Kommunal takksemd i praksis: Sleit seg ut på jobben – vart OPPSAGT

Fagbladet publiserte nyleg ein artikkel som burde kome som eit sjokk for alle som trur at arbeidsgjevar er din venn. Vi som veit betre, vart ikkje overraska på nokon måte, for det er no ein gong slik ting «fungerer» i det norske arbeidslivet. Tilsette blir ikkje sett på som menneske, men som «ressursar» (les: varer) som kan brukast og misbrukast etter kva arbeidsgjevar finn for godt. Dårleg åtferd frå arbeidsgjevars side blir bortforklart som «styringsrett», og i dei aller fleste tilfelle der ein tilsett tømmer sparekontoen og saksøkjer arbeidsgjevar, dømmer den arbeidsgjevarvennlege domstolen i favør av den langt mektigare arbeidsgjevaren. Den tilsette taper ikkje berre saken, men må òg dekkje sakskostnadene til både seg sjølv og motparten – ein motpart som har nær uavgrensa midlar til rådigheit til å leige dyre kjendisadvokatar.

Artikkelen Saksyndig her har valt å skrive om, handlar om 58 år gamle Kirsti Bergquist, som sleit seg ut på jobben og vart sjukemeldt. Kommunen takka for hennar innsats ved å plutseleg seie ho opp. Kirsti gjekk til søksmål for usakleg oppseiing. Tør vi gjette kva utfallet vart?

I artikkelen står det innleiingsvis:

«Klokka 11.59 en mandag i juli 2023 kom oppsigelsen via Digipost. Kirsti Bergquist logget seg inn, og leste at den gjaldt fra fem dager senere.

– Jeg ble dyttet utfor et stupebrett, og visste ingenting om landingen.»

Kirsti gjorde det på alle måtar imponerande valet å ta helseutdanning på fagskule og etterutdanning i psykisk helse i godt vaksen alder. Det skal her leggjast til at ho då var åleinemor til fem barn. Ho byrja å jobbe i eldreomsorga i 2007 fordi ho etter eiga utsegn elskar menneske. Frå 2008 jobba ho på bu- og aktivitetssenteret i Senja kommune i ei tredelt 89,07%-stilling (dag, kveld og natt). Saksyndig greier ikkje heilt å rekne seg fram til kor mange timar dei siste 0,7 prosentane utgjer, men slike «desimalstillingar» er eit perfekt døme på forsøk på å få ein kommunekabal til å gå opp.

På grunn av omorganisering opplevde ho arbeidskvardagen som stadig tøffare og meir stressande. Ho fekk dårleg samvit fordi ho ikkje rakk å gjere alt. Med hennar eigne ord: «Det gjorde fryktelig vondt å bare løpe forbi». Alt skulle gå so raskt. Dette sette etter kvart sine spor, for frå 2018 (etter 11 år i helsesektoren) byrja helsa hennar å skrante. Ho vart etter kvart langtidssjukemeldt på grunn av utmatting. Under sjukemeldinga prøvde ho anna type arbeid, og periodar med full eller gradert (delvis) sjukemelding. Kommunen var arbeidsgjevar på alle arbeidsplassane ho prøvde seg på. Ho ville prøve å gå som ekstrapersonale (populært kalla «på topp»), men det ville ikkje kommunen, truleg på grunn av «dårleg økonomi». Den einaste tilrettelegginga ho fekk, var at ho fekk gå vakter der det var fleire på jobb, og kveldsvakter, som er rolegare enn dagvakter. Ho hadde fritak frå å dele ut medisinar, men måtte gjere det likevel fordi ho var den einaste på jobb med medisindelegeringsautorisasjon (i røynda var dårleg bemanning årsaka).

Til slutt, i juli 2023, vart ho oppsagt fordi arbeidsgjevar meinte det var usannsynleg at ho kom tilbake i jobb i nær framtid, og at ho ikkje var i eit dokumentert behandlingsforløp.

Ho fekk hjelp av hovudtillitsvalt i den lokale Fagforbundet-avdelinga, Anita Vestad. Dei hadde mange møte med arbeidsgjevar, men erfarte til slutt at rettssak var einaste vegen å gå. Vestad seier til Fagbladet at grunnbemanninga må aukast, og at ressursane som blir brukt på overtid i løpet av året, heller kan brukast på fleire tilsette.

