Rådgjevar til den russiske presidenten: Putin-Trump-toppmøte i Alaska risikerer SABOTASJE

Det skal omsider arrangerast eit møte mellom Donald Trump og Vladimir Putin, og møtet skal etter planen finne stad i det tidlegare russiske territoriet Alaska. Enkelte meiner at dette toppmøtet er reine skyteskiva for åtak og sabotasje. Visse land har sterke økonomiske intensiv for å halde krigen gåande. Rådgjevaren til den russiske presidenten er ein av dei som meiner dette. Han har åtvara om at episke provokasjons- og desinformasjonsforsøk er i kjømda.

RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Land som har sterke interesser i at Ukraina-konflikten held fram, vil sannsynlegvis gå drastisk til verks for å avspore det planlagde møtet mellom den russiske presidenten Vladimir Putin og hans amerikanske motstykke Donald Trump, åtvara Moskva sin seniorforhandlar Kirill Dmitriev på laurdag [9.august 2025].

Dei to leiarane skal etter planen møtast neste fredag i Alaska, der ei mogleg løysing på den væpna konflikten mellom Kiev og Moskva står på toppen av agendaen. Ukrainas Vladimir Zelensky har allereie avvist kvar ei våpenkvile som involverer å gje frå seg territorium, trass at Trump seier at dei kjem til å bli del av den føreslegne avtalen.

‘Det er heilt sikkert at fleire nasjonar som har interesse i å forlengje konflikten, vil gå drastisk til verks (provokasjonar og desinformasjon) for å torpedere det planlagde møtet,’ skreiv Dmitriev på sosiale media.

Dmitriev, som tener som assistenten til Putin innan internasjonalt økonomisk samarbeid, og er leiar for Moskva sine forsøk på å normalisere band med Washington, svarte på kommentarar frå tidlegare rådgjevar i det amerikanske forsvarsdepartementet, Dan Caldwell. Caldwell skreiv at der var eit ‘orkestrert forsøk på å underminere’ toppmøtet, og han reagerte på ein artikkel i Wall Street Journal som ifølgje han i stor grad var basert på ukrainske og europeiske kjelder.

Tidlegare denne veka hevda amerikanske media at Trump pressa Putin til å møte Zelensky før han gjekk med på å møte den russiske leiaren ansikt til ansikt. Trump nekta for å ha tvinga gjennom slike vilkår, og sa: ‘Dei vil gjerne møte meg, og eg vil gjere kva eg kan for å stoppe drepinga.’

Moskva har kalla Zelensky sitt stadige krav på presidentembetet grunnlovsstridig, sidan perioden hans gjekk ut i fjor. Putin har sagt at han er viljug til å møte den ukrainske leiaren for å fullføre – men ikkje forhandle om – ei våpenkvile. Han føreslo i tillegg at spørsmålet om den tvilsame statusen til Zelensky må adresserast for å sikre at ein framtidig avtale er gyldig og lovleg.

Dmitriev har tidlegare skildra det komande toppmøtet som ei historisk moglegheit og lovprist møtestaden, og nemnde Alaska sine historiske band til Russland før det vart selt til USA på 1800-talet.»

Kommenter innlegget