I so godt som alle WHO-kontrollerte land var det under «pandemien» tallause eklatante brot på menneskerettane, som til dømes tvinga bruk av munnbind og tvinga sosial avstand. Dei som var mest skadelidande med god margin, var barna. Dei vart maskerte og fortalde at dersom dei oppførde seg som barn og sprang fritt rundt, kunne dei «drepe bestemor». Barn vart av løgnaktige politikarar og andre maktpersonar framstilt som «sjukdomsbomber», og lært opp til å sjå på andre menneske som smittekjelder. Alt i «tryggleikens namn». Kombiner dette med isolasjon og skulestengingar, og ein har oppskrifta på IQ-nedgang, manglande emosjonell utvikling og ei befolkning som er dummare enn på lenge. «Folkehelsetryggleik» har i stor grad øydelagt folkehelsa, både fysisk og psykisk.
Det verste av alt var ikkje at eit påstått allmennfarleg virus sirkulerte i verda. Det verste var ikkje dei dramatiske og drastiske tiltaka som vart innført nærast over natta globalt. Det verste var at ingen av pandemitiltaka var naudsynlege. Sverige stengde til dømes aldri skular, og delstaten Florida avviste det sokalla «munnbindteateret». Ein ny gjennomgang av 17 studiar bekreftar at pandemibarna leid katastrofal reduksjon av kognitive, emosjonelle og motoriske ferdigheiter. Barn fødd under nedstengingane viser ein IQ-nedgang på 22 poeng samanlikna med dei som vart fødd før. Dei har alvorlege forseinkingar når det gjeld språk, problemløysing og sosial utvikling. Kven veit korleis pandemibarna vil fungere når – og ikkje minst viss – dei blir vaksne.
Aldri gløym, aldri tilgje. Dette er ikkje uvit eller dumskap. Dette er rein og skjer vondskap.
Lance D Johnson i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Barndommens kollaps – éin utviklingskatastrofe om gangen
Studien, som er publisert denne månaden [juli 2025], er ein grufull obduksjon av kva som skjer når samfunna fullstendig går vekk frå fornuft. Forskarar samanlikna barn som vart vurdert før covid-tyranniet med dei som voks opp under nedstengingar, munnbindedikt og sosialavstandskult. Dommen? Nedstengingsfødde barn strauk på kvart eit målemerke. Nesten alle 17 studiane viste drastisk fallande poengsummar innan kommunikasjon, motoriske ferdigheiter og emosjonell motstandsdyktigheit ved bruk av Ages and Stages Questionnaire (ASQ-3) [«spørjeskjema for alder og utviklingstrinn»].
For tre- til fireåringar var skaden spesielt grotesk. Mullen Scales of Early Learning (MSEL)-vurderingar avslørte at småbarn leid av ‘vesentleg nedgang i verbal, motorisk og generelt kognitiv prestasjon’ – der tapa vart verre månad for månad. Omsetjing: Kvart minutt desse barna var maskerte, isolerte eller sperra inne forverra hjerneutviklinga deira meir, og gjorde normale milepålar om til uoppnåelege mål.
Og kor var Fauci? Han rørte om ‘vitskapen’ – ein frase som no er synonymt med bedrageri. Då DeSantis gjenopna Florida-skulane i august 2020, arrangerte lærarar kisteparadar, og skreik og bar seg over lik som samla seg opp. (Det gjorde dei ikkje.) Då Sverige gjekk imot nedstengingar, sverta medieformidlarar dei som ‘dødslaboratorium’. Då Harvard si Store Barrington-erklæring føreslo fokusert beskyttelse for dei sårbare medan barna fekk leve og blomstre, gjekk Fauci hen og aktivt orkestrerte undertrykkinga av den – noko som prova at han brydde seg meir om dogme enn om barn.
Gaslightinga held fram: ‘Vi visste ikkje kva som gjekk gale’
Til og med no, med svære fjell av data som viser generasjonssabotasje, vrir ‘ekspert’-klassen seg unna for å unngå skuld. Forfattarane av gjennomgangen klagar: ‘Det er framleis ikkje godt forstått kvifor og korleis pandemien kan ha blitt assosiert med endringar i utvikling.’
Fullstendig ignorering. Har dei tenkt på følgjande:
- Munnbind skjulte munnar, noko som vanskeleggjorde tale og emosjonell gjenkjenning?
- Nedstengingar skilde barn frå jamaldringar, lærarar, og til og med parkar – som er kritisk for nevrologisk samanknyting?
- Skremselspropaganda lærte barn opp til å sjå på menneskelege band som dødelege?
Svaret gjev gjenklang i tomme klasserom og øydelagde familiar. Institusjonar prioriterte lydigheit over kompetanse, og barna vart tilleggsskaden. I mellomtida trippa arkitektane – Fauci, Collins, Walensky – unna uskadde.
Stillheita til dei medskuldige
Ingen orsakingar. Inga oppreising. Dei same politikarane som stengde leikeplassar, men heldt strippeklubbar opne fordi dei var ‘essensielle’, læst no som om dette aldri eksisterte. Gavin Newsom åt middag utan munnbind på French Laundry medan California-barna lid av omfattande læringstap. Randi Weingarten (årsinntekt på 500 000 dollar [over fem millionar kroner; oms.an.]) hevdar framleis at skulestengingar var ‘for barnas skuld’.
Men foreldre veit betre. Enkelte kjempa tilbake, og oppdrog fritenkjande barn som gjer narr av munnbind og viser mistillit til dei falske autoritetane som prøvde å binde dei. For mesteparten går derimot arra endå djupare – lågare IQ, sosialiseringsgap, forvirring, og eit heilt liv brukt på å nå ting igjen.»

Kvakksinenarrativkollaps er del av end-game for å forårsake mer død ved å gjøre folk paranoide til «helsevesenet» og når sheeple finner ut hva som har blit gjort mot dem, skal de rive istykker «helsevesenet» for å forårsake mer død.
LikarLikar
Og snart skal søpplekveget akseptere «klima» lockdowns uten en en eneste kritisk tanke..
LikarLikar