I motsetnad til kva som skjer med mange andre usakleg oppsagte tilsette, vann Kirsti saka. Ho fekk 950 000 kroner i erstatning for økonomisk tap, og 100 000 kroner i «skattefri erstatning». Medan ho var oppsagt, jobba ho i den lokale nærbutikken, sidan ho med eigne ord ikkje ville sitje heime «og bare se på gardinene». Kommunen er no plikta til å finne ein ny jobb som passar helsa hennar.

Stine Strømsø, kommunedirektør i Senja kommune, ser ut til å ta ein slags sjølvkritikk – om enn med velkjent kommunal underdriving og endå meir kommunal skuldavleiingsprat. Ho erkjenner at dei må ha tettare kontakt med sjukemeldte, og ho har forståing for at saka har vore krevjande for Kirsti, i tillegg til leiarar internt i kommunen.

Helsesektoren er notorisk tung å jobbe i, ikkje berre på grunn av ugunstige arbeidstider og tunge stell, men òg på grunn av dei emosjonelle utfordringane til målgruppene. Etter langt om lenge ser Stortinget ut til å ha erkjent den viktige psykososiale faktoren i arbeidsmiljøet, sidan dei i juni i år vedtok nye reglar i Arbeidsmiljølova, som ifølgje Fagbladet «får betydning for alle som jobber for og med mennesker».

Sjå òg «Lovendring ser ut til å ta det psykososiale arbeidsmiljøet på alvor», publisert 7.juni 2025.

Det er eit stort tal eldsjeler i helsesektoren og andre sektorar som er lojale mot arbeidsgjevar og gjer sitt beste dag ut og dag inn. Dette har diverre sine baksider. Folk har ein lei tendens til å brenne seg ut om dei tek jobben for alvorleg. Ein lever ikkje for å jobbe, ein jobbar for å leve. Det treng derimot ikkje berre vere utbrentheit som gjer at folk «går lei» av jobben. Eg vil avslutningsvis trekkje fram organisasjonspsykolog Sisilie Lustrup og ein artikkel som vart publisert i Finansavisen 10.august 2025. Ho skriv om fenomenet boreout (av boring «keisamt») som er den lite kjende «systertilstanden» til burnout (utbrentheit):

«Boreout rammer ikke de late, men de lojale, de som møter opp, de som leverer det nødvendige, men som mentalt har koblet ut. Ikke fordi de ikke vil bidra, men fordi arbeidet har mistet retning og relevans. Det ytre engasjementet er intakt. De deltar i møter og besvarer e-poster, men det indre engasjementet er borte.»

Og vidare:

«De færreste ledere ønsker en organisasjon fylt av folk som bare holder ut. Likevel er det nettopp det som skjer i flere virksomheter i dag. Ikke på grunn av ytre press, men indre frakobling.

Vi er blitt flinke til å oppdage slitasje fra høyt tempo, men dårligere på å fange opp stagnasjon og passivitet. Når en medarbeider ikke lenger utvikles, utfordres eller føler at det de gjør betyr noe, forsvinner noe viktig. Først motivasjonen. Deretter lojaliteten. Og til slutt, initiativet.»

I våre dyrtider har jobben for mange blitt eit naudsynleg vonde, omtrent som å gå til tannlegen, gjennomføre gastroskopi eller betale skatt. Keisemd på jobben fører ikkje naudsynlegvis til lågare produksjon, men svakare teamkultur. Den indre motivasjonen blir ifølgje Lustrup svekt fordi dei tre psykologiske grunnbehova ikkje blir oppfylt over tid: autonomi, kompetanse og tilhøyrsle.

Ein kan gjerne spørje seg sjølv: om ein tilsett gjer ein god jobb og ingen ser det, har den tilsette likevel gjort ein god jobb?

Mange vil risikere å møte seg sjølv i døra. Stillstand er tilbakegang, som det står på Tuborg-ølboksane mange sannsynlegvis søkjer si trøyst i etter nok ei meiningslaus veke på jobb.

Kommenter innlegget