Spesialvernepleiar Siri Ann Moen byrja å jobbe i Bergen kommune i 1997, og var ein lojal tilsett som følgde lovverket. Eit lovverk ho følgde ekstra nøye var plikta helsepersonell har til å varsle når dei oppdagar kritikkverdige forhold. I Moen sitt tilfelle gjaldt dette ulovleg bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming i eit kommunalt bufellesskap. Dette skulle utløyse eit årelangt kommunalt mareritt med trakassering, sjukelleggjering og tallause intimiderande møte, før det heile enda i ei usakleg og ulovleg oppseiing i 2024.
Som Moen sjølv skriv i eit innlegg på nettstaden Artikulert 7.mai 2025:
«Jeg varslet forsvarlig og i tråd med reglene, først til nærmeste leder. Men istedenfor å bli tatt på alvor, ble varselet ignorert. Ingen grep inn.»
Allereie i mars 2018 stod Moen og fleire tilsette ved eit bufelleskap i Bergen kommune (Sandgotna bofellesskap i Loddefjord) fram og uttrykte fortviling over at kommunale kutt råka både tilsette og bebuarar (artikkel er frå BT, og bak betalingsmur). I september 2023 skreiv BT at ein pårørande hadde meldt bufellesskapet og Bergen kommune til politiet fordi sonen hadde blitt slått av ein tilsett der (òg bak betalingsmur). Den som hadde varsla om den hendinga, var Moen – då jobba ho framleis i kommunen.
Moen meiner at problema hennar starta då ho byrja å varsle om kritikkverdige forhold. Som ho skriv i Artikulert-artikkelen:
«Kort tid etter opplevde jeg mobbing og trakassering – fordi jeg hadde varslet. Jeg forsøkte å varsle om dette også, men igjen uten hjelp. Jeg gikk hele linjen opp, helt til de øverste kommunaldirektørene i Bergen kommune. Resultatet? De valgte ikke å beskytte meg –i stedet opplevde jeg at de deltok i trakasseringen.»
Kommunaldirektøren i Bergen kommune har ei eiga varslingsgruppe med forkortinga BLED. Moen kontakta dei i håp om få hjelp. I staden opplevde ho latterleggjering og bagatellisering. Ho kontakta faktisk heile apparatet: HR, byombodet, kontrollutvalet, ordførarar (i fleirtal), byrådsleiaren, bedriftshelsetenesta, «men alle fraskrev seg ansvar med at de ‘ikke kunne gå inn i enkeltsaker’.» Med hennar eigne ord svikta systemet fullstendig. Ho gav derimot ikkje opp:
«Jeg meldte saken inn til ulike tilsynsorganer. De pekte på hverandre. Ingen grep inn.»
Ho meiner sjølv at ho vart ulovleg oppsagt i mars 2024: oppseiinga vart «regissert av en kommunaldirektør og en HR-jurist jeg tidligere hadde varslet om for mobbing. De lot de en annen kommunaldirektør signere oppsigelsen, noe som ga inntrykk av habilitet. Men min tro på rettssikkerhet var allerede knust».
Det vart forfatta ein sokalla varslingsrapport om ho, der hennar mange varsel hadde blitt ferdigbehandla. Rapporten var på 26 sider, men «ingen» kunne gjere reie for kva som faktisk stod der, og kommunen nekta ho innsyn. I oppseiinga kom det fram grove påstandar om «løgn, lovbrudd og trakassering, helt uten dokumentasjon».
Kommunaldirektøren og hans stab skulle på eit tidspunkt òg ha teke kontakt med Moen sin fastlege, og framstilt ho som psykisk sjuk.
Moen klaga til Statsforvaltaren, men avslo med den grunngjevinga at ho ikkje var part i saka (!).
Som siste utveg (anna enn ei dyr rettssak med ein arbeidsgjevarvennleg dommar) gjekk ho til Diskrimineringsnemnda. Det gjekk heller ikkje hennar veg:
«Diskrimineringsnemnda mottok omfattende dokumentasjon på gjengjeldelse: brudd på konfidensialitet, spredning av personlige varsler, kontakt med min fastlege uten samtykke, rykter, og omskriving av avvik. Likevel landet de på at det jeg hadde opplevd ‘ikke var gjengjeldelse relatert til varsling’. En konklusjon som hverken speiler bevisene eller realitetene.
