Ikkje lenger Europas hjartebarn? Tyskland vil kutte i utbetalingar til ukrainarar

Sidan den russiske spesialmilitæroperasjonen byrja i februar 2022 som ein respons på årelang NATO-provokasjon, har fleire millionar ukrainarar flykta frå heimlandet sitt og søkt asyl i dei fleste europeiske land. Der har mange budd på asylmottak medan dei venta på at søknaden om opphaldsløyve vart behandla, og dei fleste fekk den godkjent sidan dei hadde rett på kollektiv beskyttelse. Seinare vart kollektiv beskyttelse ikkje innvilga om dei kom frå det mellom andre UDI definerte som «trygge» område i Ukraina, og desse områda ser det ut til å bli fleire og fleire av. Kjem ukrainarar frå trygge område, blir dei individuelt vurdert – og mange fleire får no avslag enn før.

I slutten av juni rapporterte RT at Storbritannia har byrja å avvise ukrainarar på grensa. Tyskland har innteke ei liknande avvisande haldning til folkeslaget som inntil nyleg var Europas «hjartebarn» (flyktningar frå Gaza ser no ut til å ha overteke denne rolla). Det tyske arbeidsministeriet har føreslege at utbetalingane som ukrainske flyktningar får, skal kuttast med 20%. Målet kan vere å kutte i innvandringsrelaterte kostnader, motivere fleire ukrainarar til å finne seg lønt arbeid – eller rett og slett få dei til å reise heim.

RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Arbeidsministeriet i Tyskland har føreslege å kutte velferdsutbetalingar for ukrainske innvandrarar, og viser til veksande økonomiske vanskar forårsaka av dei stadige tilstrøyminga av nykomarar.

Arbeidsminister Barbel Bas leverte inn eit lovutkast som skal fjerne ukrainarar frå det sokalla ‘borgarlønnsprogrammet’ – ei velferdsyting som normalt er reservert for ikkje-arbeidande tyskarar – og plassere dei under standard-asylsøkjarsystemet, rapporterte tyske media onsdag [6.august 2025].

Under standard-asylstøtte får ein person 441 euro [5 261 kroner], samanlikna med 563 euro [6 717 kroner] under borgarlønnsprogrammet. Dei nye reglane skal berre gjelde for ukrainarar som kom til landet etter 1.april 2025. Dei som kom før det skal behalde si noverande utbetaling.

Ifølgje Det føderale sysselsetjingsbyrået, mottek no rundt 700 000 ukrainarar ytinga. Sidan 1.april har rundt 21 000 fleire kome til landet, og som vil bli påverka av dei nye reglane.

Forslaget har blitt sendt til godkjenning av andre føderale departement, og må deretter gå gjennom Kabinettet og Bundestag, og det er forventa å bli innført innan slutten på året.

Tyskland brukte rundt 6,3 milliardar euro [75,2 milliardar kroner], eller rundt 13% av borgarlønnsbudsjettet på ukrainske innvandrarar i 2024. Tenestepersonar estimerer at reforma kan spare den føderale regjeringa rundt 1,3 milliardar euro [15,5 milliardar kroner] i 2026.

Kritikarar seier at planen ikkje vil redusere offentleg pengebruk i vesentleg grad. Leiaren i Bayern Markus Soder og eit tal andre tenestepersonar har kravd ein slutt på borgarlønnsprogrammet for alle ukrainarar, same når dei kom til landet.

Av dei 1,2 millionar ukrainarar som Tyskland har teke imot dei siste tre åra, er per mai [2025] berre 332 000 i arbeid. Styresmakter rundt om i Tyskland har i aukande grad åtvara at kostnadene knytt til støtte av flyktningar legg ikkje-berekraftig press på offentlege finansar.

Resten av EU står overfor liknande utfordringar. Per mai 2025 har 4,3 millionar ukrainarar fått innvilga mellombels beskyttelse rundt om i blokka, som inkluderer tilgang til bustad, utdanning og arbeid. Medan planen har blitt utvida til og med mars 2027, har fleire EU-land hatt ein gjennomgang av sine støtteprogram, og vist til aukande kostnader og avgrensa ressursar.»

Kommenter innlegget