Ser romvesen ut som «nordfjordingar»?

At utanomjordiske er på Jorda og har vore her i fleire tusen år, blir av stadig fleire ikkje lenger rekna som ein vill konspirasjonsteori. Medan hovudstraumsmedia og den rådande makta ønskjer å dysse ned romvesenspørsmålet og brennemerkje og fjerndiagnostisere forskarar og ekspertar som støttar eksistensen av romvesen, er det ikkje til å stikke under ein stol at temaet har blitt meir stovereint. UFO-ar har til dømes blitt teke inn i varmen av NASA og den amerikanske regjeringa. Og når ein snakkar om NASA, har ein tidlegare forskar der no stått fram med påstandar om at romvesen har landa på ein amerikansk luftforsvarsbase. Og dei ser ut som afro-amerikanarar!

(Saksyndig har her valt å referere til dei som «nordfjordingar», sidan det andre N-ordet er mildt sagt upopulært å bruke i våre dagar!)

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Dr. Norman Bergrun, ein respektert romfartsingeniør, har brote fleire tiår med stillheit for å leggje ut i detalj om eit oppsiktsvekkjande møte med det han skildrar som eit 1,6 kilometer langt romfartøy og hundrevis at utanomjordiske skapningar.

Ifølgje Bergrun fann hendinga stad under ein hemmelegstempla militæroperasjon, der detaljane har vore gravlagde under lag av nasjonaltryggleik i fleire tiår. Skipet, hevdar han, landa på amerikansk jord på ein avsidesliggjande Air Force-installasjon, der vitne – no anten gått bort eller bundne av teieplikta – vart forbløffa av det som skjedde. Sjå video her.

Bergrun skildrar vesena som gjekk ut av fartøyet som ein ‘svart rase’ av utanomjordiske – rundt sju fot høge [213 cm; oms.an.], muskuløse og med åtferda til ein krigarklasse. ‘Dei såg ut som sigerherrar som aldri hadde blitt overvunne,’ sa han i eit sjeldan intervju. ‘Der var ein slags arroganse i veremåten deira. Dette var ikkje dei grå, ikkje små, grøne menn. Dette var maktvesen.’

Det sjokkerande rasespesifikke i beretninga til Bergrun har fått augnebryn til å heve seg og ført til intens debatt i UFO-sirklar, der enkelte spekulerer i om den amerikanske regjeringa lenge har vore klare over fleire utanomjordiske rasar – der enkelte kanskje er meir menneskeliknande enn andre.

Bergrun er ikkje ein utkantsskrulling. Han er ein pioner innan romfartøykonstruksjon og kontroll av system som fraktar væske, og spelte nøkkelroller i Lockheed Martin og NASA sitt Ames Research Center. Arbeidet hans innan rullestabilitetslover hjelpte til med å stabilisere tidlege missilsystem, og han var essensiell når det gjaldt system som gav varme til luftfartøy for å hindre isdanning på overflatene [engelsk thermal ice prevention design], som framleis er i bruk i dag.

Han hadde òg oppsyn over testinga av Polaris Underwater Launch Missile System, og var ein nøkkelanalytikar innan satelittoppsendingsstrategiar – stillingar som ville ha gjeve han direkte tilgang til hemmelegstempla luft- og romfartsetterretning.

Boka hans frå 1986, Ringmakers of Saturn, forbløffa samfunnet med påstanden om at massive, sylinderforma UFO-ar hausta materiale frå ringane til Saturn. Sjølv tiår seinare ser bilete frå Cassini og Voyager ut til å støtte moglegheita for kunstige megastrukturar som lurer i bana til Saturn.

Med det veksande koret av varslarar – inkludert tidlegare etterretningsoffiserar og militærpilotar – legg påstandane til Bergrun vekt til ei urovekkjande moglegheit: menneskeheita kan allereie vere i kontakt med fleire utanomjordiske sivilisasjonar, og desse møta er kanskje ikkje alltid vennlegsinna.

Den amerikanske regjeringa held for sin del fram med å offentleggjere eit og anna gjennom Pentagon-program slik som AARO og UAP Task Force-briefingar. Men beretninga til Bergrun antydar ei bevisst tildekking som har pågått over fleire generasjonar, med ein agenda om hemmeleghald og kontroll.

Enkelte i sanningsrørsla trur at denne ‘svarte rasen’ av utanomjordiske kan ha noko å gjere med teoriar om oldtidsastronautar [engelsk ancient astronauts] – at mektige, ikkje-menneskelege vesen ein gong i tida herska over Jorda og kan vere på veg tilbake.

Som Bergrun seier det: ‘Dette var ikkje besøkande. Dei var herskarar. Og dei hadde ikkje vendt tilbake for å forhandle.’

Om du trur på historia hans eller ikkje: veggane knakar. Avsløring handlar ikkje lenger om dette eksisterer eller ikkje, men om kor mykje dei er viljuge til å innrømme før det er for seint.»

Kommentar frå Saksyndig: Kan vi vente oss ein invasjon av utanomjordiske «nordfjordingar» dei neste åra? Vi får krysse fingrane og håpe at vennlegsinna rasar tek kontakt før den tid.

One comment

  1. Dumbass, det er bluebeam prepp…. ALT som har med aliens å gjøre er bluebeam prepp. Husk at disse folka sår frøene til løgnene sine mange tiår i forveien…

    Likar

Kommenter innlegget