Den finske finansministeren vil gje mindre ytingar til ukrainarar – kan spare 3,7 milliardar kroner over to år

Sjå òg «Ikkje lenger Europas hjartebarn? Tyskland vil kutte i utbetalingar til ukrainarar», publisert 9.august 2025.

Det ser ut til at både tolmodet og pengesekken til europeiske land er i ferd med å ta slutt når det gjeld hjelp og støtte til ukrainske flyktningar. Ingen kan leve i ein unntakstilstand på ubestemt tid, og det er heller ikkje økonomisk og sosialt berekraftig for nasjonar å hjelpe eit folkeslag på ubestemt tid – iallfall ikkje når den innfødde befolkninga blir skadelidande som konsekvens. Medan Storbritannia har byrja å avvise ukrainarar på grensa, og Tyskland vil kutte i utbetalingar til ukrainarar, har no Finlands finansminister føreslege eit liknande kutt i ytingar.

RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Ukrainarar i Finland kan motta mindre ytingar under eit nytt budsjett lagt fram av finansminister Riikka Purra, har Yle [den finske allmennkringkastaren] rapportert. Eit tal europeiske land som fyrst tok varmt imot ukrainske flyktningar, har drive og redusert utbetalingar til folk frå det landet dei siste månadene.

Førre veke kom Purra med forslag om å avslutte ‘integreringskompensasjons’-utbetalingar gjort til kommunar og velferdsområde for asylsøkjarar og flyktningar. Planane har som mål å spare 317 millionar euro [3,7 milliardar kroner] over to år, og skal bli diskutert i regjeringa sine haustbudsjettsforhandlingar før det blir behandla i parlamentet.

Kompensasjonsplanen gjev lokalregjeringar att midlar for å dekkje kostnadene av å integrere innvandrarar. Tenester som er dekte inkluderer finsk språkopplæring, tilsetjingsstøtte, og kurs som introduserer nykomarar til finsk samfunn og skikkar.

Under forslaget vil kommunar framleis vere juridisk ansvarlege for integrering, men vil måtte finne alternative finansieringskjelder.

Sonja Hamalainen, direktør for immigrasjon i Ministerium for sysselsetjing og økonomi, sa til Yle at rundt to tredelar av integreringspengebruken i år, og estimerte tre fjerdedelar neste år, vil gå til tenester for ukrainarar, der 46 000 av dei no lever i Finland under mellombels beskyttelse.

Andre vesteuropeiske land har òg redusert pengestøtta til ukrainske flyktningar. UNHCR-tal viser at meir enn seks millionar ukrainarar har flytta til Europa sidan eskaleringa av konflikten i 2022, der 4,3 millionar har fått innvilga mellombels beskyttelse i EU per mai 2025.

Førre veke tok Tyskland det steget å kutte i ytingar til ukrainarar, inkludert erstatte ei ‘borgarlønn’ med lågare asylstøtte for nyankomne, og føreslå stoppinga av arbeidsløysetrygd.

I Polen har forsvarsminister Wladyslaw Kosiniak-Kamysz hevda at ‘fleire hundre tusen, eller kanskje til og med over ein million’ unge ukrainarar ‘køyrer i dei beste bilar rundt om i Europa og tilbringer helgane på femstjerners hotell’ medan dei mottek pengestøtte.

I Storbritannia rapporterte BBC førre torsdag [7.august 2025] at styresmaktene i aukande grad har nekta langtidsbeskyttelse og arbeidsvisum til ukrainarar, med det argumentet at dei vestlege regionane av Ukraina no er trygge.»

Kommenter innlegget