Tilsynsorganene og Diskrimineringsnemnda godtok en rekke udokumenterte påstander fra kommunen. Jeg kunne dokumentere alt jeg sa – de kunne ikke dokumentere sine påstander.»
Facebook-gruppa «Pårørende i front» publiserte eit innlegg av Nikolai Vilnes som han sjølv la ut 19.november 2024. I ein video presenterer Siri Ann Moen saka si med sine eigne ord. Teksten som følgjer med innlegget slår fast følgjande triste faktum:
«Jeg har fulgt prosedyrer for varsling i en periode på tre år uten at funksjonelle tiltak er satt i verk. Da involverte ledere i min kommune har vært mer opptatt av å straffe meg og andre budbringere en å ivareta bekymringsmeldinger, fortsetter mye av ukulturen.»
Og vidare:
«Det har vært skremmende å erfare at stort sett ikke noen tilsynsorganer har fungert. Jeg har varslet utallige om at store deler av Bergen kommune sitt varslingssystem synes å være korrumpert. Økokrim svarte meg på post at dette er politiet sitt ansvar. Jeg meldte inn forhold, alt er foreløpig henlagt, ingen har tatt en prat med meg.
Da min fagforening FO ( fellesorganisasjonen) sviktet meg, måtte jeg betale advokater av egen lomme. Dette truer min rettsikkerhet. Jeg har ikke kunnet ta ulovlig oppsigelse til domstol, eller melde inn den ulovlige virksomheten til Diskrimineringsnemndas til retten. Det kan koste meg dyrt, den sjansen har jeg ikke mulighet til å ta.»
Moen oppsummerer det Bergen kommune skal ha utsett ho for, og det eg kallar kommunal vald, i følgjande punkt (ikkje alle er tekne med her):
- Utmattingstaktikkar
- Usanningar
- Gaslighting
- Trenering
- Ignorering
- Usannferdige møtereferat
- Dokumentforfalsking
- Maktovergrep / intimidering (i hennar konkret tilfelle: eit møte med fire leiarar, visstnok for å diskutere ein permisjon)
- Ryktespreiing
- Stempling av varslaren som «vanskeleg», «ikkje samarbeidsviljug», «urokråke»
- Latterleggjering
- Tilbakehalding av informasjon
- Klage frå Bergen rådhus at Moen har sendt for mykje post, samstundes som dei ikkje har svart på hennar førespurnader (som jo er grunnen til at ho sendte so mykje post!)
Nettstaden Monsens revelje, der Per-Yngve Monsen skriv om varslarsaker, oppsummerer denne komplekse saka med følgjande dystre ord:
«Siri Ann Moen, en utdannet spesialvernepleier ved Bergen kommune, har gjennom flere år sendt varsler om alvorlige forhold som vold og forsømmelser i kommunens tjenester til BLED og Statsforvalteren. Disse varslene, som også har blitt sendt til kommunaldirektøren, har blitt avvist eller ignorert.
Til tross for flere forsøk på å fremme en trygg ytringskultur og bedre pasientsikkerheten, har varslene ikke blitt behandlet som lovet, noe som har ført til alvorlige konsekvenser, inkludert dødsfall.»
Og vidare:
«I utgangspunktet meldte Moen i fra om flere kritikkverdige forhold i et bofellesskap for personer med funksjonsvariasjon. Varslene omfattet vold og slag mot beboere, alvorlige hendelser som ikke ble rapportert, uklare roller rundt medisinhåndtering, manglende fokus på etikk og beboernes velferd og manipulasjon av avviksrapporter for å skjule pliktbrudd.
