I vestlege hovudstraumsmedia har det heilt sidan byrjinga på krigen mellom Russland og Ukraina i februar 2022, blitt pumpa ut eit einsidig narrativ der Ukraina blir portrettert som eit offer, Zelensky som ein heilt, og Putins perspektiv blir fullstendig ignorert og/eller sensurert. Dermed blir folk flest haldne fullstendig uvetande om den geopolitiske rettferdiggjeringa bak handlingane til Russland. Putin sine mange åtvaringar om NATO-utviding inn i Ukraina blir avfeia – når høyrer amerikanarar og andre vestlege eigentleg stemma hans?
Hovudstraumsdekninga av krigen er ikkje journalistikk. Det er kjøpt og betalt propaganda.
Medan Putin aldri blir høyrt, blir til gjengjeld den kokainavhengige «helten» i Ukraina det. Amerikanske (og vestlege) intervju med Zelensky blir iscenesett for å tigge om militær- og økonomisk bistand. Uavhengige journalistar skuldar hovudstraumsmedia for å fremje statleg propaganda. Dei som har tent på krigen, er fyrst og fremst den allereie styrtrike eliten, som håvar inn på sal av våpen. Zelensky og andre vestlege leiarar unngår fredssamtalar fordi dei har sterke økonomiske interesser av at krigen held fram. I mellomtida øydelegg sanksjonar den europeiske økonomien.
Finn Heartley i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«I fleire månader har vestlege nyheitsformidlarar måla Russland-Ukraina-konflikten som ein kamp mellom det gode og det vonde – der den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky blir framstilt som den heroiske ‘underdog’ som kjempar mot russisk aggresjon. Likevel, oppi dette sirleg framdyrka narrativet, er éi særs viktig stemme mistenkjeleg fråverande: Den til den russiske presidenten Vladimir Putin.
Dei uavhengige journalistane Mike Adams og Luke Rudkowski slår fast at bevisst sensur har gjort det vestlege publikummet blinde for dei geopolitiske kompleksitetane til krigen. I staden for balansert journalistikk, driv større amerikanske og europeiske nettverk og forsterkar Zelensky sine iscenesette bøner for djupare intervensjon – medan dei teier meiningar som går imot narrativet.
Eit fabrikkert narrativ
‘Det som skjer er ikkje journalistikk – det er statleg propaganda,’ seier Adams, grunnleggjar av Brighteon.com, ei plattform for ytringsfridom. Han peiker på intervju med Zelensky – godkjent og mogleggjort av amerikanske media – som designa berre for å drive lobbyverksemd for auka militærbistand og -intervensjon.
I mellomtida er motiva til Putin framleis ikkje undersøkt. Den russiske leiaren har gjentekne gonger sagt at han er motstandar av at NATO blir utvida til Ukraina, dette utifrå tryggleiksomsyn. Likevel nektar amerikanske nyheitsformidlarar å kringkaste rettferdiggjeringane hans, eller i det heile teke anerkjenne dei. ‘Mange amerikanarar har ikkje høyrt Putin snakke eller forklare sine handlingar,’ seier Rudkowski. ‘Det er ikkje eit uhell – det er sensur.’
Designa eskalering
Ekspertar argumenterer at å forlenge krigen tener interessene til eliten – ikkje vanlege borgarar. Rudkowski, ein særs erfaren uavhengig journalist i WeAreChange.org, åtvarar at konfliktar slik som desse mogleggjorde korrupsjon, våpenhandel og menneskehandel. ‘Zelensky veit at so fort krigen tek slutt, vil tjuveriet av vestleg bistand bli eksponert,’ seier han.
På liknande vis nektar leiarar i Washington og Brüssel diplomatiske løysingar. President Biden sin svovelretorikk – som inkluderer å kalle Putin ein ‘sprø jævel’ – har sabotert potensielle forhandlingar. I mellomtida skjelv Europa sin økonomi under sanksjonar, der deindustrialiseringa av Tyskland går fortare dag for dag.
Kven har nytte av det?
Svaret ligg i det militær-industrielle komplekset. NATO si lobbyverksemd held ved like finansielle insentiv for evigvarande konflikt, medan politikarar unngår å bli ansvarleggjorde for katastrofal politikk.
Adams og Rudkowski antydar at berre det at folket blir klar over dette kan bryte denne syklusen. ‘Sanningsaugneblinken kjem når folk innser at regimeendring i Russland er umogleg – og krev fred,’ seier Adams. Fram til då syt den selektive media-blackout-en til at publikum framleis er uinformerte – og krigsprofitørar enno ikkje blir utfordra.
Spørsmålet ingen stiller seg: Kor lenge kan vestlege leiarar ignorerer realiteten før deira eigne borgarar betaler prisen?»
Intervjuet med Mike Adams og Luke Rudkowski kan sjåast her. Mike Adams er òg eigar og grunnleggjar av Natural News, som denne artikkelen er henta frå.
