Sjå òg «Meir enn 400 000 britar vil avskaffe Online Safety Act – meiner den skaper sensurregime», publisert 31.juli 2025.
Britane går no orwellianske tider i møte etter at den kontroversielle Online Safety Act vart igangsett. Lova har visstnok som påskot å beskytte barn mot å få tilgang til vakse innhald, men ber preg av overvaking og kontroll. Sist ut er at musikkstrøymetenesta Spotify no krev at brukarar verifiserer alderen sin via ein ekstern app, anten ved hjelp av ansiktsgjenkjenning eller ID-kort. Gjer dei ikkje det innan 90 dagar, risikerer dei at kontoane deira blir sletta – uavhengig av om dei faktisk er gamle nok eller ikkje.
Laura Harris i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Spotify har byrja å åtvare brukarar om at dei risikerer å misse tilgang til kontoane sine med mindre dei fullfører ein ny aldersverifiseringsprosess, som ei følgje av den nylege innføringa av Storbritannias Online Safety Act (OSA).
OSA, som byrja å gjelde for fullt i juli i år, krev at digitale plattformer handhevar streng alderssjekk og avgrensar mindreårige sin tilgang til innhald som blir sett på som skadeleg, inkludert pornografi, eksplisitt vald og anna vakse materiale. Selskap som ikkje lyder, risikerer straff, inkludert bøter opp til 18 millionar pund (24 millionar dollar) [245,7 millionar kroner] eller 10% av deira globale inntekter, og i ekstreme tilfelle kan dei misse sponsortilgang, betalingsformidlarar eller til og med bli blokkert av britiske nettleverandørar.
Som respons har Spotify byrja å oppmode brukarar om å verifisere alderen deira via ein tredjeparts-app, Yoti, som bruker ansiktsgjenkjenning for å verifisere alder, og ber om offisiell legitimasjon om programvara oppdagar nokon som kanskje er mindreårig. Dersom den oppdagar nokon som ser mindreårige ut, vil Spotify oppmode brukaren om å framvise statleg utstada legitimasjon.
Eit veksande tal brukarar har rapportert at dei har fått app-interne meldingar dei siste dagane, der dei blir instruerte om å fullføre denne verifiseringsprosessen. Dersom ein brukar ikkje gjer dette innan 90 dagar, vil Spotify-kontoen deira bli ‘deaktivert og til slutt sletta’. […]
‘Du kan ikkje bruke Spotify om du ikkje møter minstealderskravet til marknaden du er i,’ står det å lese på den oppdaterte retningslinjesida til Spotify. Minimumsalderen for å lage ein Spotify-konto er framleis 13 år i dei fleste land.
Ifølgje deira oppdaterte retningslinjeside, vil det nye aldersverifiseringssystemet bli selektivt utløyst, spesielt når ein brukar prøver å få tilgang til innhald som er merkt som berre for vaksne. Til dømes, å prøve å spele ein musikkvideo med 18-årsgrense kan utløyse eit krav om ansiktsgjenkjenning for å bekrefte at brukaren er gammal nok.
‘Enkelte brukarar vil no måtte bekrefte alderen sin ved å gå gjennom ein aldersvurderingsprosess,’ skreiv Spotify.
Andre tech-plattformer innfører òg strengare alderssjekk i Storbritannia
Ei veksande liste av tech-selskap har innført liknande tiltak dei siste månadene.
Til dømes må Reddit-brukarar i Storbritannia no verifisere alderen sin ved å bruke anten ein statleg utstada ID eller ansiktsgjenkjenningsteknologi for å få tilgang til innhald som er merkt upassande for mindreårige. Reddit, kjent for sine halvanonyme samfunn, byrja å innføre desse endringane 14.juli via ein partnarskap med identitetsverifiseringsfirmaet Persona. Britiske brukarar må no sende inn ein statleg ID eller selfie for å bevise alderen sin, og dersom dei ikkje gjer det, vil dei få avgrensa tilgang til mesteparten av plattforma, same kor gamle dei faktisk er.
Bluesky kom med ei liknande erklæring 10.juli i eit blogginnlegg med tittelen ‘Working with the U.K. Government to Protect Children Online’. Bluesky erklærte at Storbritannia-baserte brukarar snart vil måtte verifisere alderen ved å bruke Kid Web Services (KWS), eit verktøy utvikla av Epic Games for aldersverifisering og foreldrekontroll.
Brukarar kan velje mellom ymse verifiseringsmetodar, inkludert ansiktsskanning, statleg utstada ID-kortopplasting, eller kredittkort-autentisering. Medan dei under 18 som vel å ikkje verifisere alderen sin ikkje vil bli utestengde, vil dei stå overfor restriksjonar slik som blokkert tilgang til vakse innhald og manglande løyve til å sende direktemeldingar.»

Boikott BigTech! Boikott illuminatinarrene som selger søplemusikken sin der!
LikarLikar