Varsleren fulgte riktig prosedyre og varslet gjennom hele linjen, helt opp til øverste leder kommunaldirektøren Kjell Wolff, samt etter hvert også til en annen kommunaldirektør. I etterkant av varselet måtte Moen også melde ifra om at hun ble mobbet, trakassert og trengte bistand til å stoppe rykter som var satt ut. Lite endret seg, og spesialvernepleieren kunne bare konstatere at varslene hun sendte, ikke fikk noen troverdig behandling.»
Ingen ville hjelpe ho fordi ingen visstnok hadde mandat til å gripe inn i enkeltsaker. Fagforeininga nekta å gje ho juridisk bistand, fordi dei meinte at det ikkje var behov for noko slikt – altso treng ein ifølgje fagforeiningslogikk ikkje advokathjelp om ein blir mobba av kommunaldirektøren! Åtferda og framferda til Bergen kommune bryt ifølgje Monsen med «arbeidsmiljøloven, kommunens egne verdier, og interne prosedyrer». Det har blitt skapt ein farleg arbeidskultur som trugar tryggleiken til både tilsette og bebuarar. Men dette skal ein ikkje kunne varsle om – ikkje utan at det får alvorlege konsekvensar for jobb, karriere, rykte og helse.
Monsen konkluderer at denne saka «illustrerer hvordan alvorlige systemsvikt og manglende oppfølging av varsler fortsatt lever i beste velgående i Bergen kommune».
Slik trakassering på arbeidsplassen er, med Monsen sine ord, eit utbreitt problem i Noreg. Dei som trakasserer, av han kalla trakassøren, vinn som regel. Dette har sin bakgrunn i organisatoriske, sosiale og kulturelle faktorar. Dei som har maktposisjonar, har vesentleg meir beskyttelse og støtte, og dette «utgjør et sterkt og skremmende hinder for underordnede som vurderer å rapportere trakassering. Frykt for tap av jobb, ødelagte karrieremuligheter, sosial isolasjon og andre represalier, kan skremme de fleste fra å si ifra».
Dei som varslar har lite å vinne og alt å tape. Systema som er meint å handtere varslingssaker, er ineffektive og partiske. Det ser ut til at visse maktpersonar veit dette. Til dømes, at varsling er dårleg tilrettelagt i Bergen kommune vart antyda i BT tilbake i 2021, ved at eit kontrollutval leia av Henning Warloe skulle granske om varslarar i kommunen blir utsett for gjengjelding (òg bak betalingsmur) – ironisk nok før Moen-saka. Det herskar kameraderi og «guteklubben grei» (eller ròtne jentegjengar, om maktklikken er kvinnedominert, noko den ofte er på lågare nivå). Monsen skriv at dei som handterer klagane, «har tette bånd til trakassøren». Dermed må varslaren forlate verksemda, medan «trakassøren kan fortsette sin atferd uten konsekvenser».
Ikkje minst er det eit vesentleg hinder for varsling at varslaren står heilt åleine. Han eller ho blir påført sosial stigmatisering og isolasjon, og blir stempla som «vanskelege» tilsette – og dette blir ein sjølvforsterkande negativ syklus der den tilsette blir fordømt og fiendegjort same kva vedkomande seier og gjer. Kollegaer vågar ikkje å støtte varslaren, av frykt for å møte same lagnad. Kort fortalt fører slikt formidabelt sosialt press til at den som oppdagar kritikkverdige forhold, heller held kjeft – dei ser jo korleis det har gått med dei som sa i frå.
Siri Ann Moen held derimot ikkje kjeft. Ho heldt 23.mai 2025 ein tale utanfor Stortinget, der ho kom med rettmessig kritikk av det kommunale systemet og ikkje minst deira sokalla «varselhandtering». Hennar tidlegare arbeidsgjevar likar nok ikkje at deira eige skite spel blir avslørt på denne måten, men det ein deler ut, har ein ein tendens til å få tilbake.
Saksyndig-redaktøren, som sjølv vart offer for kommunal vald i si tid, følgjer interessert med på Moen.

Opp ned menneskene har slimet seg inn i alle maktposisjoner nå helt på slutten vettu
LikarLikar
«Likar» slett ikkje, men har lest og forstått.
LikarLikt av 1 person