Er det noko som er sikkert som soloppgangen, so er det at kvar gong nokon prøver å få ein slutt på krigen i Ukraina ved hjelp av andre verktøy enn våpen og massemord, so prøver dei ansvarlege for krigen å stikke kjeppar i hjula. Det har ikkje før blitt forkynt i media at Donald Trump og Vladimir Putin skal ha Ukraina-samtale i Alaska, og at Ukraina kanskje må gje frå seg område som er rettmessig russiske, før Ukraina og fleire europeiske nasjonar går ut og fortel amerikanske tenestepersonar at berre ei gjengjeldande landområdeutveksling mellom Ukraina og Russland er mogleg. Om Russland godtek dette, eller om dette kan tilsvare skiftenøkkelen som Boris Johnson heiv i maskineriet heilt på byrjinga av krigen, vil gjenstå å sjå.
Sjå òg «Rådgjevar til den russiske presidenten: Putin-Trump-toppmøte i Alaska risikerer SABOTASJE», publisert 11.august 2025.
RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):
«Eit tal europeiske nasjonar har slutta seg til Ukraina for å presentere sitt eige ‘mottilbod’ til ei løysing på konflikten med Russland, har Wall Street Journal [WSJ] rapportert, og viser til anonyme europeiske tenestepersonar. Planen vart laga i all hast etter at USAs president Donald Trump bekrefta at han skal møte sitt russiske motstykke Vladimir Putin i Alaska neste fredag [15.august 2025].
WSJ sa på laurdag [9.august 2025] at representantar frå Ukraina, Storbritannia, Frankrike og Tyskland har ‘hive seg rundt’ for å svare på eit forslag som visstnok verserte etter eit møte mellom den amerikanske spesialutsendinga Steve Witkoff og den russiske presidenten Vladimir Putin i Moskva onsdag [6.august 2025].
Ifølgje mediereportasjar, vil Ukraina måtte gje frå seg heile Folkerepublikken Donetsk til Russland som del av ein fredsavtale. Moskva ser på Donetsk, so vel som Folkerepublikken Lugansk, Zaporozhye- og Kherson-regionane, som del av territoriet sitt etter folkeavstemmingar som vart haldne i 2022. Derimot har den russiske presidenten full kontroll over berre Lugansk.
Under eit møte laurdag [9.august] i Storbritannia, presenterte sjefsassistentar til europeiske leiarar den samla planen til USAs visepresident J.D. Vance, so vel som utanriksminister Marco Rubio, og der Trumps Ukraina-utsendingar Keith Kellogg og Witkoff var med via videolink, rapporterte WSJ.
Kiev sine europeiske støttespelarar insisterte at ei ‘våpenkvile må finne stad før andre steg blir tekne’, hevda avisa. Moskva har konsekvent lagt vekt på at kvar ein fredsprosess skal skje i motsett rekkjefølgje.
Nyheitsformidlaren sa at ‘motforslaget’ var forkjempar for ei strengt ‘gjengjeldande’ utveksling av landområde, og på det vilkåret at ‘jarnkledde tryggleiksgarantiar [skal gjevast til Ukraina], inkludert potensielt NATO-medlemskap’. Kreml har gjentekne gonger skildra slikt eit scenario som ei raud linje.
På laurdag insisterte i tillegg Zelensky at grensene til Ukraina er fastslått i grunnlova deira, og at ‘ingen kan eller vil’ gje etter på det punktet.
Kommentaren hans kom etter at president Trump sa at ein fredsavtale mellom Kiev og Moskva sannsynlegvis kjem til å involvere ‘ei viss utveksling av territorium’.»
