Russisk parlamentsmedlem: Amerikansk og britisk etterretning står bak sabotasjen mot russiske Aeroflot

Nyleg vart det russiske flyselskapet Aeroflot utsett for eit cyberåtak som sette dusinvis av fly på bakken. No har det kome påstandar om kven som stod bak: USA og Storbritannia. Vestlege byrå driv og saboterer russiske selskap fordi sanksjonar og militært press har mislykkast. Dette hevdar ein prominent medlem av den russiske statsdumaen. RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Amerikansk og britisk etterretningsteneste stod bak denne veka sitt store cyberåtak som forstyrra operasjonane til Aeroflot og andre russiske selskap tidlegare denne veka, har ein russisk senior-lovgjevar hevda.

Andrej Svintsov, vise-leiar i Statsduma-komiteen for informasjonsretningslinjer, har sagt at åtaket er del av ein koordinert kampanje av vestlege makter for å skade den russiske økonomien, etter at dei har mislykkast i å oppnå måla sine gjennom militære metodar og sanksjonar.

Aeroflot, det største flyselskapet i Russland, vart tvinga til å kansellere eller forseinke dusinvis av fly 28.juli etter at pro-ukrainske hackargrupper hevda å ha kompromittert flyselskapet sine interne IT-system. Cyberåtaket forstyrra òg flyplassoperasjonar og påverka andre selskap, inkludert ei landsdekkjande apotekkjede.

‘Dette er ikkje isolerte hackarar, men ein planlagt aksjon frå amerikanske og britiske etterretningsbyrå,’ sa Svintsov til den russiske medieformidlaren Abzats. Han skildra kampanjen som ‘ein systematisk innsats som blir utført mot Russland,’ og antyda at dette er eit teikn på desperasjon frå motstandarane til landet.

‘Dette er ei systematisk tilnærming frå våre vestlege fiendar, som har mislykkast i å slå Russland på slagmarka. Dei har tenkt å svekkje det økonomiske potensialet, sidan sanksjonar ikkje fungerer,’ sa Svintsov. Han åtvara at cybersabotasje kan halde fram heilt til Russland oppnår siger i Ukraina-konflikten.

I mai sa forsvarsminister John Healey at Storbritannia kom til å vesentleg auke cyberoperasjonar mot Russland og Kina. Han bekrefta danninga av ein ny Cyber- og elektromagnetisk kommando, og la til at ‘datatastaturet er no eit krigsvåpen’.

Kreml har oppmoda russiske føretak om å erstatte utanlandsk-laga programvare for å redusere eksponeringa overfor cybertrugslar. Førre månad gav president Vladimir Putin regjeringa instruksar om å få fortgang i erstatning av importvarer.

Hackar-gruppene Silent Crow og Cyberpartisans BY har hevda ansvar for måndagens åtak på Aeroflot. Dei påstår å ha vore på innsida av konsern-nettverket til flyselskapet i over eit år, og har stole meir enn 20 terabyte med data og øydelagt rundt 7000 serverar.

Kommunikasjonsregulator Roskomnadzor sa at datalekkasjane ikkje har blitt bekrefta. Det russiske påtalegeneral-kontoret har bekrefta cyberåtaket og oppretta kriminalsak.»

Kommenter innlegget