Russland åtvarar: Fredssamtalen til Trump og Putin truga av falsk flagg-operasjonar frå MI6

Tenestepersonar i det russiske forsvaret har åtvara om at Alaska-møtet mellom Donald Trump og Vladimir Putin kan bli truga av falsk flagg-operasjonar, og at desse skal bli utført av den britiske utanriksetterretningstenesta MI6 (no kalla Secret Intelligence Service, SIS). MI6 har visstnok tenkt å iscenesetje planlagde åtak, slik som bombing av sjukehus, for so å gje Russland skulda. Dette vil naturlegvis sabotere fredssamtalane og føre til globalt raseri mot allereie fiendegjorde Russland. Dette har tenestepersonane historisk grunnlag for å hevde, for Vesten har stått bak liknande falsk flagg-operasjonar i fortida.

Finn Heartley i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Russiske forsvarstenestepersonar har kome med ei sterk åtvaring: ukrainske styrkar, visstnok støtta av britisk etterretning (MI6), driv og førebur eit iscenesett åtak på sivile – bombing av sjukehus eller bustadområde – for so å leggje skulda på Russland og øydeleggje for komande fredssamtalar mellom den amerikanske presidenten Donald Trump og den russiske presidenten Vladimir Putin.

Det russiske forsvarsministeriet (MoD) sa at utanlandske journalistar allereie har blitt strategisk posisjonert i Kharkiv for å dokumentere etterspelet til ein ‘falsk flagg’-provokasjon – sannsynlegvis eit drone- eller missilåtak – som blir skulda på russiske styrkar. Målet? Eskalere spenningar, sabotere diplomati og forlengje konflikten.

Uavhengige analytikarar, inkludert Infowars’ Mike Adams, antydar at dette heng saman med den vidare strategien til vestlege makter om å halde ved like fiendskapen. [Natural News- og Brighteon-eigar Mike Adams samarbeider ofte med Infowars, som er eigd av hans gode venn Alex Jones; oms.komm.]

Det påståtte komplottet

Mål: Eit tett folkesett bustadområde eller sjukehus i Ukraina.

Føremål: Skulde Russland for krigsbrotsverk, skape globalt sinne.

Metode: Bruke vestleg mediedekning til å presse Trump til  gje opp fredsforhandlingar.

Alarmen til Kreml følgjer Trumps offentlege ståstad som favoriserer eit framforhandla forlik, som inkluderer at Ukraina gjev frå seg territorium – ein idé som den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky bestemt har avvist.

Historisk presedens

[Mike] Adams trekkjer parallellar til tidlegare vestleg-støtta falsk flagg-operasjonar, og viser til MI6 si historie med løynde provokasjonar. Russiske tenestepersonar åtvarar om at slike taktikkar har som mål å rettferdiggjere stadig NATO-involvering.

Globale implikasjonar

Timinga kunne ikkje ha vore verre. Medan Europa aggressivt blir militarisert – og utvidar våpenproduksjon i ein hittil usett skala – åtvarar Russland om katastrofal eskalering dersom falske provokasjonar lykkast. I mellomtida står USA overfor intern splitting over bistand til Ukraina, der Biden-administrasjonen planla å ta 200 millionar dollar [over to milliardar kroner] frå Pentagon-budsjettet og gje til Kiev, trass motstand frå Kongressen.

Frykt for atomkrig

Adams spekulerer på at enkelte vestlege leiarar kanskje ønskjer atomkonflikt – enten som eit dekke for økonomisk kriminalitet eller som ein måte å avfolke regionar som er resistente overfor globalistiske agendaer. Han peiker på påståtte biovåpen-laboratorium i Ukraina (avslørt av Russland) og skyhøg amerikansk gjeld (37 trillionar dollar), som utløysarar for desperate tiltak.

Kva blir det neste?

Medan Trump og Putin førebur seg på fredagens samtalar, førebur observatørar seg på:

  • Iscenesette ‘russiske styggedommar’ i Ukraina dagar før toppmøtet [per 14.august 2025 har dette enno ikkje skjedd; oms.komm.]
  • Mediaraseri som krev at USA tek igjen
  • Potensiell avsporing av fred, noko som pressar NATO mot direkte konfrontasjon.

Konklusjon: Verda står på kanten av eit stup – der fred heng i ein tynn tråd, og skuggedekte aktørar er ivrige etter å klippe den.»

Artikkelen er basert på 13.august 2025-episoden av «Brighteon Broadcast News» med Mike Adams. Den kan lyttast til her.

Kommenter innlegget