Meir enn 400 000 britar vil avskaffe Online Safety Act – meiner den skaper sensurregime

Sjå òg «1984 i forkledning? Ny britisk lov bøtelegg nettstader og plattformer som ikkje ‘aldersverifiserer’ brukarane», publisert 28.juli 2025.

Kritikarar av den nye britiske internettlova Online Safety Act argumenterer at lova skaper eit sensurregime, og gjer landet om til noko som grensar til ein dystopisk stat. No har ein ny underskriftskampanje mot lova samla inn over 400 000 stemmer. RT melder (Saksyndig si omsetjing):

«Ein underskriftskampanje for å få fjerna Storbritannia sine nye, strenge internettryggleiksreglar har passert 400 000 signaturar berre fem dagar etter at lova trådde i kraft. Kritikarar hevdar at lovverket avgrensar tilgang til lovleg innhald og tærer vekk digitalt privatliv, sjølv om den britiske regjeringa har insistert at tiltaka er naudsynlege for å beskytte barn.

Online Safety Act, som vart innført i 2023, gjev kommunikasjonsregulator Ofcom vide fullmkater til å overvake brukargenerert innhald, handheve moderering, og påby alderssjekk på plattformer som det er sannsynleg at barn besøker.

Ein nøkkelprovisjon trådde i kraft sist fredag [25.juli 2025], som krev at pornografiske nettsider introduserer ID-basert aldersverifisering. Den same regelen gjeld søkjemotorar, sosialmedie-plattformer og andre tenester som er sett på som høgrisikable. Xbox har allereie byrja å rulle ut alderssjekkar, der full handheving skal finne stad i 2026.

Den britiske Reform-leiaren Nigel Farage kalla reglane ‘statleg undertrykking av genuint frie ytringar’, medan assistenten hans Zia Yusuf kritiserte lovverket som ‘eit massivt overtramp’ som ‘forvandlar dette landet til noko som grensar til ein dystopisk stat’. Andre argumenterer at tiltaka til avgrense innhald basert på vage risikovurderingar, og etablere eit sensurregime under dekke av barnebeskyttelse.

Teknologiminister Peter Kyle responderte ved å skulde Farage for å stille seg på same side som seksuelle rovdyr, slik som avlidne Jimmy Savile. Farage stempla kommentaren som ‘absolutt avskyeleg’ og kravde ei offentleg orsaking.

Regjeringa har hevda at handheving vil bli proporsjonal, men la vekt på at plattformer må iverksetje kontrollar sjølv om dei verkar å vere lågrisikable. Sivilrettsgrupper åtvara at lova underminerer privatliv og kan tvinge vaksne til å dele biometriske data for å få tilgang til lovleg innhald.

VPN-bruk i Storbritannia har auka dramatisk sidan lova trådde i kraft, og Proton VPN rapporterer ein auke på 1800% i talet nye kundar. Tenestepersonar åtvarar at plattformer som fremjar VPN for å omgå tryggleiksreglar kan risikere straff.

Medan dei fleste provisjonane har trådd i kraft nyleg, har Online Safety Act allereie blitt brukt i retten. Ein mann vart fengsla for cyber-blotting  [sende obskøne bilete over nettet til framande utan samtykke frå dei; oms.an.] under ein ny type brotsverk skapt av lova. Andre har òg blitt straffeforfølgt for å leggje ut uriktig eller skadeleg innhald på sosiale media – noko som skaper vidare bekymringar for effekten lova har på ytringsfridommen.»

Kommenter innlegget