årlege omsetninga), kva enn som er høgst. I dei mest alvorlege tilfella, kan toppsjefar eller leiarar bli haldne personleg ansvarlege.
David Sant, senior-advokat for kommersiell teknologi- og databeskyttelse ved advokatfirmaet Harper James, sa: ‘Dette er berre den nyaste fasen av nettryggleiksutrullinga. Verksemder burde allereie vere ganske godt på veg i sitt lydigheitsarbeid om dei opererer ein søkjemoro eller kvar ei netteneste som lèt brukarar samhandle med kvarandre eller møte innhaldet deira (‘brukar-til-brukar’-tenester). Desse verksemdene burde allereie ha fullført ei risikovurdering for ulovleg innhald innan mars 2025, og innført passande tryggleikstiltak. Og dei burde òg ha fullført ei barnetilgangsvurdering innan april 2025 for å avgjere om barn kan kome til å bruke desse plattformene, noko som utløyser omfattande krav for barnerisikovurdering.
Kvar ei teneste som går glipp av fristane for tidlegare vurderingar, kan allereie vere i faresona for handheving frå Ofcom si side, og kan no bli automatisk vurdert som ein stad barn sannsynlegvis har tilgang til, noko som utløyser krava om barnerisikovurdering.
‘Sjølv om ei verksemd går glipp av fristen, burde dei merkje seg at ‘barnetilgangsvurdering’ må utførast årleg for å avgjere om ei brukar-til-brukar-teneste eller søkjeteneste har sannsyn for å bli besøkt av eit betydeleg tal barn.’
‘For å avgjere om det er sannsynleg at barn har tilgang til ei viss teneste, må verksemda vurdere om det er teknisk mogleg for barn å bruke tenesta – noko som berre sikkert kan utelukkast om tenesta bruker høgst effektive aldersverifiseringsverktøy slik som ansiktsaldersestimering, digital ID-verifisering eller foto-ID-match ved fyrste gongs bruk; å rett og slett oppgje ein minimumsalder i brukarvilkåra er ikkje nok. Dersom det er teknisk mogleg for barn å få tilgang til tenesta, må verksemda vurdere andre faktorar, til dømes om deira kommersielle strategi er avhengig av om barn får tilgang til tenesta, og om innhaldet eller designet av tenesta har sannsyn for å appellere til barn. Dersom nokon av desse gjeld, er det sannsynleg at barn besøkjer den, noko som tydar at verksemda må utføre ei vidare risikovurdering og innføre passande tiltak.’
David la til: ‘Medan frist-bøtene under Online Safety Act (opp til 18 millionar pund eller 10% av den internasjonale inntekta) kan høyrast vågalt ut, vil handheving fokusere på tilfelle der ikkje-samtykke utgjer reell risiko, spesielt overfor barn. Verksemder burde òg vurdere dei omdømmerelaterte konsekvensane dersom Ofcom publiserer detaljar om etterforskingar.’
‘Ofcom har allereie lansert handhevingsprogram til å overvake om verksemder lyder pliktene dei har når det gjeld risikovurdering av ulovleg innhald, og deira ansvar for barnerisikovurdering.’»
