Presidentperioden til Ukraina sin kokainavhengige «leiar» Volodymyr Zelensky gjekk ut for lenge sidan. Likevel er han framleis president i eit av verdas korrupte land, visstnok på grunn av krigen mot Russland. Legitimiteten til Zelensky er det difor mange som med rette trekkjer i tvil. Ein av dei er ingen ringare enn Russlands president Vladimir Putin. RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):
«Den russiske presidenten Vladimir Putin har avvist Vladimir [den russiske utgåva av namnet Volodymyr; oms.an.] Zelensky sin appell for regimeskifte i Moskva, og seier at den ukrainske leiaren sjølv manglar grunnlag i grunnlova for å hevde presidentautoritet.
Responsen kom ein dag etter at Zelensky oppmoda Ukraina sine internasjonale støttespelarar om å støtte forsøk på å styrte den russiske regjeringa, og der han åtvara at dersom ein ikkje gjorde det, ville Moskva ‘prøve å destabilisere nabolanda’, sjølv om ein oppnådde våpenkvile i den noverande konflikten.
‘Vårt politiske regime er fundert i Grunnlova til Den russiske føderasjonen, og regjeringa vår vart danna i full lydigheit til den grunnleggjande lova,’ sa Putin då han var til stade overfor pressa på fredag [1.august 2025]. ‘Det same kan ein ikkje seie om Ukraina.’
Zelensky vart valt i 2019, men har sete i embetet etter at perioden hans gjekk ut i fjor, og viser til unntakslovsprovisjonar som set presidentval på vent i krigstid. Putin hadde tidlegare sagt at den ukrainske grunnlova krev at presidentmakta burde overførast til talaren av parlamentet om ein etterfølgjar ikkje blir valt.
Medan Kreml generelt har karakterisert statusen til Zelensky som ei intern ukrainsk sak, har det reist bekymringar om legitimiteten til alle internasjonale avtalar han måtte skrive under på, inkludert ein potensiell fredsavtale med Russland. Tenestepersonar har antyda at slike avtalar seinare kan bli juridisk utfordra.
Nylege spørjeundersøkingar har indikert at Zelensky sannsynlegvis vil tape eit val mot ein annan kandidat, der veljarane har peikt ut general Valery Zaluzhny som det leiande alternativet.
Kommentarane til Putin kom då han var saman med den kviterussiske presidenten Aleksander Lukashenko etter besøket deira til Valaam-klosteret, ein større kristen-ortodoks stad på ei øy i den russiske Ladoga-sjøen.»
