Ny trend: Vaksne bruker smokk for å takle kvardagen

At livet er eit usikkert prosjekt og ei kjelde til vesentleg stress i periodar, er noko alle veit. Korleis den enkelte vel å takle kvardagsutfordringar, kan variere – livet kjem ikkje akkurat med ei brukarrettleiing, og enkelte problem har vist seg umogleg å google seg fram til ei løysing på. Somme bruker alkohol eller reseptbelagde medisinar. Enkelte stikk til skogs og gaular medan dei viftar med stokkar. Andre i sin tur opprettar bloggar der dei opplyser om den katastrofale stoda til verda.

Og andre bruker smokk.

Øh, vent litt… Smokk?! Slik som babyar bruker?

Jepp. Ein ny trend ser ut til å ha oppstått, der vaksne menn og kvinner bruker smokk for å roe seg ned. Steve Watson på nettstaden Modernity.news skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Der er ein stadig meir populær trend blant vaksne, der dei bruker smokk, eller narresmokk, for å ‘lette stress’.

Ja, seriøst. Menn og kvinner går bokstavleg tala tilbake til eit kognitivt smedbarnsstadium når verda blir for mykje for dei, står det i ein reportasje frå New York Post.

Trass at desse tingestane ikkje er bra for kjeven og tennene, og at dei er farlege å sove med [på grunn av faren for å svelgje dei og bli kvelte; oms.komm.], oppfører folk seg som babyar og sug på smokkar fordi dei ikkje taklar den verkelege verda.

I reportasjen står det:

‘TikTok sug det i seg – bokstavleg tala – med videoar av vaksne amerikanarar som roar seg sjølv ned i trafikken, på arbeid eller når dei opplever ei utbrenning.

I kommentarseksjonen til ein TikTok ved namn @thebentist skreiv ein brukar: ‘Eg bruker berre ein vaksensmokk, den har ikkje flytta på tennene mine, eg har brukt dei i fire år.’

Ein annan dobla innsatsen: ‘Ta rett og slett og skaff dykk ein vaksensmokk, eg bruker ein! Og ADHD-tips: den fungerer!! (for meg).’

Andre innrømte: ‘vi må gjere det vi kan for å halde fokus. Overbit eller å ikkje få gjort det vi må gjere, hahaha,’ medan ein annan vedgjekk: ‘eg skjemmest sånn, eg har vore avhengig i 23 år, heile livet mitt.’’

Eit raskt søk på nettet avslører ein heil subkultur av menneske som lagar YouTube-videoar om vaksensmokkar, der dei vurderer dei og pakkar dei ut.

Personane framfor kamera er ofte kledde i babyklede i vaksenstorleik, omringar seg sjølve med babyleiketøy og har fleirfarga hår.

Dei er tydelegvis berre mentalt ustabile og treng hjelp. Noko har gått særs gale i barndommen til desse individa.»

På X er der mange sterke meiningar om vaksne med smokk, og dei står alle å lese i Watson sin originalartikkel. Matt Van Swol skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Eg såg ein av desse nyleg på eit collegecampus i North Carolina. Eg kunne ikkje tru det eg såg. Vaksne med smokk er ei mentalliding.»

Common Sense Todd skriv:

«Ver so snill, @nypost, ver vennlege og utfør ei spørjeundersøking for vaksne med smokk og spør dei kva for parti dei alle stemmer på. Vi alle veit svaret, men berre for å bevise eit poeng, gjer det. Pliiiiis!»

Amy Curtis skriv:

«Om du treng ein smokk som vaksen, burde du ikkje få lov til å røyste.»

Savannah skriv:

«Då eg var yngre, brukte folk som gjekk på metamfetamin og andre former for narkotika smokkar for å roe seg ned, fram til dei fekk sin neste ‘dose’. No har det progrediert frå narkotikaavhengigheit til psykisk sjukdom.»

Allen Ray skriv:

«Nei, stressa vaksne stoler ikkje på smokkar for å roe seg ned. Mentalt forkrøpla, merksemdssøkjande tullingar stoler på smokkar for å roe seg.»

Steve Watson, artikkelforfattaren, skriv avslutningsvis at infantiliseringa av populærkulturen berre har blitt verre og verre i dei seks åra sidan dei laga denne videoen. I Noreg har vi enno til gode å sjå vaksne med smokk i full offentlegheit, men nordmenn har ein tendens til å late seg bli påverka av det som trendar i sosiale media. Det psykologiske grunnlaget for barnleggjering ligg her allereie. Ofte oppfører Staten seg som ein moraliserande forelder, og folk får i mange tilfelle ikkje lov til å tenkje sjølv og gjere eigne vurderingar og val. Slik umyndiggjering får konsekvensar. Behandlar ein folk som barn, vil dei før eller seinare byrje å oppføre seg som barn.  

Kommenter innlegget